Familien Dår auste på Håland laut selja mesteparten av gardsbruket i 1846 på grunn av gjeld, og så trekte dei seg tilbake hit og rydda denne plassen. Dei budde her til 1866 i ytterste fattigdom. Grunnmur med kjellar. Noko av grunnmuren er seinare blitt brukt til steingjerdet etter at Austerjordet blei delt opp under jordskiftet i 1876.
Hornsteinar etter laftebygd eldhus eller hytte / løe. Små dyrkingsrøyser i lia straks nordaustafor. Er truleg frå 1846-1866 då familien Der auste på Håland selde mesteparten av gardsbruket av økonomiske grunnar, men beheldt Austejordet, Sveimåsen og Øytjødnslåtå. Så seint som i 1924 blei det funne ei dør på bakken etter eldhuset.
Røys, tilnærmet sirkulær. Lagt opp av rundkamp og bruddstein av varrierende størrelse. Mosegrodd og klart markert. D 3,3m ØNØ-VSV, h 70cm i NNV (høyest på denne siden) Tilleg AFK 1996 v/K. Fønsterlien. To nye røyser registrert. Røys 1. Bygget opp av hodestore rundkamp. Orientert N-S L 5m, br 2m. Røys 2: Bygget opp av hodestor rundkamp. Røysen ligger tilsynelatende dypt. D 2m, h ca 25cm.
5 Stolpehull med diameter 50-80 cm. Stolpehullene ligger i jevn bue med noe ujevn innbyrdes avstand. Rett øst for stolpehullene vises uregelmessige avsetninger som kan tyde på at det har stått vann opp mot stolpehullene. Kanskje det kan være spor etter en bryggekonstruksjon? Stolpehull 5 er c14-datert til år 1020-1210.
Steinblokk med grenserøys oppå. Alt i 1599 blei det bestemt at soknestrengen skulle gå i bein line frå Russesteinen ved Blòmliknuten til Stongsteinen ved Vassland. Soknestrengen blei flytt på 1600-talet så at han kom til å gå rundt austsida av Øytjødnslåtå fram til Dalan. På 1600-talet blei Åmdalen utskild frå Håland. Russesteinen er endestav for Åmdalen / Håland / Øyheia / Loka under Nedre Berkjeland. Under rettssakene på 16-1700-talet er Russesteinen kalla Røssesteenen. Ei ryssa og ein ross = ei merr og ein hingst. Segna seier at St. Ola batt hesten sin i Russesteinen før han laga St. Olas kjeldå 22 m lenger nede i lia.