Beskrivelse fra lokalitet:
Mogleg gravhaug.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Anten gravhaug eller jordblanda røys. Den er ca 5,5 m brei (NA-SV retning), 8 m lang (NV-SA retning). Høgda varierar mellom 0,75 og 1 m. På gravhaugen veks 3-4 mindre bjørketre, elles gras. Noko større stein stikk fram i NV og SA.
Gravhaugen ligg svært fint plassert i terrenget og kan sjåast på lang avstand. Den er 7 m i N-S retning og 5,5-6 m i A-V retning. Gravhaugen er tydeleg plyndra, med eit stort krater i midten som måler ca 2x2 m, og ei nedskjæring som går i null i S, som ei forlenging av krateret i midten. Formen og storleiken på krateret i midten kan tyda på at det har vore ei sekundær bruk av gravhaugen, som potetkjellar eller fundament for bygning. Med søkket i midten som sentrum er gravhaugen noko breiare i S. Massen frå midten av haugen er kanskje lagt her. I N er den noko skada pga dyrking.
Fra Per Fett, 1954: Røys på ein bergknatt i Rosten, i bratt ulende mellom sjøen og riksvegen, 500-600 m N for fk. 10. Er 8 x 9 m vid, 1 1/2 m høg, men skal ha vore 1 m høgare, før ho vart utkasta av nokre austmenn for ein 60-70 år sidan. Nær vestkanten er ei open kiste, 1,8 m lang N - S, 0,6 m brei og djup, sers fint og jamnt mura av små heller. Her ligg ei rektangulær, tilslegen helle, 1,2 m lang, 0,65 m brei og 15 cm tjukk. Ingen veit om her er funne noko.
Fra Per Fett, 1954: Bygdeborg. Består av ein mur, som er noko nedrasa, men framleis over 1 m høg på sine stader. Etter steinmengdene å døme, kan han ha vore eit par meter høg. Frå stupet mot V går han 20 m mot O. Dei neste 7 m er det lite att av, men han har her gjort ein sving mot N, for lendet skuld, og enda i ein 2-3 m høg bergvegg. På toppen av denne held han så fram ein 12 m til stupet mot O. Det er lett å kome opp frå S om lag 1 km å gå frå garden i jamn stigning. På flata er eit søkk mellom småhumpane, truleg tilsigne restar av eit vasshol eller ein brunn. Hertzberg skriv at då dei grov i eit søkk på flata nedunder stupet på nordsida, 30 a 40 alner (vel 20 m) frå toppen fann dei "en af de sædvanlige Steenkrukker eller Urner". Like under stupet på O-sida er funne ein handkvernstein. På Børvehovden har det vore brent både vite og brising. Han er synleg over heile Sørfjorden.
Beskrivelse fra lokalitet:
Hellar. Den ber prega av å ha blitt brukt som smie i nyare tid; mykje slagg ligg spreidd rundt på overflata i hellaren, no fungerar den som lager for div. utstyr.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Hellaren har to "rom" inst, eit i V og eit i A, som kvart er 10-15 kvm stort, og har ei høgd på 2-4 m. I kvart av desse "romma" vart det teke eitt prøvestikk.
Beskrivelse fra lokalitet:
Stor gravrøys hvor det har vært et bygg sattt I sentrum av røysa I moderne tid.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Stor sirkulær gravrøys. I sentrum av røysa er det en stor rektangulær grop. Den er tolket som tilhørende en bygning. Det er flott utsikt fra røysa.
Muren er fint oppbygget av større og mindre bruddstein, de største i bunnen. Den følger terrenget og går delvis rett, delvis i svake buer med hovedretning N-NNØ-S-SSV. Partivis mangler den helt umotivert (se skjematisk skisse). Stort sett er den meget godt bevart og ikke utrast, unntatt i 1m's l noe N for midten og i 2m's l 16m S for N-enden. Muren er ubetydelig mose- og lavgrodd. Samlet l ca 125m, br i bunnen inntil 1m, på toppen inntil ca 0,5m. Ytre h 0,75-1,6m. Muren er sikkert ikke forhistorisk. Dens dominerende beliggenhet i forhold til den gamle bygdeveien gjør det naturlig å se den som et forsvarsanlegg i forbindelse med krigene mellom Norge og Sverige på 17-1800-tallet. En plass ved åsens Ø-side kalles "Vakthaugen".
Fra Per Fett, 1954: Røys på eit nes utom Askeviki, 2 1/2-3 km SV for garden. Ligg frampå ein bergknaus 30-40 m NV for pynten på neset. 10 m i tvm., 1 1/2 m djup. Før var det synleg ei open kiste i røysa.