Grop A) Grop m/ voll. Godt markert. Tilnærmet oval. Mål fra topp voll: ca. 4,0m N-S, ca. 6,5 m Ø-V. Dybde ca. 0,5 m. Bevokst med gress. Kraftig kullag i bunn ca. 10 cm. UNDER dagens overflate. Kull i voll. Grop B) Ca. 25 m ØSØ FOR grop A. Grop m/ godt markert voll i S og Ø. Oval. Mål fra topp voll: ca. 5,0 m N-S, ca. 3,5 m Ø-V. Dybde ca. 0,5 m. Bevokst med gress. Rektangulær bunn. Trekull ca. 5 cm. UNDER torvlaget. Trekull også i voll.
Grop m/ voll. Svært godt markert. Kraftig voll spes. i NV. Tilnærmet sirkulær. Mål fra topp voll: ca. 5,0 m diam. Dybde ca. 0,8-1,7 m. Kullag LIKE UNDER torva i bunn og voll. Gran i N-voll. Gropa har likhetstrekk med fangstgrop. Sekundært brukt som kullgrop?
Brotstaden er ei helle av mjuk, skifrig kleberstein. Hella er 5,3x3,3 m vid. Ho ligg midt i botnen av skardet og ligg orientert tilnærma O-V. I den vestre delen (nedre del) er det teke ut eit 0,7-1,1 m breitt stykke i heile breidda av hella. Langs den nordre langsida er det teke ut eit 2,6x1 m vidt stykke. Om lag midt på hella er det hogge til eit 1,8 m langt og 0,4-0,7 m breitt stykke som ikkje er hogge laust frå underlaget. Stykket er 0,45 m tjukt og kan om mogeleg ha vore påemna til bautastein/gravstein.
Røysa er om lag 6 m i tverrmål og om lag 0,50 m høg. Dette er vanskeleg å avgjere avdi det no veks tett med bregner og furu på røysa. Ho er dessutan kledd med lyng og mose. Vegetasjonen gjer at røysa er svært dårleg markert i terrenget. I S er det berre få synlege steinar/blokker (10-40 cm i tverrmål).
Det opphavelege tverrmålet på røysa er vanskeleg å fastslå, då det idag er lagt opp ein mur i austre og søre delen av henne, samstundes som det er dyrka ein liten kålhage i vestre kant. Fett oppgir tverrmålet til 14 m og i retning N-S tykkjest dette vera tilfelle også idag. Høgda er knapt 1 m. Røysa er noko tilvaksen med grastorv og gras, men i større deler av henne ligg der 10-60 cm store steinar/blokker i dagen. I vestre halvdel ligg fleire store blokker, noko smale og opp til 1 m lange.
Fk. 6/5: Røys ligg som ein rest 120 m VNV for fk. 6/1, 20 m SV for løda på bnr. 24. Tvm. har vore om lag 10 m. Wollert Konow skal ha grave også her. Fk. 6/6-7: Røysar ligg 40-50 m O for fk. 6/5. Dei er berre 2-4 m i tvm. Fk. 6/8: Røys, ligg 15 m SV for fk. 6/5, på bnr. 1, dvs. på den andre sida av den gamle bygdevegen og med ein stig tett i N. 7 m i tvm og 1 m høg, med søkk i toppen og mogleg litt avskoren i austre kant. Ligg i lyngmark og er sjølv lyngkledd.
Røysa er kring 10 m i tverrmål, kring 1/4 m høg. Kantane er noko uregelrette då røysa er mykje utkasta. Steinane/blokkene som ligg i eitt til to omfar, er nakne og 30-50 cm store. I røysa veks fleire store lauvtre.
Brotet inneheld ein liten heller, 10 m brei. 30 m SV for helleren ligg ein liten arbeidsplass under kvitt fjell, truleg brukt til ferdiggjering av heller. Ikkje mykje avfall. 50 m og 150 m NO for helleren finn ein små spor i fjellet etter uttak. Dette er i det bergalaget som går parallelt med og står noko lågare enn Kvitafjell. Registrert som KJN-16.
Helleren er 40 m vid i opninga, 5-10 m djup og svært høg. Her er vanlege driftsmerke. Tilleggsopplysningar: Knut Johan Nerhus skildrar helleren slik i 1988: Helleren er 60 m lang (brei) med ei kraftig igjenståande søyle, 15 m djup. Helleren er særs høg. Det er merke etter uttak av både takheller og baksteheller. I følgje Elisabeth Ljosnes er fem av husa på bnr. 5 på garden tekte med heller frå Hedlebergshidleren. Hellene blei transporterte ned til vatnet for så å bli køyrde med slede og hest over isen via Øvre Tufta og heim til Fugleberg.
Frå Per Fett: Gravflokk. Fk. 1/1: Røys tett ved stigen på høgaste flata. 15 m i tvm., 1 m høg, bygd av rund stein som er lynggrodd i kantane. I midten ligg steinen berr og viser spor etter utkasting. Fk. 1/5: Røys ligg 20 m NNO for 1. 6 m i tvm., låg, lynggrodd. Fk. 1/8: Langrøys ligg 3 m NNV for 1, 9 X 4 m NNO-SSV, låg, lynggrodd. Fk. 1/9: Røys ligg 2 m N for 8. 8 m i tvm., 0,5 m høg, lynggrodd. Fk. 1/12: Røys ligg S for stigen, 12 m SV for 1. 6 m i tvm., låg, lynggrodd. Det ligg mykje meir og smått rundt på flata, men om det er gravrøysar - eller om det er urørd stein som ligg att etter at det er plukka stein til røysane - er uråd å seie. I stykket nordanfor er det og nokre tvilsame røysar i gode 100 m avstand frå røys 1. Frå Aksdal, 2004: Den eine delen av feltet ligg lengst vest tett aust for stien til Klosterneset. I dag er denne stien utvida til skogsbilveg. Denne skal væra bygd på midten av 1980-talet og har skadd gravfeltet vesentleg. Vegen er gravd ned i undergrunnen og fleire av røysane er slik enten fjerna, eller sterkt skada. Området er i dag mykje overgrodd av krattskog og einebuskar og ein kan vanskeleg slå fast det totale omfanget av skadane på gravfeltet. I området nær dei synlege røysane er det fleire moglege røysar og anleggsspor, men då vegetasjonen er svært kraftig var det ikkje råd å slå fast kva desse representerte. Feltet bør difor både ryddast for krattvegetasjon og målast inn på nytt, der me får dokumentert skadane på gravfeltet.