Indre mål på kolgropa er AV 1,8 meter, NS 1,2 meter. Oval i forma. 10 cm tjukt kollag i botn. Vollen rundt mila er svært låg. I tillegg er kolgropa heller ikkje særleg djup, ca 30 cm, så ho er ikkje enkel å få auga på. Me rensa vekk ein heil del smårogn som hadde skote opp inne i kolgropa. Det er kanskje naturleg å sjå A:18 i samanheng med A:19, A:22 - A:27 og A:54. 10 cm tjukt kollag i botnen av kolgropa, elles det same ljose grå utvaskingslaget og raudmolda / sanden som er å finna andre stader over heile området.
Kolgropa er firkanta i forma innvendig, og omgitt av ein kraftig rund voll. Indre mål: 2 x 2 meter. Ytre mål er det doble. Vollen er særs kraftig og breidda er opp til 1,5 meter, medan høgda varierer mellom 50 - 80 cm. Kollag påvist i ytre deler innvendig og er opp mot 15 cm tjukt. Ligg ca 70 - 80 meter frå A:18 og kan tenkjast å ha ein samanheng med denne og resten av anlegga A og S for Røldalstjørn.
Kolgropa er noko firkanta med avrunda hjørner. Indre mål 1,5 x 1,5 meter. Ujamn i djupna pga fururøter. Ca 5 cm tjukt kollag i botn. I NV hjørnet, ved furustammen, ligg ei rektangulær helle, 35 x 50 cm. Ei stor maurtue ligg rett A for kolgropa. Det er omlag 70 - 80 meter NNA til A:14 og same avstand NA til A:15. 5 cm med kol i botnen av mila, elles ljost grått utvaska sandjordslag med raudmold / sand i vollen og rundt.
Kolgropa er heilt rektangulær, har innvendige mål på 2,1 meter NA - SV og 1,1 meter NV - SA. Den er ca 60 cm djup og har eit kollag på opp mot 7 cm i botnen. Markert voll rundt kolgropa.
Kolgropa er rektangulær, og dei indre måla er 1,8 meter A - V, og 1,2 meter N - S, mælt omlag 10 cm over botnen. Kollag på vel 5 cm i botnen. A:22 ligg omkring 20 meter svakt NNV for A:24 (kolgrop)og 35 - 40 meter NNV for A:54 (jernvinneanlegg og slagghaug).
Dei indre måla på kolgropa er 1,3 meter A - V og 1,1 meter N - S. Måla er tekne ca 10 cm over botnnivå. Forma er svakt rektangulær. Trekollaget er varierande, men fleire stader opp mot 10 cm tjukt. Tydeleg voll rundt, spesielt i V der det og ligg noko stein i vollen, noko som me i første omgang tolka som ei mogleg jernvinne då det og var ein del trekol i jordmassane rundt steinane. Men etter å ha undersøkt området rundt, kunne den tanken avkreftast. Trekolet er høgst truleg utkast frå kolgropa (A:24). A:24 ser eg i samanheng med Kolgropene A:22 og A:27, stein / hellelegginga A:26, samt jernvinneanlegget A:54 (sjå desse i same rapport).
Kolgropa er klart markert i terrenget, bortmot 1 meter djup og med 1,5 - 2 meter breide, oppkasta vollar. Forma er sirkulær med ein indre diameter på 1,2 meter målt ca 10 cm over botnen. Indre diameter målt i øvre kant er 2 meter. Ytre diameter, dvs frå vollen sin ytre kant, vert då omlag 5 - 6 meter. Ligg omlag 25 - 30 meter SSV for jernvinneanlegget (A:54), 35 - 40 meter SSV for A:24 (kolgrop), 60 meter SSV for A:22 (kolgrop) og saman utgjer kanskje anlegga eit samla kompleks.
Gravd ut i 2022.
Kolgropa er noko rundoval i forma. Innvendige mål mælt ca 10 cm over gropbotnen er 1 meter N - S og 1,2 meter A - V. Ca 60 - 70 cm djup. Trekollag på 5 cm. Ligg berre 5 meter frå A:29 (kolgrop) og er sannsynlegvis samtidig med denne.