Samlinga måler om lag 20 x 7 m, orientert NNO - SSV.Haugen, Fetts fk.nr. 2/118, ligg framme på terrassekanten like S for gamlevegen der denne gjer ein sving mot N; for så å gå rett O langsetter terrassen. Nordre del av haugen manglar. Det som er att av han måler om lag 7 x 6 m. Høgda er 0,6 m. Haugen er dekt av gras- og lyngtorv og syner godt i lendet. Nokre blokker 0,25 - 0,3 m store stikk i dagen, særskilt der haugen er rasert.Haugen, Fetts fk.nr. 2/117, ligg om lag 4 m SV for fk.nr. 2/118. Berre vestre del ligg att, og måla er 5,5 x 2,5 m, orientert N - S. Høgda er om lag 0,4 m. Haugen er grasdekt, men einskilde steinar/blokker som er 0,15 m - 0,4 m ligg berr. Haugen er godt synleg. Søre del av fk.nr. 118 og fk.nr. 117 ligg på eigedomen til Haram Kvileheim.
Røysa er 6 - 7 m i tverrmål. I søre halvdel står det att ein skalk som er om lag 0,25 m høg. Elles er det berre tufta av røysa som ligg att. I sentrum av røysa rett N for skalken er det eit 2 x 1,5 m stort grunt søkk, orientert O - V. Røysa er heilt tilvaksen med grastorv, mose og nokre einer, og avgrensinga er difor heller uklår. 23 m lenger mot V ligg tufta av ei anna røys, men ho er heilt slett.
Det ligg fleire gravrøyser spredt ikring på området. Denne grava er om lag 15 meter i tverrmål og om lag 2 meter høg. Det er ei tydelig plyndringsgrop i grava, og derfor mykje avskava i toppen. Grava skriv seg truleg til eldre jarnalder, men ein kan ikkje vere heilt sikker då det ikkje er gjort funn i tilknytning til grava som kan gi ei nærmare datering. Kanskje er det ein storbonde som har hatt stor innflytelse på området som kvilar i grava Frå grava er det fin usikt mot havet i vest og Vigra i sørvest. Det ligg også ei heilt lav gravsvaksen røys kant i kant med røysa mot sør aust.
----------------------------------------------------------
Røysa er 15 m i tverrmål og om lag 2 m høg. Ho er tilvaksen med gras og nokre rognetre, og ho er klart avgrensa. Røysa er mykje avskava i toppen og det går eit 4 m vidt søkk frå N mot S i midten av røysa. Her ligg steinar/blokker 0,1 - 0,4 m store i dagen. Vestre del av røysa er ikkje så skada som den austre delen er. Ho er klårt synleg i lendet. Mot SO, kant i kant med røysa, ligg ei heilt låg grasvaksen røys.
Røysa er 10 x 6 m, orientert VNV - OSO. Ho er om lag 1 m høg. Køyrevegen skjer kanten av røysa i NO. Røysa er noko utkasta frå midten og mot S. Ho er tilvaksen med gras, rognetre og nypebusker, og ho er lett å avgrense. I søre delen ligg steinar/blokker frå 0,05 - 0,4 m store i dagen.Røysa er klårt synleg i lendet.
Samlinga er samansett av 3 røyser som ligg tett i kvarandre. Utstrekninga er 16 x 6 m, orientert NNV-SSO. Nærast huset ligg ei langrøys som er 10 x 6 m vid. Tett SSO for denne ligg det 2 røyser som er mellom 1,5 og 2 m i tverrmål og heilt låge. Langrøysa er opp mot 0,5 m høg. Røysene er heilt tilvaksne med grastorv, men det stikk nokre 20 x 30 cm store steinar/blokker i dagen. Tolkinga av desse røysene som gravrøyser er uviss.
Røysa er om lag 5 m i tverrmål og om lag 0,5 m høg, men ho er mykje utkasta, særleg i nordre kant. Ura som røysa ligg på, kjem såleis til syne. Røysa er bygd av 20 - 50 cm store blokker, som for det meste er mosegrodde. På røysa veks ein stor villapal som dekkjer heile røysa. Langs kantane veks det lyng og tett med bjørke- og rognebusker.
Røysa er 15 m i tverrmål og 2 m høg. Ho er bygd av 15 - 50 cm store steinar/blokker. Berget stikk i dagen i austre kant. Røysa er ein del utkasta, og V for sentrum er eit 2 m vidt og 0,5 m djupt søkk. Heilt i nordre kant er eit 2 m vidt og 1 m djupt søkk, spreidd her og der i røysa. Særleg på dei grunnaste partia ligg nokre få 80 - 90 cm store blokker. Røysa er i det alt vesentlege tørr, men i toppen og nordvestre kant veks ein del lyng. NO for røysa står tre store rognetre. SV for røysa veks gras, lyng og rognetre.
Røysa fk.nr. 1/1 er 10-11 m i tverrmål og opp til 1,5 m høg. Her har vore innebygd ein korntørkar og rommet står framleis utan at steinveggene har ramla saman. Austlege, vestlege og sørlege kant av røysa er sterkt overgrodd; steinane er her dekt av mose og tjukk lyngtorv. Ein kan kome opp til korntørkaren frå stranda i nord og i denne kanten er røysa sterkt omrota. Det veks store lauvtre og einer på røysa.Røysa fk.nr. 1/2 er 10-12 m i tverrmål, opp til 1,5 m høg og ho er sterkt overgrodd med lyng og mosetorv. I nordaustlege del av røysa er eit søkk, ca. 1,5x1 m vidt og 1 m djupt. Her ligg det synleg 0,2-0,6 m store steinar/blokker.
Haugen som vert kalla Vasshaugen, er 10 m i tverrmål og 1,5 m høg. I toppen er det eit N/S-gåande søkk, 3,5 m langt, 2,5 m breidt og kring 3/4 m djupt. Haugen er heilt tilgrodd med mose og lyng. På haugen veks det 15 store osper, rogn- og bjørketre. Haugen er omgjeven av skog på alle kantar, som i S går over i ei myr.