Beskrivelse fra lokalitet:
Øvst på jordet under 121/5 og fleire bruk ein vel 50 meter frå riksvegen og tett attmed bakkebrotet ned mot bekken vart det i ei søkesjakt funne spor etter førhistorisk busetnad. Området er avgrensa til kanten ned mot bekken. Her vart det funne fleire nedgravingar og spor etter nedgravne stolpar. Det var likevel ikkje råd å identifisera noko mønster eller system i plasseringa av stolpane. Ei nedgraving vart identifisert som eit mogleg grophus.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Konsentrasjonane av annleggspora, i alt 9 sikre spor etter førhistorisk aktivitet viser at busetnaden eller bruken har vore lokalisert på toppen av morene-ryggen. Sjakter i området vest og sørvest for funnstaden viser at det tilstøtande området ikkje har vore i bruk til busetnad. Samanliknar me grunntilhøva frå elvabrotet og området lenger ut mot dagens vegkryss er grunnen i sjakt 4 mykje meir finkorna og stabil. Lenger mot vest er det grovare grus og har meir lausastein. Området ligg då og i ei dump som kan ha vore mindre attraktiv som busetnadsområde. Mengda strukturar i sjakta er ikkje stort og me er difor mest truleg i utkanten av eit tunområde. Dersom vår tolking av anlegg 23 som eit grophus er nok dette ein del av ein større samling hus og byggverk i eit gardstun. Det vart tatt ut ein prøve for radiologisk datering av det moglege grop-huset og denne gav ei datering til vikingtid. Plasseringa av huset lengst utpå brotkanten viser at dette er ei randsone for tunet som må ligga i nærleiken. Mest truleg ligg tunet lenger opp og sørom riksvegen. Me er slik på sporet av jernaldergarden i Førde.
Beskrivelse fra lokalitet:
Skålgroper av jordbruksristningstradisjon. Koordinater: Y: 33585, X: 674185
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Skålgropsfelt av jordbruksristningstradisjon. Koordinater: Y: 33585, X: 674185, Høyde over havet: 111 m
Beskrivelse fra lokalitet:
Inne på gnr 121, bruk 55 vart det gravd to sjakter, i den eine vart det funne eit anlegg tolka som ei kokegrop. Denne er sirkulær og har eit tverrsnitt på 50 centimeter. Det var ikkje noko særleg med trekol i flata og anlegget er dermed noko uvisst. På grunn av tida vart det ikkje gjort meir enn flatedokumentasjon av anlegget.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kokegropa er rund og vel 0,5 meter i tverrmål. Steinane er kantete og truleg mykje eldpåverka. Det er lite trekol synleg i overflata og kring kantane av gropa.
Felt II, III og V består av motiver som tilhører jordbrukristningstradisjonen. II er lengst i sørvest. Geometri nyinnlagt 2015 v L Forseth. NTFK. Da er og II, III og V gitt enkeltminnestatus og geometri. Feltet er strukket litt lengre mot Vest pga et område med stort potensial for nye funn.
Beskrivelse fra lokalitet:
I samband med registreringa vart det inne på ein dyrka mark på gnr 120 bruk 2, om lag 100 meter nordaust om butikken i Førde sentrum registrert ein mogleg gravhaug. Dette er ein haug som ligg ytst på ein mindre terrassekant midt mellom to mindre elver. Det er ikkje informasjonar om funn i dette området, men nærleiken til kjente gravfunn og nyregistrerte kulturminne gjer det rimeleg å sjå haugen som ein mogleg gravhaug.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Sjølve haugen reiser seg vel 1- 1,5 meter over flata rundt. Den er noko utjamna og det er vanskelegå definera eit klart skilje mellom haug og bakke, særskildt i søre kant. Tverrmålet er mellom 7 til 8 meter, men kan om ein tar med det dyrka areal rundt haugfoten, vera opp i mot 15 meter i tverrmål. Nordre kant er avgrensa med terrassekanten. Nedanfor haugen er det tilvakse med krattskog. I opent lende har haugen vore fint plassert i terrenget.
På en lav bergrygg i skogen. Lav og overgrodd med småskog og mose. Litt vanskelig å se, men likevel tydelig når man står på haugen. Stein kan føles under mosen. Ca 8 m i diameter.
Gravhaug vesentlig av rundkamp, noe torv og grusjordblandet. Jevnt avrundet profil. Kantmarkering stort sett skjult av vegetasjonen. Dårlig synlig. Stort krater i midtpartiet med sjakt mot Ø. Overgrodd med småkratt og buskas gress og mose.