Under graving av ei vassleidningsgrøft kom ein ned på ein struktur ca. 1 m under overflata. Store steinheller (på storleik som pålane i gjerdet ved bygdevegen) var lagde opp i ein firkant (omn?). Under strukturen fanst trekol og jernslagg innan eit området som var ca. 4 m ONO-VSV. Opplysningane er gjevne av Hans Grindheim.
Røysa er 11 m i tverrmål og 2 - 2,5 m høg. Ho er bygd av 0,2 - 0,7 m store steinar/blokker, og er noko tilgrodd med mose. I midten av røysa er der eit 2 - 2,5 m vidt og kring 1,3 m djupt søkk. I botnen av søkket er det synleg delar av ei gravkiste, som ser ut til å ha vore kring 2 m lang, orientert NNV-SSO. Nordvestre hjørnet av kista er fortsatt intakt. Her står det to heller på kant. Tett S for desse ligg ei helle som truleg har vore med å danna vestre langvegg i kista. Fire heller som ligg oppå kvarandre i tørrmur, har utgjort sørlege del av vestre langvegg i kista. Ei ståande helle som har danna søre kortvegg, er også synleg.
Lokaliteten har ein minimumsutstrekning på 200 kvm. Her er tatt fleire prøvestikk. Det vestlegaste funngjevande blei tatt 13 m V for steingarden som markerer skillet mellom gnr. 54/4 og 51/1. Det austlegaste funngjevande prøvestikket blei tatt 14 m O for den same steingarden.
Frå Per Fett: Funnstad i eit ope søkk og ei hylle ovanfor, om lag midt på vestsida av Hyljemyro, 150 m SSV for Aurebettjødno, sørenden. Herfrå B 11774 etc., oppsamla av Egil Bakka.
Ein stor rektangulær rydningsrøys ligg midt på feltet. Prøvestikk blei tatt på den oppdyrka flata rundt røysa. Prøvestikka gav funn av tildanna grønstein, men kulturlag vart ikkje påvist p.g.a. dyrkingsaktiviteten. Etter alt å døma har lokaliteten strekt seg i eit 30 m breitt belte frå 9 m-koten og NV til dagens strandbelte.
I eit delvis erodert område midt i bakkehellinga vart det funne flint både på overflata og i prøvestikk. Det eroderte området måler 15 m N-S og 5 m O-V. Prøvestikk nærare bergryggene i O og V gav ikkje funn.
Røysa måler 7 m i tverrmål og er heilt låg. Ein del 0,3 - 0,6 m store mosevaksne steinar/blokker stikk i dagen, elles veks det lyng, gras og små rognebusker på røysa.
Ny skildring 2022:
Ved kontrollregistrering i 2022 vart det registrert 13 røyser på et areal som strekk seg ca. 63 m N-S og 28 m V-A. Fleire av røysene var registrert i Askeladden frå før,geometrien på desse er oppdatert med CPOS RTK-fast GPS. Det ligg to røyser lengst nord 72840-9 og 72840-10. Den nordlegaste 72840-9 har ei fin jamn sirkulær form og er ca. 3 m i tverrmål og omlag 70 cm høg. Medan 10 er meir ujamn i overflata, usikkert om dette er ei skada gravrøys kor det er tilført rydningsstein i seinare tid, eller ei rydningsrøys. Omlag 22 m sør for dette ligg ei gruppe med 7 røyser (fleire av dei registrert i askeladden frå før, men med oppdatert geometri og skildring). Lengst sør om lag 25-30 sør for dette ligg fire røyser.
Opphaveleg skildring (truleg frå Fett 1973): Innanfor eit område som måler 22 m N-S og 18 O-V er her 7 gravrøyser. Røys 1 som ligg lengst SO, er 3,5 m i tverrmål og 0,5 m høg.Inntil kanten av denne mot V ligg røys 2. Ho er 5 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røys 3 ligg 4 m V for nr. 2. Ho måler 7 x 5 m, orientert N-S, og er 0,75 m høg. Røys 4 ligg 2 m NV for nr. 3. Ho har eit tverrmål på 3,5 m og er 0,5 m høg. Røys 5 som ligg 7 m ONO for nr. 4, er 5,5 m i tverrmål og 0,75 m høg. Røys 6 ligg 1 m VNV for nr. 5. Ho er 2,5 - 3 m i tverrmål og høgda er 0,3 m. Inntil denne mot N ligg røys 7, som er 6 m i tverrmål og 0,75 m høg. Alle røysene er graskledde, men steinar stikk i dagen kring i dei. Ingen av røysene har klåre spor etter plyndring. NB! 27 m NNO for røys nr. 7 ligg det ei mogleg gravrøys inntil eit berg som stikk i dagen. Tverrmålet er 4 - 5 m og høgda 0,75 m.
Rundhaug av jordblandet sand. Noe rundkamp synlig i kanten mot Ø. Tydelig fotgrøft i kanten mot NØ-SØ. Ellers også ganske godt markert. Klart synlig i terrenget. Avflatet sentrumsparti. Rund fordypning i toppen (d. 0,9 m, dybde 0,7 m). Rektangulær forsenkning noe S for sentrum (l. 1,2 m, br. 0,8 m, dybde 0,6 m). En del av ytre kant mot Ø fjernet. Kledd med store grantrær. Omgitt av stor barskog. Frodigmose og lyngtorvdekke.
Mål: d. 14 m, h. 1,5 m.