Røysa er om lag 13 m i tverrmål, om lag 1,5 - 2,0 m høg. Ho er relativt godt synleg i terrenget. Røysa er tydeleg markert, særleg i nordre og vestre kant der ei fotkjede er delvis synberr. Røysa er elles gras- og torvvaksen, men ein kan merka steinane under torvdekket. I søre del av røysa veks det ein del lauvtre: hegg og ask. Søre del av røysa er elles ein del skadd, store steinar/blokker er kasta innpå.
Røysa måler 15-16 m i tverrmål og er kring 2 m høg. På røysa veks det små lauvtre og nokre eine og ho er mose- og grasvaksen. Nokre 0,1-0,6 m store steinar/blokker stikk i dagen. Midt i røysa er det eit kring 12 x 7 m vidt, orientert O-V, og kring 1 m djupt krater. Røysa vert nytta som avfallsplass og det er lagt mykje åkerstein på henne. Røysa er godt synleg, men uklårt markert.
Frå J. Aksdal, 2004: Røysa er 12 m i tverrmål, ca. 1 m på det høgaste og er delvis utkasta i austre del og omrota i vestre kant. Røysa ligg i dag delvis tildekt av einebuskar i ytterkantane. Området rundt har vore nytta til beiteareal og er såleis godt nedbeita. Sentrum av røysa er fri for lyng og steinane er godt synlege.
Gravhaug, godt markert, men med uregelmessig form. Den har vært en rundhaug og det gjenstående er under halvparten av det opprinnelige. I den NV-lige kant står en potetkjeller. Haugen er gressvokst med noen løv- og frukttrær langs kanten. Største tvm. : 16 m NNV-SSØ, høyde 2,5 m.I følge prost Kvåle het haugen Smiehaugen, men dette navn brukes ikke av gårdens folk.
Haugen er no 16 m N-S og ca. 10 m O-V. Han er noko ujamn i kantane og har truleg opphavleg vore rund. Høgda er knapt 1 m, noko høgare i N. Toppen er avflata. Han er heilt graskledd. Haugen er noko uklårt markert, men bra synleg i landskapet.
Rundrøys. Klart markert i S kant, godt synlig. Delvis torv- og graskledd, i N kant ein raun. Ein del av kanten er bortrast i N kant slik at berre eit segment av haugen er bevart (ca 2/3). D. ca 9 m, h. ca 1 m.
Røysa er 8-9 m i tverrmål og kring 1 m høg. Ho er bygd av 0,1 - 1,0 m store steinar/blokker som for ein stor del er overgrodde av mose, lav og ris. Røysa er noko utkasta langs kantane. I midten av røysa er eit ca. 2 m vidt og 0,8 m djupt søkk. Ved austre kant av søkket veks eit furutre og det står ein del furer langs kantane av røysa.
Røysa kallast Flekahaugen og ligg i nokså bratt lende ned mot elvebardet. Dyrka mark ligg rundt omkring og fornminnet ligg i skiljet mellom bnr. 1 og 2. Tverrmålet på røysa er 20 m og høgda frå fot i N er 2,5 m. Den er kledd med lauvskog over det heile. Eit tunt torvlag dekkjer røysa og det ser ut til å vere kasta innpå ein del stein i V og på toppen, der det elles er grave ein del.
Fornminne: Gravhaug (?). Iflg. eieren skal haugen ha vært omlag 2 m i diameter høyde ubestemmelig, men lav. Under haugen ble det påtruffet et rektangulært kammer, ca 1 x 2 m, kantsatt med heller. Eierens far, Birger Hansen, rotet litt i kammeret som var fylt med rødlig, løs jord. Ingenting ble funnet. - Dette hendte ca 1950. I dag er stedet sterkt tilgrodd av ugress og vanskelig å påvise.