Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg omlag 50 meter aust for lokalitet 3, denne ligg tett opptil den gamle tingstova i Førde. Området er ein del av det samme jordet som lokalitet 3 ligg på, men ligg då i austre kant, tett inntil husa og vegen ned til kaien. Her er det opna 2 større sjakter med i alt funn av 5 kokegroper og ein struktur med eldskåren stein. I motsetnad til lok 3 er kokegropene spreidd over eit større område. Dei ligg med fleire meter i mellom på høgste delen av strandflata, her rundt 4-5 meter.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I samband med kokegrop A4 vart det gjort funn av flint og ein strandstein truleg nytta som knakkestein. Det var berre kokegropene A3, A4 og A5, som vart undersøkt. Strukturen med eldskåren stein var rest av ei nedgraving, utan at det var råd å gjeva noko nærmare tolking av funksjon. Det vart tatt ut trekol frå kokegrop A3 og A5 som gav høvesvis 1905+/- 105 14C år (T-14514) og1960 +/- 50 14C år (T-14516). I kalenderår stammer trekolet frå år 0-240 og 5-115.I samband med sjaktene ved lokalitet 4 vart det observert eit lag med trekol, her tolka som resul-tat av ei tidleg avbrenning av vegetasjonen i området.
Beskrivelse fra lokalitet:
funnstad for steinøks, frå Solheim gnr 119 er det informasjon om funn av ei steinøks. Dette er ei øks av vespestad type og er funne nede på Nedrebøen. Dette området er i dag teken med i plan for regulering og det vart difor gjort forsøk på å finna funnstaden og undersøkja om øksefunnet representerer ein buplass ellerer eit lausfunn. Det er ikkje gjeve noko nærmare informasjon om funnet i tilveksten anna enn atden er funne laust i jorda.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Nedrebøen ligg slik namnet seier nedanfor tunet på prestegarden, i dag er løa reven og det går ein enkel veg over området. Området ligg som ei hylle i terrenget, her er det utsyn mot nord, vest og sør. Vegetasjonen er gras og hatlekjerr i kantane ned mot bakkane nedanfor og ned mot bek-ken i sørvest. Funnstaden ligg mellom 60 og 80 meter sørvest for tunet på prestegarden. Det vart tatt fleire prøvestikk på flaten på begge sider av gardsvegen, men berre to av desse var funnførande og då med nokre få avslag i flint. Desse låg lengst nord på terrassekanten. Prøvestikka viste at områdethar vore intensivt dyrka og at det ikkje var råd å identifisera eit kulturlag i tilknytning til funna. Øksa og flinten viser at staden har vore nytta i yngre steinalder.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg på dyrka mark med grense ned til busett område. Funna ligg på nedste del av eit jorde, ned mot bustad og butikk område i sentrum. Lokaliteten ligg vel 60 meter nordaust for vegen ned til Førde sentrum og vel 10 meter frå eigedomsgrensa til bruk 121/64. Lokalitetenstrekker seg 30-40 meter i nordaustleg retning mot bakkebrotet ned til bekken.I dag er det ein relativ flat grasbakke på staden, men det har vore planert på staden, slik at lokali-teten i dag ligg under større mengder med matjord. I kanten av søkesjakta observerte me at det er opptil ein meter med overdekning med jord. Under dette kjem me ned på finkorna sand og grus.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I brotet mellom den nedste flaten og den opprinnelege bakken finn me lokaliteten frå steinbrukande tid. Her er flint og kvartsitt og jaspis. Langs med brotet finn me eit relativt tjukt lag med trekol og oske liggjande i øvste del av sandlaget. Formene og typane av reiskap og råstoff viser oss at det her er tale om ein buplass frå siste del av eldre steinalder. Utstrekninga er på vel 30 ganger 10 meter med ein konsentrasjon av funna vel 20 meter frå kanten ned mot bekken. Distribusjonen av funn frå lokaliteten minkar ned mot eigedomsgrensa, dette kan tyde på at det her har vore ei eldre strandlinje. Lokaliteten ligg etter kartetpå 14-15 meter. Det vart tatt ein prøve for radiologisk datering. T-14517, Førde 121/5. Prøven gav verdien 6660+/-140 eller til tidsrommet 5630-5440 før kristi fødsel. Den radiologiske dateringa høver slik saman med den typologiske dateringa av gjenstandsmaterialet frå steinalderbuplassen.
2006: Fordelt på to søkesjakter ble det avdekket rester etter et forhistorisk dyrkningslag, såkalt gammelåker. Under dyrkningsflaten ble det i den ene sjakta avdekket to kokegroper. I bunn av dyrkningslaget ble det også funnet en kniv eller sigd av flint. Dyrkningslaget dekker en samlet flate på ca. 12 x 20 m. C14-datering dyrkningslag: BC 1045-940 (lab.ref. NTNU: TUa-6842). Kokegrop S1: BC920-805 (lab.ref. NTNU: T-19090).
2021: I samband med den arkeologiske registreringa for Viken Park hamna denne lokaliteten innanfor planområdet. Vi starta sjaktene våre (S219-221) rett på utsida av lokaliteten. Ingen fleire funn vart gjort. Derimot er det truleg at vår lokalitet ID 285083 på andre sidan av Sarpsborgveien kan vere ei fortsetting av kulturlaget på ID 106318.
Lokalitet 7 er to sikre røyser og ei meir uviss røys, desse vart funne under 30 cm. med jord i søkesjakta lengst ut mot bakkebrotet mot elva i nord. Dei sikre røysene ligg vel 8 meter frå bro-tet ned mot bekken og vel 15 meter frå eigedomsgrensa til bruk 64. Den meir uvisse ligg vel 4-5 meter frå brotkanten vel 10 meter frå bytet til bnr 64. På staden er det no grasvegetasjon og noko tre og buskar veks i brotet opp mot flata. I området har det frå gamalt av vore veg opp langs med elva og vel 20 meter lenger mot aust er det gamle kryssningspunktet/vadet. Me kan framleis i dag fylgja det gamle sti/vegfaret i kant med området for røysene og ned brotet til bekken. I sjakta der røysene vart påvist, kunne me sjå at røys 1 og 2 låg oppå eit markert lag med sand og trekol. Røysene vart difor først tolka som branngraver, noko me frå informasjonar i arkivet kjen-ner til frå før i området. I arbeid med dokumentasjonen vart det klart at røysene låg over dette trekolhaldige laget. Me måtte difor ha ein underliggande lokalitet som måtte vera eldre enn røysene. Me la difor vekt på å reinska opp oveflata av trekollaget og i samband med dette arbeidet vart det og gjort funn av steinartefakter. Me hadde slik kome over ein steinalderlokalitet ¿ lokalitet 6, som låg under massar på opptil meteren med jord. Røysene er difor truleg ubrende gravermest truleg frå jernalderen.
Fornminne: Fangstgrop. Stor vid grop med traktformet bunnparti, klare voller, ei bjørk vokser i gropa, ytre diameter 5,5 m, indre diameter 3 m, dybde 1,3 m. NB! Se rapport av 20.11.98. R10 er gravet ut av Universitetets Oldsaksamling.