Røysa er kring 8 m N-S og 5-6 m O-V. Høgda er på det meste 0,4 m (i N). Ho er bygd opp av steinar/blokker på 0,1-0,6 m i tverrmål. Røysa er dårleg markert og ikkje særleg godt synleg i terrenget. Ein del stein ligg i dagen, men ho er for det meste overgrodd med lyng, brake og mose. Det er eit lite søkk i den sentrale delen av røysa. Dette er kring 1,2 m i tverrmål og kring 0,4 m djupt. Her ligg naken stein.
Haugen er kring 16 m i tverrmål. Høgda er kring 2 m. Han er noko uklårt markert, avdi han ligg på ein naturleg kolle. Men han er samstundes relativt tydeleg i terrenget. Haugen er heilt dekt av gras og torv. Berre ein stein stikk fram i dagen. Han er fin og jamn og verkar urørt.
Røysa som no mykje godt berre er tufta att av, tykkjest ha vore kring 10 m i tverrmål. All steinen er kasta mot S og her ligg 15-40 cm store steinar/blokker nakne i dagen, medan den nordlege halvdelen av røystufta er lyngvaksen.
Haugen er kring 16-17 m i tverrmål og kring 2 m høg. Han er heilt dekka av grastorv og tilvaksen med gamalt gras. I den sentrale delen er det eit godt 1 m djupt krater etter ein tysk luftvernstilling der det framleis står ein 1 m høg støypt pilar. Frå krateret går det to løpegraver, ei mot NO og ei mot SO. I krateret og i veggene i løpegravene kan ein sjå 20-50 cm store steinar/blokker.
Feltet er orientert O-V, 15 m O-V og kring 7 m N-S. Figurane er svært utydelege. Om lag midt på feltet går det eit jernhaldeg vass-sig N-S. Her skal vera 36 figurar, båtar og båtfragment. Kring feltet veks det lyng, brakebuskar og gras.
Røysa er 9,5 m N-S og 7,5 m O-V. Ho er tilnærma rektangulær i forma. Høgda er på det meste 0,7 m. Ho er klårt markert og tydeleg i terrenget. Her er naken rund stein. Nokre få brakebuskar og bregnar veks i røysa. Steinane er 0,1-0,6 m i tverrmål. I tillegg til desse steinane er det nokre større blokker. Den største av desse er 1,5 m lang, 0,9 m brei og 0,6 m tjukk. I søre delen er mykje stein kasta ut. Midt i røysa er ein liten rektangulær oppmuring av røysstein. Denne er 1,5 m O-V, 1 m N-S og ca. 0,6 m over steindekket elles i røysa. Det er noko tvilsamt om dette er ei gravrøys, eller om det kan vere restar etter ein annan konstruksjon.
Feltet ligg på eit bratt svaberg som skrår mot S. Utover dette berget er figurane spreidd O-V i 9 m og N-S i 5 m. Det skal i alt vere 9 båtar her. Berre eit par-tre av desse er godt synlege, avdi dei har vore måla. Det er nokre sprikker som går N-S i berget, her veks litt gras og lyng. Bergkunstdatabsen: Feltet ligger på et bratt svaberg i utmark, ca 50 m NV for Leirvåg III, ca 10 m fra vannkanten. Figurene ligger på hver side av en loddrett sprekk, nedenfor figurflaten er det en liten avsats. Svabergene rundt feltet danner en liten vik. Berget er svært vitret og oppsprukket, og avskallet. Figurene er svært utydelige, kun fig. 2 er noenlunde synlig. Utsyn til Lammetunfjellet (? vanskelig å tyde det som ble skrevet i felt), Vilnesfjorden og fastlandet.
Røysa er kring 12 m NO-SV og kring 9 m NV-SO. Ho er særs dårleg markert avdi få steinar er synlege i dagen. Ho er ikkje tydeleg i terrenget. Søraustre del av røysa ligg oppå eit berg. Det ser ut til at røysa har vore bygd opp til same nivå som dette berget også i NV. I dag ligg det att ein krans med steinar på berget i SO. Denne kransen er orientert NO-SV og er kring 2 m brei. Når det gjeld dei andre delane av røysa, er mest alt fjerna, men ein kan sjå nokre steinar her og der. Her er det ein nivåskilnad på kring 1,5 m til toppen av røysa på bergflata i SO. Det er umogeleg å ta noko eksakt mål på steinane avdi dei stikk innunder grastorva. Ein kan sjå litt av ei helle som stikk fram. Ho er 1,2 m lang, 0,1 m tjukk, men breidda er uråd å avgjere, då ho stikk innunder grastorva.
Grava er vanskeleg å sjå, avdi ho er overgrodd av lyng og gras. Nokre store steinar ligg nedi vegetasjonsdekket. Desse ligg i ei tilnærma rett line som går SSV-NNO. I lengderetninga ligg det her 3 synlege steinar. Gjennomsnittleg storleik er 0,8 m. I sørlege og nordlege enden av denne steinrekkja ligg ein stein på tvers og markerer grava si lengd. I nordlege enden er denne steinen godt synleg, og måla er: 1,3 m lang, 0,9 m brei og 0,3 m tjukk. Oppå denne steinen ligg ein annan, mindre stein, som dekkjer delvis den førstnemnde. Han er orientert O-V og er 1,2 m lang, 0,65 m brei og 0,15 m tjukk. Steinen i søre enden av grava er lite synleg, då han er mest heilt dekt av lyng. Det må ha lege nokre fleire steinar i lengderetninga i grava, avdi det mellom dei tre som er synlege, finst opne rom. Mogelegvis kan desse steinane liggje djupare under vegetasjonen, slik at ein ikkje merkar dei. Den totale lengda på gravanlegget ser ut til å vere kring 6 m. Breidda er 1-1,5 m og høgda kring 0,4 m på det meste. Noko dekkhelle er ikkje å sjå.
Røysa er kring 10 m N-S og kring 8,5 m O-V. På det høgaste (i S) er ho kring 1 m. Ho er noko uklårt markert avdi ho er mest heilt dekt av lyng og mose, men nokre steinar ligg i dagen, særleg i utkantane. Ho er bygd av steinar/blokker frå 0,10-0,90 m i tverrmål. Ho er ikkje særleg tydeleg i terrenget. I sentrum er eit lite søkk, kring 3 m i tverrmål og kring 0,20 m djupt.