Kulturlagsrester og kolflekker, eldstad. Samla sett representerer kulturlag/aldstader/andre nedskjeringar på Fetet rester av busetjingsaktivitet fråførromersk jernalder. Kulturlagsrestene tyder på førhistorisk åkerbruk.
Låg N-S orientert tuft. Tufta er vel 11m lang (ytre mål), men dette er ikkje heile lengda då tufta i sør går uavslutta inn under steingard. På sørsida av steingarden ser ein ingen spor, men der er det fulldyrka (bnr 1). Breidde A-V ca 10m. Vollen som markerer tufta er låg, godt under halvmeteren. Den er 1-2m brei. Den er mest markant i øvre kant (mot vest). Svakt boga ende mot nord. Tufta er ikkje oppmålt med skikkeleg måleutstyr.
På ein lågare bergrygg under Krylåsen, med vent utsyn over det meste av innmarka på Høyland, ligg det eit gravfelt med fire gravhaugar. I ein av gravhaugane er det funne ei godt bevart krossforma bronsespenne frå 400-talet.
Lokaliteten er påvist og forsøkt avgrensa med prøvestikk mot planarealet i aust, dvs ikkje mot vest. 5 prøvestikk var positive (F14,F24,F29,F27,F28). I F24 på bnr 4 var det asbestkeramikk. Stratigrafien er god og interessant. To kulturlag eldre enn dyrkningslaget er påvist atskilt frå kvarandre og frå dyrkningslag med sand. I det øvre kulturlaget på ca 30 cm tjukkelse vart det gjort funn av asbestkeramikk, flint og brent bein.* Det nedre har ei mektigheit på berre 4cm. I dei andre fire positive prøvestikka var det ikkje gjort funn, men påvist kulturlag på bnr 4 i to horisontar. Elles berre eitt lag. Lokaliteten ligger i hovudsak på bnr 4, men også inn på bnr 1. Lunneplassen kan ha rørt ved lokaliteten. * I rapporten vert også jarn omtalt som funne i dette laget. Dette stemmer ikkje med det eg hugsar.
I grensa mellom eigedomane "Unde Bergan" og "Hagjen" skal det finnast 2 mindre røyser. Dei ligg ikkje langt frå bytet mot Ubostad. Omtrentleg kartfeste.
Røysa er med hos Fett som f.k 2/2: "utjamna så mest berre tufta er att" (1950:6). Røysa er ikkje øk - registrert, i omtale av Storrøysa attmed vert det sagt at Runderøysa vart heilt fjerna i 60-åra. 1997: Dei øvre delar av røysa er rett nok truleg fjerna. Men røysa teiknar seg klart i terrenget som ei låg rund høgd NNV av Storrøysa. Tverrmål: 10-13m. Det vert fortalt av grunneigar Einar M. Steinnes at dei fann marmorsteinar liggande i ein ring i utkanten av røysa. Desse vart lagt inntil sørsida av Storrøysa. Marmorsteinar er også kjendt frå røyskant Indre Steinnes samt i fornfunn lokalt. (Det er kalkårer med marmor ikkje så langt unna).
Kulturlag med 12 strukturar påvist i 4 sjakter innanfor 1600kvm. I nedre del av sjakter meir usamanhengande. Lokaliteten er ikkje avgrensa mot tunet i sør.
Gravhaug. Kartfestinga er ikkje heilt nøyaktig, men nokså nøyaktig. Namnet kjem av oreskog (dialekt: ei år - fleire ær'a). "I Ershaugen på Refsnes er funne desse oldsaker frå yngre jarnalder: eit tveeggja sverd, tvo økseblad og fire pilespissar, alt av jarn. Då dei hadde funne desse oldsakene, blei dei lagde inn i eit kammers, men der blei slikt leven at det var ikkje måte på. Folk som låg på loftet over kammerset høyrde om natta hovslag og tramping av hestar, og sume tider var det som ein heil hær kom farande. Dette heldt på lenge, og folk grunna mykje på kva det kunne vera. So ein dag kom ein prest til Refsnes og blei verande der natta over. Om morgonen spurde presten husbonden kva det var for leven det hadde vore om natta. Bonden hadde også høyrt ståket, og no blei gravgodset sendt til eit museum. Dei hadde den trua på garden at det var synd å rota i gravhaugar og uroa dei døde." (M. Breilid). Tradisjon: "Lærar Endre Refsnes fortalde i 1945 etter sin far ei segn om at det eingong skulle ha stade ein kamp millom Refsnes og Hårtveit og at Ershaugen då blei nytta som utkikksplass. Han sa og at det var teke jord til haugen frå jordet ikring og peika på ei hole som minne om det." (M. Breilid).
Det er påvist 126 strukturar i 11 sjakter på eit areal omlag 7300 kvm. Dette er neppe endeleg avgrensing av fornminneområdet. Særleg er området nærare røysene av interesse. Det ligg restar av kulturlag i enkelte sjakter. Enkelte handgjorde dreneringsgrøfter går gjennom markane på begge bruka her. Lokaliteten ligg mellom røysene og felt G Øyra.