Helleren ligg der bergveggen er svakt utoverhengande. Dråpefallet går 1/2-1 m ut frå veggen i ca 9 m lengde og framfor ligg ein låg voll i same lengde. Eit funnførande prøvestikk innfor dråpefallet gav eit nærare 1 m tjukt, feitt, svart kulturlag og 415 funn, vesentleg i flint. Her veks gras, mose og lyng i blandingsskog.
NB Fett beskriver helleren på Vassel gnr. 4 bnr. 2, mens den er kartfestet av Knut Andreas Bergsvik og Tore Bjøgo på Sævarhagen gnr. 3 bnr. 5. Kartfestet manuelt. Frå Fett: VASSEL, gnr. 4. Funnkartet nr, 1. Lars Håvik, bnr. 2. "Skiphelleren" ligg i bratt lende N for elva, 200 m V for husa, i vestenden av Herandvatnet, 100 m o. h. Helleren er 100 m lang og opnar seg mot S og SO. Det er 10-15 m ut til dropefallet. Her var eit kulturlag der dei fann B 7723 1 m djupt saman med store bein, tenner, kol og oske. Mogleg ligg noko att. B 7723 - Brot av spannforma krukke frå fk. nr. 2. Tilv. i B. M. Årbok 1926.
Beskrivelse fra lokalitet:
Gammetuft av grunnfjordtype. Tufta ble registrert av H.D. Bratrein i 1982 og er for øvrig beskrevet i rapport 1995, 2002. Det ble gravet prøvestikk i tufta i 1986, jf. beskrivelsen av enkeltminnet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Gammetuft av grunnfjordtype. Omgitt av U-formet grøft/grøft på tre sider, åpen mot sjøen. Grøfta er tydeligst markert i bakkant 0,3 m bred, 0,1 - 0,2 m dyp. Tufta er ellers markert som en 0,2 - 0,3 m forhøyning med tydelig veggvoll i N, 1,2 m bred. Ytre mål lengde 9,7 m, bredde 5,6 m. Tufta ble registrert av H.D. Bratrein 14.08.1982, jf. hans beskrivelse 2) tydelig tuft, rett opp av S-vegg på pakkhuset...
Steinalderbuplassen ligg på toppen av eit N-S gåande drag som i nord går ned til Naustvågen. Det er tett undervegetasjon med gras, einer, ungbjørk og gran. Det vart teke fire prøvestikk, derav eitt negativt. Det vart funne eldskjørna flint og trekolbitar. Ut frå terrenget er buplassen truleg mindre 150 m2.
Steinalderbuplassen ligg på ei lita rund flate, omgjeve av låge bergrabbar i N og A, mot S er det ei svak forseinking som munnar ut i fuktig gamal slåttemark i S, SV. Det er tett undervegetasjon av grastuer, og med einer og klynger av bjørk. Eitt funnførande prøvestikk. Ut frå terrenget er buplassen truleg mindre 150 m2.
Steinalderbuplassen ligg på ei turr flate omgjeve av vasssjuk gamal slåttemark i S og SA. Mot N og NV er han avgrensa av øvre del av strandvoll (tapes). To funnførande prøvestikk. Ut frå terrenget er buplassen truleg mindre 150 m2.
Helleren ligg på ei hylle under sørvestvend langstrekt bergdrag, og lokaliteten strekker seg ut på låge skrenten framfor dråpefallet i helleren. Flata er om lag 25 ¿30 m2, avgrensa av steinblokker i N og skrent i S. Her veks mose og museøyre og litt dvergbjørg. To prøvestikk viste kolhaldig lag og uforstyrra lagfølje.
Helleren ligg under eit ca 30 m langt austvend, utoverhallande berg. Dråpefallet går ca 3 m ut frå berget, og hellertaket skrånar innerst ned i bakken. Om lag midt på og i nordlege delen av bergdraget ligg ei flate om lag 7 m lang og 3-4 m brei, høgda er låg inntil det skrånande berget. Lenger nord ligg det større, meir oppstikkande stein i dagen. På den mosekledde flata det ligg djupe steinrekker som rimelegvis har med tidlegare bruk av helleren å gjere. 0,5-1 m utanfor dråpefallet skrånar terrenget bratt nedover. To prøvestikk avdekka eit 18-33 cm tjukt kolhaldig kulturlag under 2-5 cm torv. Det vart funne 95 avlag av flint, kvarts og kvartsitt i prøvestikk I.