Sjakta er teikna i flaten i skala 1:100, der alle strukturar er teikna inn og dei nyare tids dreneringsgrøfter. Strukturane er igjen dokumentert i 1:20 skisser både i flate og profil. Strategrafien under eit er delt mellom torv og dyrkingslag og undergrunn. Undergrunnen er i søraustre del raud-orange på farge, medan den i nordvest er grå og noko meir steinete. Klart markert fyllskifte i overflata, mest heilt rund og omlag 50 cm. i diameter. Fyllmassen av grå kolblanda sand. Snittet viser at strukturen er vel 10 cm djup og flat i botn. Nedgravinga minner mykje om eit stolpehol. Struktur 4 er eit klart markert mest rundt fyllskifte i overflata. Omkrinsen er vel 65 cm. Profilen viser at nedgravinga er vel 15 cm. djup. Ut i frå profilen er det ikkje råd å avgjera kva strukturen representerer. Struktur 5 er eit klart markert fyllskifte i overflata. Omrisset er likevel noko vanskeleg å avgrensa, då deler av strukturen er svært grunn. Utstrekninga på strukturen er vel 160 cm. medan djupna er berre 4-6 cm. I deler av strukturen er det noko småstein. Dette saman med flekkvise konsentrasjonar gjer det mogleg å tolke denne strukturen som ein eldstad, der øvre del er bortpløgd. Struktur 7 er eit noko rektangulært fyllskifte klart synleg i overflata. Utstrekninga er på vel 40 cm. i lengde og 30 cm. i breidd. I den nordvestre delen av strukturen stikk det opp ein flat stein, som kan tolkast som ein skoningstein. Profilen viser at fyllskiftet strekker seg vel 10 cm. ned i undergrunnen. Under dette har ein eit lag av lys sand. Snittet viser at nedgravinga er flat i botn og rett i kantane. Dette gjev grunnlag for å sjå struktur sju som rest av eit stolpehol. Struktur 8 er eit klart synleg fyllskifte, det er rundovalt med måla 60x55 cm. Fyllmassen er gråbrun, feit sandjord, med noko trekol i. Profilen viser at botn på nedgravinga er mest flat og der sidene er rette. Dette gjev igjen grunnlag for å sjå denne strukturen i samband med nedre del av eit mogleg stolpehol. Struktur 10 er eit klart markert fyllskifte. Her er stein og trekol like under dyrkingslaget. Deler av denne strukturen ligg framleis under grøftekanten, slik at det ikkje er gjort noko fleire undersøkingar av strukturen. Struktur 11 er ein flekk med kolhaldig jord, vel 50x40 cm. i utstrekning. Denne vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 12 er ein flekk med kolhaldig jord omlag 60x40 cm. i utstrekning. Denne vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 13 er ut i frå overflata her tolka som eit mogleg stolpehol. Denne vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 14 er ut i frå overflata her tolka som eit mogleg stolpehol. Denne vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 15 er eit markert fyllskifte. Strukturen har form som ei grøft som går i vinkel. Strukturen kan ha samanheng med struktur seksten, som ligg noko lenger sørvest. Grøfta vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 16 er eit markert fyllskifte, noko langstrakt og forsvinn inn i kanten av sjakta. Breidda er 35-40 cm mest over det heile. Massen synest å væra av same konsistens som i struktur femten. Strukturane utgjer truleg fleire einingar, det er oppdaga to sikre eldstader og fleire stolpeholnedgravingar. Ein kan likevel ikkje setja desse i umiddelbar samanheng med kvarandre gjennom ein indre orden. Strukturane 15 og 16 er nokre grunne grøfter som går på tvers av dreneringsgrøftene, desse kan ut i frå for og plassering tolkast som spor etter ein eller fleire huskonstruksjonar. Det høge talet strukturar gjorde det naudsynt å gjera ei prioritert undersøking strukturane. Strrukturane med nummer 10 og nedover er såleis ikkje undersøkt. Desse har i flata då same form som dei andre og er truleg strukturar på lik linje med nummerane 1-9. Struktur 5 - eldstad viser ei datering til førromersk jernalder med ei datering til 395 BC. Dette viser at ein har minst ein fase representert i området. Resultata frå andre lokalitetar gjer det truleg med eldre fasar representert, t.d. kan flateretusjeringsavslaget funne i struktur 5 væra frå ein eldre fase.
Heller påvist oppe i Fagerdalen. Helleren er vel 12 meter lang og 1,5 meter djup på det djupaste. Lokaliteten er dokumentert i flaten. Lagdelinga i lokaliteten er og teikna i skala 1:10. I frå kulturlaget sin nedre del er det tatt ut trekol til radiokarbondatering. Dei stratigrafiske tilhøva på lokaliteten synest å væra meir upåverka av nyare tids aktivitetar. Dette trass at den ligg kloss i ein gamal husmannsplass og i dag er ein del av opparbeida jorde. Den aktivitet som har gått føre seg i helleren har vore avgrensa til øvste del av torvlaget. Den stratigrafiske situasjonen viser grovt sett ei tredeling, der ein har eit overflatelag (torv) på vel 10 cm. Under dette kjem det eit lag med mørk brun jord blanda med trekol. Under dette har ein eit lag (lag 3) av tettpakka stein, dette laget er blanda med fyllmasse frå laget over. Lag 4 er igjen eit mørkt kolhaldig lag, som ligg godt verna under det kompakte steinlaget. Under dette kjem eit lag av lys brun jord, med noko stein, men ikkje trekol. Det er eit spørsmål om lag 2, 3 og 4 ikkje utgjer eit og same lag. Konsistensen til lag 2 og 4 er den sams i tillegg til at fyllmassen i lag 3 og er lik. I denne samanhengen har eg valt å sjå dei som separate lag, då det ikkje er klart kva steinlaget (lag 3) er. Funn av keramikk truleg tilhøyrande lag 3 eller 4 indikerer at det er eit kulturlag av noko slag. Helleren vart gravd ut av Bergen Museum i 1997, totalt 6 m2. Det vart påvist ein eldstad, som vart datert til tidsrommet 155 f.Kr. - 115 e.Kr. Ei dateringsprøve tatt ut djupare i laga vart datert til tidsrommet 2290 - 1940 f.Kr. Ein trekolprøve datert av Hordaland fylkeskommune ga datering til Merovingertid/vikingtid.
2024: Geometrien korrigert jf. original registreringsrapport.
Lokaliteten er teikna i flaten, det funnførande prøvestikket er dokumentert i profil. I det funnførande prøvestikket på lokaliteten er det i alt identifisert 4 lag. Ingen av laga har spor etter trekol. Lag 2 synest å væra eit dyrkingslag. Her er det no funne bitar av nyare tids fajanse og steintøy. Flintavslaget vart funne i overgangen mellom lag 2 og 3. Området er i dag nytta til beite for storfe, noko som fører til mykje trakk og omroting av massane. Plassen lokaliteten ligg på er og utsett for ein del vassig, slik at lagdelinga på lokaliteten er meir tilfeldig enn reell. Til dømes vil ein utvasking av trekol frå laga væra hyppig førekommande. Lokaliteten synest å væra liten. Det er eit funnførande prøvestikk med eit flintavslag i. Storleiken og plasseringa gjer det naturleg å sjå den i samanheng med lokalitet 13 noko lenger aust. Ein kan såleis med visse atthald plassere lokaliteten til steinbrukande tid. Lokaliteten vart vidare undersøkt av Bergen Museum i 1997. Det vart gjort eitt funn av eit flintavslag i samband med avtorvinga. Massane her var særs omrota, og det er uvisst om dette eigentleg har vore ein førhistorisk lokalitet.
Det vart i samband med regsitreringa i 1996 tatt to prøvestikk på området lokaliteten ligg på. Fleire prøvestikk tatt noko lenger unna. Det funnførande prøvestikket er dokumentert i profil og lokaliteten er teikna i skala 1:100. I 1998 vart lokaliteten utgravd av Bergen Museum. Det viste seg å vere fleire bruksfaser på lokaliteten i tillegg til strukturar som vart tolka som restar av hus. Fase I er representert av lagene 3 til 13, mellom anna kulturlag frå innsida av Hus 1. Bunnen av dette kulturlaget (lag 7d) vart C14-datert til 4574 +/- 65 BP, dvs. til mellomneolitikum. Men det er og funne gjenstandar som må daterast til tidligneolitikum på lokaliteten, så staden har nok og vore bruk i det tidsrommet. Hus 1 består av veggvoll, steinmur og innvendig kulturlag. Tufta låg på lokalitetens N-del, og bestod truleg av eit ovalt rom på om lag 15-16 m2. Fase 2 er representert ved lag 2, og er ein seinneolittisk fase. Her vart det mellom anna funne ein flateretusjert dolk, to flateretusjerte pilspissar, samt flateretusjeringsflis.
Beskrivelse fra lokalitet:
Klart markert gravhaug beliggende inne på området for Toneheim folkehøgskole.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Klart markert haug. 14 m i diameter. Ca 1 m høy.
Fornminne: Liten oval grop. Direke ved et synlig grensemerke mellom eiendommene 3/342, 3/7, og 3/13/3 i et kupert skogsområde NØ for "Bustadv" 3/13/4. Ca 2 m i diameter. Trekull i bunnen.
Kolgropfelt. Kolgropene ligg spreidde på tørre kollar i beitelandskapet. Ein holveg går gjennom kolgropfeltet. Det er i alt 8 kolgroper på feltet, men det kan vera fleire i området.
Ei ny kolgrop registret 06.08.2024 lagt til og lokaliteten er utvida litt i sørvestre hjørnet inn på gnr. 82, bnr. 193. Den sist registrerte kolgropa ligg ca. 10 meter sørvest for tidlegare registrert kolgrop 5.
Innenfor området finnes det en steinring, minst ni rydningsrøyser, en røys, to steingjerder og en grøft. Rydningsrøysene er lave og vide med ett til to lag stein. Liten til mellomstor rundkamp. Steingjerdene ligger hhv i søndre og nordøstre del av lokaliteten. Grøfta ligger i vestre del. Det kan finnes flere kulturminner her enn det som er registrert. Ved kontrollregistreringen ble området utvidet. 8 av 9 rydningsrøyser ble gjenfunnet. Steingarden går rundt store deler av området. For detaljeringens skyld jf. geometri er steingardens deler lagt inn som egne enkeltminner, men det er naturlig å se delene som en helhet. Det samme gjelder for grøfta som har to deler og ligger som to enkeltminner.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet bestående av en mulig gravrøys.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mulig gravrøys. Den består av stein med naturlig overflatevegetasjon. Steinen har varierende størrelse, men formen på røysa tyder på gravrøys. Rund form. Avflatet midtparti, et lite søkke der. Avgrensningen er noe diffus i NNV hvor toppen går i nivå med bakken. En del stein er synlig, spesielt i SV-delen. Mosegrodd stein. Mål: Diameter ca. 10 m. Høyden er varierende fra jevnt med bakkenivå i NNV til maksimum 1 m. I NØ-delen av røysa er det gjort et inngrep (2 x 2 m.), hvor det er rotet ut noen stein. Man ser der store kampestein. Flere gran og bjørketrær vokser i røysa.