Beskrivelse fra lokalitet:
På lokaliteten vart det registrert restar etter ein gravhaug. Denne viste seg som ei sirkulær nedgraving, med brun humushaldig masse samt noko kol. Flekkvis var massa mørk brun. Det er enkelte små stein i nedgravinga, samt tre større, relativt nær kanten. Strukturen er 7.10m lang og 3.8m brei- ikkje fullstendig avdekt i denne retninga. Undergrunnen er av grå leire og strukturen var dekt av omlag 40 cm matjord.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Gravhaugen har truleg vore sirkulær med ein diameter på om lag 7 m.
På lok 4 vart det opna 3 sjakter, to var funnførande i form av mektige fossile dyrkingslag og mogleg kulturlag. Tre fasar med fossil dyrking vart påvist. Dyrkingslaga ligg godt bevart under om lag 50 cm med moderne matjord. Dateringane frå dei fossile dyrkingslaga spenn seg frå eldre bronselader til overgangen mellom folkvandringstid og merovingertid.
På lok 5 vart det opna 7 små sjakter, 5 av desse var funnførande. Under mektige fossile dyrkingslag var det registrert strukturar i form av stolpehol og moglege veggrøfter. Dateringane frå området går tilbake til eldre bronsealder.
Steinbu med mål 6 x 4 m. Orientert N-S. Den er inngravd i bakken i N. Jordvoll i V. Det går ei grøft rundt bua, utenom i S. Bua er bygd av flate steiner og heller, med en trevegg mot S. Taket er steindekt. Murtykkelse: 1,5 x 2 m. Murhøyde: 1,5 m. Det er 2 m opp til gavlen.