Torselekå (Torsheilega) eller Toreslegå (Toreslega)
opphav
Agder fylkeskommune
informasjon
Nesten nedst på grasvollen ligg det ein grunnmur på 5 x 3 m, opptil 0,5m høg, delvis nedrast, og ved sida av denne ligg det eit kjellarhòl. Her ser ut til å ha budd folk to gonger. Fyrst må her ha budd ein som må ha heitt Tor (uvisst når). Andre gongen, frå 1680-åra til 1696, budde her Jo Bjennson Eikjen (Jon Bjørnsson Eiken) g.m. Guri Ånensdotter Nøkland frå bruket "Ruste" på Nøkland og dei tre borna deira. Segna om busetnaden er blitt blanda i hop med ord som liknar på Tor, og med andre segner og vandresegner. Etterpå busetnaden var her driftelege frå 1700-talet til 1920. Då la driftehjuringane kvistar over kjellarholet så at ikkje krøter skulle detta nedi og skamføra seg.
Torselekå (Torselega eller Torsheilega) eller Torslegå (Torslega)
opphav
Agder fylkeskommune
informasjon
Her skal ha budd folk to gonger, etter segna. Den fyrste gongen budde her truleg ein som heitte Tor. Den andre gongen her var busetnad, var frå 1680-åra til 1696. Dei som budde her då, var Joen Biørnsen Egen (Jo Bjennsson Eikjen) ifylgje eit gamalt rettsdokument, og dessutan kona hans som heitte Guri Aanensdatter Nøckland (Guri Ånundsdotter Nøkland), og tre små born. Dei budde fyrst på garden Eikjen, men hadde så mykje gjeld at dei laut gå ifrå garden, og så busette dei seg som husmenn her i Nøklands driftehei til dess dei hadde tent seg opp nok til å ta garden på Eikjen tilbake på odel, seier segna. Kona var frå Ruste på Nøkland. Segna har spunne på seg fleire segner og vandresegner som må vera usanne, men hovudsaka i segna er rett om at her budde folk. Kjellarhol og grunnmurar syner ennå nedst på vollen. Så var her driftelege frå 1700-talet til 1920. Hjuringane (gjetarane) overnatta då i ei torvtekt steinbu øvst på vollen. Vollen er stor. Tidlegare voks der også gras oppetter fjellsida.
Tuft etter støl for garden Farhommen på ei kringle ute i myra, frå før 1896. Tuft etter jaktbu av stein lenger nordaust, bygd av Aslak Ambjennsson Fossdal ca. 1864. Tuft etter hytte nord for stølen, bygd av Arne Eptestøl i 1943, i bruk til 1960-åra.
Liten heller med teikn til livdemur under ei av steinblokkene nær ura, plass til 1. Ein må stiga ned ovanfrå for å koma ned i helleren. Dessutan er der trappetrinn opp til ein annan heller under steinblokk med steinete golv og med teikn til livdemur i kvar ende. Driftehjuriangar overnatta her på 17-1800-talet og fram til 1908. Namnet kan koma av at dei stengde for opninga med ein ljorestokk (ein lem til å stengja ein ljore med).
Beskrivelse fra lokalitet:
Åkerrein. Inntil ca 1 m høy, går over i svakt hellende platå på toppen av bakken. Overlagres av rydningsrøys (Askeladden 109088).
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Åkerrein. Inntil ca 1 m høy, går over i svakt hellende platå på toppen av bakken. Overlagres av rydningsrøys.
Beskrivelse fra lokalitet:
Åkerrein. Markert brink som avgrenser en åkerteig med 5-10 m bredde. 5-6 m høy, mye av dette er naturlig høydeforskjell i terrenget. Glidende overganger mot naturbakken.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Åkerrein. Markert brink som avgrenser en åkerteig med 5-10 m bredde. 5-6 m høy, mye av dette er naturlig høydeforskjell. Glidende overganger.
Åkerrein. Avgrenser åkerteig på 2-5 m bredde. Ca 1-1,5 m høy, glidende overgang mot naturlig fall i terrenget. Inntil ca 0,5 m brun sandjord ved sondering med jordbor. Rydningsrøys (Askeladden 109088) overlagrer dyrkingsflate og delvis selve reina.