Kolgrop. Mål: 6,7 m i diameter (ytre), 3,7 m i diameter (indre), 0,45 m djup. Kolgropa er noko attfylt med stein. Prøvestikk var ikkje tatt. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Jernvinneanlegg. Staden ligg på toppen av ein kolle omgitt av myr. På den nordlege delen av kollen ligg eit tjukt lag morenegrus; sjølve framstillingsområdet ligg her. Her er registrert ein konsentrert slaggvoll samt ei blestertuft. Vollen er 10,8 x 11,0 m (ytre) og 2,9 x 3,4 m (indre). I tillegg er her eit område med slaggblokkar og omn N for blestertufta. Ei C14-datering av ei trekolprøve frå R1a ga verdien 1620 ± 80 år før notid, med kalibrert alder til år 420 e. Kr. Og frå ei trekolprøve frå anlegget R1b fekk ein verdien 1890 ± 50 år før notid. Registrert av L. E. Narmo 1989.
Kolgrop med sidegrop. Mål: 4,0 m i diameter (ytre), 2,8 m i diameter (indre), 0,35 - 0,40 m djup. Gropa ligg 1 m A for stien som går på austsida av bekken, i retning mot Djupsgjelet seter. Den ligg på ein tørr løsmasserygg. Registrert av L. E. Narmo og K. Randers 1992.
Kolgrop. Mål: 3,0 m i diameter (ytre), 2,0 m i diameter (indre), 0,4 m djup. Gropa ligg 2 m NA for stien innover mot Djupsgjelet seter, 45 m SSV for der stien krysser bekken og oppe på flata ved Høgemyrområdet. Ho ligg på ein tørr kolle/løsmasserygg i kanten av myra. Registrert av L. E. Narmo og K. Randers 1992.
Kolgrop. Mål: 4,5 m i diameter (ytre), 2,6 m i diameter (indre), 0,8 m djup. Gropa ligg nede i bakken N for stien mellom Veierslabrekka og Djupsgjelet seter, på spissen av ein løsmassetunge som går rett ned mot myra. Gropa er meget godt markert i terrenget. Registrert av L. E. Narmo og K. Randers 1992.
Kolgrop. Mål: 4,2 m i diameter (ytre), 2,6 m i diameter (indre), 0,8 m djup. Gropa ligg på ein løsmassehaug i bakken 10 m S for stien mellom Veierslabrekka og Djupsgjelet seter, og er tydeleg markert i terrenget. Registrert av L. E. Narmo og K. Randers 1992.
Tuft. Mål: 6,3 x 6,3 m, SSV-NNA. Tufta ligg 55 m S for steinselet på setra, ca. 10 m V for bekken, på ein flate noko høgare i terrenget enn selet. Veggane kan verte sett som låge høyninger med ein og annan stein stikkande i dagen. Dateringa til tufta er uviss. Registrert av L. E. Narmo og K. Randers 1992.