Hustufter. Mål: Begge omlag 4 x 3 m, NV-SA. Desse to tuftene ligg like SV for tufta R13, Sutarebrekka. Dei er heilt overgrodde, men vollane er framleis synlege. Nyregistrert hausten 2006.
Kolgrop. Mål: 4,5 m i diameter (ytre), 2,5 m i diameter (indre), 0,5 - 0,6 m djup. Kolgropa ligg A for T-merket tursti, og like S for kolgropa R7, Sutarebrekka. Det vart påvist eit omlag 30 cm tjukt trekollag. Vollen er fråværande/utydeleg i A. Nyregistrert hausten 2006.
Slagghaug/jernvinneanlegg. Mål: 7,0 x 6,8 m. Den øvste delen av slagghaugen ligg 8 m V for det sørvestre hjørnet på den steinbua som ligg lengst N på Storrli. Sjølve omnen vart ikkje undersøkt i samband med registreringa i 1989. Slagghaugen er ikkje synleg på overflata. I prøvestikket kunne ein sjå eit 23 cm tjukt slagglag. Her var det også ein del omnsforing. Ei C14-datering av trekol frå lokaliteten ga verdien 2070 ± 70 år før notid, med ei kalibrert datering til omlag år 101 f. Kr. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Kolgrop. Mål: 4,5 m i diameter (ytre), 2,7 m i diameter (indre), 0,4 m djup. Det vart tatt eit prøvestikk midt i gropa. Her vart det påvist eit 9 cm tjukt kompakt trekollag. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Beskrivelse fra lokalitet:
Høg opplødd grunnmur etter kvernehus og pillar i omleda bekk. Men kvernhuset og kvernsteinane blei flytte til Nepstad. Kvernakselen ligg på Auster Sunde.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Grunnmur etter kvernhus.
Tuft. Mål: 4,1 x 3,8 m, SSA-NNV. Nordvestre hjørne på tufta ligg 12 m SV for sørvestre hjørne på den sørlegaste steinbua på Storrli, og på ei flate rett under det høgaste punktet på Storrli. Det vart påvist eit lag med trekolblanda jord med slagg og brent leire i eit prøvestikk inne i tufta. Tufta vart registrert av L. E. Narmo 1989.
Tuft. Mål: 12,0 x 5,7 m, N-S. Tuftene R4 og R5 ligg på rekkje med gavlveggene mot kvarandre. Eit funnførande prøvestikk vart tatt inne i tufta. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Tuft. Mål: 12,0 x 5,7 m (R4 OG R5), N-S. Nordvestre hjørne av denne tufta ligg 27 m SSA for sørvestre hjørne på den sørlegaste av steinbuene på Storrli. Eit prøvestikk som vart tatt inne i tufta var funnførande. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Beskrivelse fra lokalitet:
Tufter etter gardsbruk, uthus i vest, setehus i aust. Her budde folk frå 1832 til 1930-åra og dessutan i 1945-1946. Dei siste husa som stod her, blei bygde i 1890-åra, men gjekk gradvis til grunne, uthuset frå 1940-åra, setehuset frå 1970-åra. Husa var tekte med torv.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tufter etter gardsbruk, uthus i vest, setehus i aust, bygde i 1890-åra, uthuset forfall i 1940-åra, setehuset forfall frå 1960-åra og utetter. Dei var tekte med torv. På dette gardsbruket var det busetnad frå 1832 til 1930-åra, dessutan overvintra Sunde-mordaren her i 1945-1946.