Samling bruddstein av en nærmest trekantet form. Plassert på berget, en liten forssenkning i midten. Noe mose på steinene, en liten furu i N-kant. Sidene i trekanten ca 2 m h ca 0,3 m
Beskrivelse fra lokalitet:
Funn av flintavslag i oppdyrka jord. Det er ikkje spor etter kulturlag på staden, men området er heilt oppdyrka i gamal tid. Her har vore husmannsplass i nærleiken. Området er meir å rekne som funnstad enn eit aktivitetsområde.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten ligg i eit kuppert terreng, med eit fuktig jordsmonn. Terrenget hallar mot nord og nedmot vågen. Avstanden frå vatnet er ca. 100 meter, høgda over havet er omlag 11-12 meter. I dager området beitemark, som er på veg ut av bruk og difor noko attgrodd, noko beiting av storfehar gjort grunnen mykje opptrakka. Området som funnstaden ligg på er avgrensa med fleire høgebergkollar og desse gjev god livd for nordavinden i området. Lokaliteten skil seg frå detkringliggjande området med at grunnen her er turrare. Området elles er mykje vassjukt. Flatenmellom kollane ligg noko høgare enn bakken elles. I dag er det grastorv på lokaliteten.
Fornminne: Kullgrop. Knapt synlig grop, overvokst med blåbærlyng og noe einer, vanskelig å definere formen, men nærmest bolleformet, ikke synlige voller, rikelig med trekull i bunnen, ikke trekull i marka rundt, altså ikke skogbrann, må derfor være kullgrop, diameter 3 m, dybde 0,4 m. NB! Se rapport av 20.11.98. Gjennom reguleringsarbeidet ble R8 regulert til spesialområde bevaring.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten vart først funnen i kjørespor etter traktor på marka. Etterpå vart utstrekning og funn og dokumentert gjennom prøvestikk. Funnstaden ligg på dyrka mark ein 50 meter søraust omlokalitet 1. Frå lokaliteten er det omlag 150 meter nordaust til tunet på bruk 121/3. Mot søraust er det vel 30 meter til løa på bruk nummer 2, no under bruk 3. Det går ein markaveg over søre del av lokaliteten og ned til nokre utleigehytter. Vegetasjonen på området er gras og høymole, i søre kant veks det ein eldre granhekk i grensa til bruk nummer 2. Lokaliteten ligg på to nivå, der austre del ligg 11-12 meter overhavet,medan vestre del ligg 1-2 meter lågare. Lokaliteten er delt av ein mindre bergkolle i nord og ein slak bakke i sør.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mengda funn viser at det er vestre del som ermest rik på funn. Funn av bergarten rhyolitt viser at lokaliteten kan plasserast til tidlegaste del avyngre steinalder, eller er godt og vel 6000 år gamal. Dei eldste laga på lokaliteten er mykje uroaav dyrking, utbreiinga på lokaliteten kan likevel setjast til 20 ganger 30 meter. Sentrum for loka-liteten er kring prøvestikka 1-2-3.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg i flatt lende ned mot kaien i Førde sentrum. Området ligg like sør om gards-vegen opp til Fjørtofthuset. Området er gamalt åkerland, mellom 3,5 og 5 meter over havet. Ei samling med 8 anleggspor sett på som kokegroper ligg i nordvestre del av marka som strekk seg frå den gamle butikken i Førde sentrum og opp til vegkrysset med lensmannskontoret. Området er i dag ikkje dyrka, men nytta som slåttemark for grasproduksjon og beite.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Det er lite drenering av området, då det er sandbotn under jordlaget. Funna ligg i nordre og nedre del av ei 25 meter lang sjakt med ei snitt breidd på 4,5 meter. Området med kokegropene vart utvida og det vart i nordre del opna eit område på 100 kvadratmeter.I sjakta er det synleg spor etter ei nyare drenering/kloakkgrøft i området. Resten er i alt 8 groper av ulik storleik. Desse er gjeve intern nummerering frå A6 - A13. Den interne lokaliseringa viser at A7, 8, 9, 10 og 12 ligg tett saman i ein konsentrasjon, medan A6 og 11 ligg for seg sjølv. Det vart tatt ut trekol til radiokarbondatering frå kokegrop A10, som gav 1690 +/- 70 14C år (T-14515). I kalenderår stammer trekolet frå år 255 -425.