Rundaktig røys med uklar form og godt markert i S-delen. Røysa lagt direkte på fjell. Svakt avrundet profil. Røysa er bevokst av einerbusker, lyng og mose. Diameter ca. 4 m, høyde ca. 0,4 - 0,5 m.
Beskrivelse fra lokalitet:
Arealet til lokaliteten er for nordre del vel 50 meter frå gjerde og nord nordaust, i aust vest retning strekker lokaliteten seg over heile draget som er vel 40-50 meter breitt. På søre side strekker dei funnførande prøvestikka seg vel 60 meter i nord-sør retning. Men det er berre i området inn mot bytet mellom 10,11 og 2 at lokaliteten strekker seg over heile draget. Negative prøvestikk i søre kant viser at lokaliteten snevrar seg inn i mot sør og det funnførande området vert berre nokre få meter breitt. Der gangstien går i dag er det funnførande laget i underkant av 5 meter breitt. Området er i dag våtlendt og midtre deler av arealet er tildels svært fuktig. Dei positive prøvestikka sprer seg i ei smal brem på vestsida av dette fuktige arealet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Strategrafien på det omsøkte arealet er det i dag svært fuktig og vatn står i dag i overflata. På grunn av bergkollen som stenger for ei naturleg avrenning ned mot sjøen får store deler av arealet eit myrlendt preg. Profilane i dei prøvestikka som ligg i det mest vassrike området viser då ei tjukktorvdanning, medan profilen i prøvestikka på dei tørrare delane viser at arealet er gamaltåkerland. Det er grunn til å tru at området sin meir våte karakter og har vore tilfelle bakover i tid.Og konsentrasjonen av funn i søre kant viser at dei har halde til ein meir avgrensa del avområdet.Prøvestikka i heilt i sør viser eit vel 15-20 cm. tjukt lag med torv over eit lag med grov grus og mindre stein. Innover og opp draget endrar lagdelinga seg noko og me får ei fastare grastorv og meir finkorna grus i undergrunnen. Over på nordre del er strategrafien prega av at her har vore beiteland i lang tid. Grastorva er rimeleg tynn vel 5-7 cm. Under denne kjem eit lag med torvjord, denne er svart og har tydleg vore dyrka i eldre tid. Tjukna på dette laget varierer frå vel 10 cm i søraustre del til vel 20 i nordre del. I botn av stikka på heile flaten finn me eit lag av fingrus, denne er blanda med svart jord. Dette laget er svært kompakt og er difor lite truleg forstyrraav nyare tids dyrking på staden.Ut i frå dei observasjonane som er gjort av lagdeling på staden kan det tyde på at hovudvekta avlokaliteten ligg frå vel 5 moh. på nordre side dvs. vel 60-70 meter frå grensegjerdet til bruk 82/xx. Inne på bruket strekker lokaliteten seg meir avgrensa ned mot sjøen. Lokaliteten smalnar mykje inn mot søre strandlinje og dannar slik mest ein kile ned mot sjøen. Funnkatalogiseringa viser at det er i all hovudsak flint som utgjer råstoffet. Typisk nok er detavslagsmaterialet (72 vanlege avslag, 3 makroavslag og 71 mikroavslag) som utgjer det størstematerialet. I funnmaterialet er det likevel å finne 9 smalflekker og 4 typologisk mikroflekker. Av andre råstoff enn flint er det funne rhyolitt 6 stk (avslagsmateriale), 11 kvartsitt(avslagsmateriale), 2 avslag i skifer og 3 avslag i bergart, korav det eine har slipespor. DateringTidfesting av lokaliteten er vanskeleg avdi materialet ikkje innheld dei klare peikarane mot ei eller fleire tidsperiodar. Funnet av rhyolitt skulle gjeva oss ei tidfesting til tidlegneolitikum, men talet på avslag er så lågt at me statistisk har vanskar med å festa lit til ei eintydig plassering til tidlegneolitikum. Funnet av to skiferbitar kan vera med på å datera funnstaden til neolitikum, men berre to avslag utgjer i så måte eit enda spinklare grunnlag for å tidfesta denne lokaliteten. Funnet av mikroflekker kan skyva dateringa bakover i tid, men det er ikkje råd å setja desse som absolutte tidsmarkørar. Fråveret av koniske kjerner kan vera tilfeldig, men kan og vera einindikator på at flekkene er meir tilfeldige mikroflekker. Ei smalflekke har ein brotkant som kan minne om mikrostikkel teknikk. Dette skyv tidfestinga enda eit hakk bakover i mesolitikum. Ingen mikrostiklar eller anna mesolittisk materiale er representert i funnmaterialet. Det er difor nærliggjande å tru at denne er tilfeldig. Ei tidfestin til steinalderen sin yngre del synest å vera mest haldbar og lokaliteten kan slikplasserast i mellomneolitikum.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet 1. Steinalderlokalitet vart funne i ein eldre alt opparbeida landbruksveg like i kant av planområdet. Her vart det på vel 15 meters høgd over Drageidpollen gjort funn av avslagsmateriale frå steinalderen. Tidsmessig er den truleg plassert i tidleg yngre steinalder.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Daldrag går jevnt opp frå inste del av Drageidpollen opp mot Vestbøstadtjødna i aust. Funnstaden ligg på ei hylle retta mot nord ut i eit aust-vestgåande daldrag. Her er lyngvegetasjon ognoko buskfuru og vier/bjørk Lokaliteten er påvist i ein eldre opparbeida landbruksveg som går tvers over flaten. Det er gjort funn i eit vel 200 kvadratmeter stort areal. Det er ikkje prøvestukke på plassen då det i overflata var jamna med gravemaskin. Lokaliteten er slik rimeleg forstyrra av tiltaket over flaten. Mykje øydelagt/omsnudd av graving og veganlegg. Funn ligg oppe i dagen og vert vaska fram med regnver. Tiltaket er gjort for ei stund attende og området er no i ferdmed å gro til.
2. Fangstgrop. 26g (NØ) og ca 60 m fra grop no 1, på SV-siden, ved midten og delvis innpå Vihammermyra. Gropa har stor og iøynefallende voll som hever seg over myra, gravet ned i Ø-enden og naturlig forhøyning. Rund grop som er delvis fylt med vann. Bjerketrær i gropa, ellers lyng og mose. Utsikt over myra mot N, Ø og SØ. Diameter med voll 5,40 m, indre diameter 2,7 m. Dybde 1,2 m. Høyde på voll 0,4 - 0,5 m.
Slak berghylle i ein søraustleg vendt bakke ned mot Hellandstraumen. Her er lyng og torvmyr vegetasjon. Flaten ligg rett ved eksisterande hyttefelt. Området er delvis kuppert med svaberg stikkande opp i dagen. Mykje vassig i frå myra. Lokaliteten er påvist på ein flate der bergskoltar og større stein har lagt att noko morenemasser.Det er relativt vått på funnstaden, men dette kan skuldast årstida registreringa vart gjort på då vegetasjonen ikkje såg ut til å vera vasserodert. Funnstaden er liten i utstrekning og har sett ut ifrå prøvestikka få funn. Det er ikkje observert noko kulturlag eller liknande på lokaliteten.