Hulveier med flere parallelle løp i østre ende der terrenget er brattest. Helt i øst møter veifarene en liten bekk. Terrenget på sørsiden av bekken er ikke befart, det er mulig det finnes fortsettelser av veifarene der.
På lokaliteten er det to ståande bygningar, samt ein steingard som omkransar stølen. I tillegg er der 3 tufter. To av tuftene er godt markerte med høge murar, mens den siste er lite synleg i terrenget. Eit prøvestikk vart gravd inne i denne tufta, men resultatet var negativt. Området rundt lokaliteten er generelt vått, dei fleste bygningane er plasserte i skråninga. Der er det grasmark, lenger nede på lokaliteten er det flatare, men også mykje våtare og myrlendt. Vi gravde 2 prøvestikk for å sjå etter teikn til forhistorisk dyrkning. I PS 1 vart det registrert eit grått lag med kolbitar. Laget var sandig med litt humus. Dette låg under opptil 14 cm med torv og brun matjord. Det vart teke ut dateringsprøve frå laget, resultatet viste ei datering til folkevandringstid. På bakgrunn av eit lite prøvestikk er det noko vanskeleg å fastslå kva dateringa representerer og om ein kan dra slutning om utstrakt aktivitet og bruk av området i folkevandringstid. Prøvestikket er plassert inntil steingarden. I dei andre prøvestikka var det ikkje mogleg å skilje ut ein stratigrafi. Prøvestikket der det blei tatt ut datering, blei seinare utvida for å sjå om vi kunne slå fast dyrkingslag, men laget med kolbitar var ikkje å finne igjen vidare i det utvida prøvestikket.Det er ikkje mogleg å seie kva dette kollaget representerar på grunn av at ein ikkje kunne følge det vidare i noko retning, det er av for lite omfang til å kunne seie om det er spor etter dyrking, avfall eller kulturlag. Det kan vere mogleg at stølen har vore i bruk i lang tid med tanke på andre dateringar frå vikingtid frå ein støl i nærleiken. Rotenesstølen ligg heller ikkje så langt frå Fossen gard, og denne garden er nemd i skriftlege kjelder alt på 1500-talet og er truleg eldre enn dette. Dette kan tyde på langvarig bruk av området.
På stølsanlegget er det 2 ståande bygningar, i noko dårleg stand. I tillegg er det 3 tufter, desse er godt markerte i terrenget. Tuftene har restar etter treverk innvendig, og alt tyder på at det er nyare tids kulturminne. Ein steingard omkransar stølen. Ei elv renn gjennom stølen i den vestlege delen. Dei ståande bygningane ligg i dag på ein liten tørr voll. Tuftene ligg også høgt, i nær samband med steingarden. Midt på lokaliteten er det svært vått og det har danna seg myr. Truleg har ein ved å flytte husa oppi skråningane freista å unngå det våtaste området. Grunna mykje myr var det også vanskeleg å finne eigna stader å undersøkje evt. dyrkingslag ved hjelp av prøvestikk. To prøvestikk vart teke på den tørre vollen nær dei ståande bygningane. Der vart det registrert kolhaldige lag, men igjen er det vanskeleg ut frå to små prøvestikk å fastslå kva kollaget representerar. Om ein ser på dateringar frå områder i nærleiken kan ein tolke det som at det har vore menneskleg aktivitet her ganske lenge, men det er vanskeleg å seie noko sikkert med så lite materiale. Prøvestikk 1 fekk dateringar til moderne tid og prøvestikk 6 til vikingtid.
Et jernvinneanlegg ligger på toppen og i vestskråningen av en liten høyde. Produksjonsområdet ligger på toppen med slaggutkast nedover skråningen mot vest. Øst for produksjonsområdet ligger det to kullgroper. Kun kullgropene er synlig på markoverflaten sammen med enkelte slaggklumper.