Fra Per Fett, 1954: Steinkross står på neset Steinkrossen der Samlen og Sørfjorden møtest. Han er gjord av to langsmale heller samanfelde til kross. Men i 1626 stod her ein høg stein, reist til minne om lagmann Sigurd Brynjulfsson Aga som drukna utanfor her.Truleg den same som nå, 7 alen (4,5 m) høg, 1 1/2 quarteer brei og 1/2 q. tjukk (24 og 7,5 cm). På toppen var ein "korss aff vegsteen huggen oc er samme korss 1 all: [sjællandsk] langt oc 1 all: s: bredt; oc vender samme korsiss kanter udi nor oc sør."
Fra Per Fett, 1954: "Smidjehaugen" på ei lita flate framfor husa, så å seie i tunet. 12 m i tvm., 2 m høg, jordblanda røys med torvdekke. (Gustafson noterer 1889 tvm., 17 m ) Det veks store bjørker på haugen. Bilete: Bakka 1963 fig. 71. Stort sår til midten frå N, ikkje til botnen. B3541 mellom steinane i toppen, der det er mykje kolrestar og B10499 vart funne.