Bautasteinen er kring 1,8 m lang, 1,20 m brei og 0,50 m tjukt. Det veks brennenesle og stikkelsbær tett inntil steinen i N og O. Bautasteinen stod opphaveleg lengre S, på kanten av ei reine der riksvegen går i dag. Då ein opparbeidde den nye vegbana, blei bautasteinen tatt ned og lagt på nordsida av vegen der han nå ligg. I området der bautasteinen stod, kom ein ned på eit lag med små heller.
Røysa er avlang, 8x3 m, 0,5 m høg og er orientert nord-nordaust - sør-sørvest. Røysa er mykje overgrodd av lyngtorv og einer og er dårleg markert. I nordre del er noko stein synleg, og her er spor etter graving.
Røysa er bygd av rullestein og har langstrekt form. Ho er mykje skadd ved utkasting, slik at det er vanskeleg å både få mål på henne og å seia noko visst om den opphavlege forma. Per Fett opplyser at røysa ved registrering i 1969/70 var 15 x 3 m lang i retrning nordaust-sørvest og at ho truleg hadde rette sider og tverre endar. No ligg berre botnlaget att, og det er skadd fleire stader. Små steindyngjer som synest koma frå røysa ligg spreidt kring på berget.
Røysa er vel 10 m i tverrmål og 1 m høg. Per Fett målte i 1970 diameteren til 16 m, så det må ha vore fjerna mykje stein etter den tid. Det er to større krater i røysa, som ligg rett på berget. Deler av henne er mykje overgrodde av kratt.
Hustufta ligg på ein smal terrasse. Terrassen er 46 m lang og 8 m breid, orientert nordaust-sørvest og ligg som eit kunstig hakk i det naturleg skråande lendet. Han er tydeleg menneskeskapt, ved graving på oppsida og fylling på nedsida. Tufta tykkjest fylla det meste av terrassen. Ho er i seg sjølv lite synleg, men tykkjest ha rektangulær form. Langs terrassekanten, ytst ute, er det stein under overflata, etter alt å dømme restar av den søraustre langveggen. Parallelt med denne, på oppsida, ligg det inn mot bakken ein lang, låg, lite tydeleg voll av jord og stein som synest vera andre langveggen. Ved sørvestre ende ligg ei langstrekt steindyngje på tvers av lengderetningen. Dette kan vera en stuttvegg. Som lia elles er også terrassen graskledd. Under torva er det ca. 20 cm åkerjord. Under dette ligg to kolholdige skikt. I det nedste av desse, kring 30 cm under overflata, er det eindel brend stein. Laget må tolkast som eit kulturlag, venteleg golvet i tufta. I området elles fleire steindyngjer og stuttare og lengre stubbar med gamle, låge steingardar.
Tufta ligg i bakken mellom urda nedenfor Vindhovda og eit nybrot like nedanfor, som har skore av den søndre delen av tufta. Ho er orientert nord-sør [og] har (...) knapt vore meir enn 10 m lang og 4 m breid. Veggene teiknar seg som låge, utydelige vollar.
I tufta var det funne ei øks av jern, to randstykke av same kleberkar og eit vevlodd av klorittskifer. Funn nr. B 12025