Røysa er kring 12 m i tvm. og kring 0,5 m høg. Ho er utkasta mot S og til dels også mykje i sentrum. Ho er elles utflytande i kantane og vanskeleg å avgrensa. Røysa er bygd av 0,3-0,7 m store steinar/blokker som er mosegrodde. Det er mest steinar/blokker i austre halvdel. Røysa er tilvaksen med torv, mose, lauvskog og eine.Kring 115 m SO for våningshuset til eigaren, på lokaliteten Bruarhaug, kom dei iflg. grunneigaren under jordarbeid ned på kanthellene av 2 hellekister, ei stor og ei lita. Det vart ikkje grave ned i hellekistene, men det heile vart dekka att med jord og stein, slik at kistene framleis skal vere intakte.
Røysa er avskoren av markavegen i nordre kant, slik at tvm. vert kring 8 x 12 m, orientert O-V. Høgda er 2-3 m sett frå S, og 0,5-1 m sett frå N. Røysa er ein god del utkasta i austre halvdel og noko avflata i toppen. Den vestre kanten er i dag vanskeleg å følgje då det her truleg ligg innpåkasta massar. Snittkanten mot markavegen tyder på at røysa er oppbygd av ei blanding av steinar/blokker og jord. Ho er tilgrodd med grass, kratt og lauvskog.
Røysa som vert kalla Gjevaldshaugjen, er kring 10 m i tvm. og ca. 1 m høg sett frå S. Ho er godt synleg i terrenget og klårt markert. Om lag 0,5 m store blokker er synlege i søre del. Åkerstein er påkasta i N. Røysa er avflata i toppen. På ho veks tett lauvskog, særleg kring kantane. I SV-skråninga av røysa stikk det fram ei helle kring 1,2 x 1 m vid og 0,2 m tjukk. Kring 5 m SV for røysa stikk ei helle fram i bakken, minst 1,4 m lang.
Haugen er i dag 4 - 5 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg. Han er heilt grasgrodd og skil seg ikkje nemnande ut frå marka ikring. Haugen skal derimot ha vore tydelegare tidlegare, og han skal ha likna på fk. 1/1, Gløverhaugen, der det i 1949 vart funne ei ubrend mannsgrav frå folkevandringstid. Slik haugen no ligg kan han derimot ikkje seiast å vera utan tvil.
Haugen på toppen av Brattabrekko er vanskeleg å avgrensa frå bakken som går vidare bratt nedover, men går ein ut frå avgrensinga på oversida, kan ein om mogeleg setja tverrmålet til 5 - 6 m og høgda kring 1 m. Haugen er som bakken ikring tilvaksen med grastorv. I SV-re kant, 1,5 m under toppen, stikk berget i dagen. Dette tilhøvet, saman med den jamne overgang til bakken ikring, gjer at haugen ikkje på nokon måte kan seiast å vera utan tvil.
Den sørlegaste røysa fk. 1/1 er kring 12 m i tverrmål og godt 1 m høg i nedre kant. Ho er bygd av 30 - 80 cm store steinar/blokker, som i dag er mosegrodde. Midt i røysa er eit 2,5 m vidt og 3/4 m djupt søkk. Rundt kantane på røysa veks ein del lauvtre, m.a. eik. Den nordlegaste røysa, fk. 1/2, ligg 20 m NV for fk. 1/1. Røysa er kring 14 m i tverrmål og knapt 1 m høg. 30 - 60 cm store steinar/blokker stikk i dagen over det meste av røysa som elles er tilvaksen med grastorv og mose. Røysa er noko utkasta slik at ho er avflata på toppen. I NV-kant er det eit mindre utkast. Over heile røysa veks det tett med lauvkratt og lauvtre.
Haugen fk. 6/1 ligg tett NV for ei bru på bnr. 4. Han er 10 m i tverrmål og ca. 2 m høg. Han er noko ujamn i kantane. Haugen er heilt grasgrodd. Stien som kjem frå SO svingar rundt haugen i søre kant. Haugen fk. 6/2 ligg ca. 60 m NV for fk. 6/1. Han er 9 m i tverrmål og ca. 2 - 3 m høg i vestre, søre og austre kant. Det er vanskeleg å sjå kvar grensa går mellom det som er haug og knausen denne ligg på. I søre kant stikk ein stor stein i dagen. I toppen er det eit søkk, ca. 1 m vidt og 0,5 m djupt. Her står ei helle på kant. Haugen er heilt grasvaksen. Haugen fk. 6/3 er 13 m i tverrmål og 2 - 3 m høg i vestre og nordre kant. I søre og austre kant er det vanskeleg å skilje mellom haug og knausen denne ligg på. Haugen er flat på toppen. Han er heilt grasgrodd. Haugen fk. 6/4 ligg tett N for fk. 6/2 og NO for fk. 6/3. Haugen er knapt 13 m i tverrmål og ca. 2 m høg. Han er heilt grasgrodd, men litt skadd i toppen. Haugen fk. 6/5 ligg ca. 20 m NV for fk. 6/4. Det er ein langhaug, ca. 15,5 x 8,5 m vid og ca. 1 m høg. Han er orientert N-S. Over haugen i retning O-V går eit gjerde. Denne haugen ligg på bnr. 3. Han er gras- og lynggrodd og det veks nokre einebusker på han. Haugen fk. 6/6 ligg ca. 30 m ONO for fk. 6/5. Han er ca. 7 m i tverrmål, den nordre delen er ca. 1,5 m høg, medan haugen skrår i den søre delen og går i eitt med marka. Rett OSO for haugen står ein gamal murrest. Rett S for haugen går eit gjerde. Haugen er grasvaksen og det veks nokre einebusker på han, særleg i nordre del. Haugen fk. 6/7 ligg ca. 30 m SSV for fk. 6/6. Han er 8,5 m i tverrmål og ca. 1 m høg i nedste (O) kant. Han er heilt grasvaksen og litt avflata på toppen. I sørvestre kant veks ein einebusk. Haugen fk. 6/8 ligg ca. 10 m O for fk. 6/7. Det er ein langhaug 12 x 7 m, ca. 1 m høg i nedste (O) kant. Haugen er heilt grasvaksen og det veks eit par einebusker på han. Haugen går i eitt med marka i vestre kant framfor haugen fk. 6/7 og kan difor ikkje seiast å vera utan tvil.
Haugen, som er kalla Kongshøgjen (Håkonshaugen), er no restaurert slik at han er 20 m i tverrmål og 4 m høg. Haugen er heilt grasgrodd. Rundt øvre halvdel er det bygd ein låg støttemur. Haugen er flat på toppen.
Steinen er knapt 3 m lang, ca. 0,40 m brei og 0,10 m tjukk. Det er minst 10 groper på han, 2 av desse ligg på rett line. Elles ligg ikkje gropene i noko fast mønster i høve til kvarandre. Mesteparten av gropene ligg på den delen av steinen som peikar mot NO. Gropene er frå 3,7 - 7,5 cm vide og frå 0,25 - 1,0 cm djupe. Steinen er mosegrodd og delvis løynd av nokre ripsbærbusker.