På lokaliteten vart det registrert eit fossilt dyrkingslag. Dette vart påvist i tre prøvestikk, P4, P5, P6 jmf rapport. Øvst i prøvestikka er om lag 10 cm torv, så 30-50 cm med eit lag blanda av grus, sand og jord. Dette er tørt og lyst brunt. Under dette laget kjem lag 3, eit lag av jord, sand og kol. Laget er mellom 5-10 cm tjukt og vart tolka som fossilt dyrkingslag. Under er undergrunnen av grus og sand. Angrensinga av laget er noko usikker, men vart registrert frå steingarden i sør og om lag 20-30 m mot nord.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten består av to kokegroper, som det trolig er svært lite igjen av.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
F1 Kokegrop Mål: 120 cm i diameter. Rund og tydelig, men med en utposing i sørvestre del. F2 Kokegrop Mål: 80 x 95 cm. Oval form.
F1 Mulig utpløyet røys Mål: Omlag 3,5 x 5 m. Oval form. Består av stein plantet godt ned i leiren med kullspetter omkring dem. Steinens dimensjon er mellom 15 til 30 cm. Konsentrasjon av stein i øst. Hele den undersøkte trasseèn har før dette funnet vært fri for stein.
Beskrivelse fra lokalitet:
Heller med opplødd steinvegg med døropning.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Heller med opplødd steinvegg og døropning under steinblokk.
Beskrivelse fra lokalitet:
Heller med livdemur under steinblokk. Golvet er stort, men det renn eit bekkesik over golvet, og i bekkesiket er det grave ein brunn, så ein slepp å gå ut for å henta vatn. Der er likevel 8 tørre liggjeplassar inst under helleren. Der er benkjer til å sitja på langs livdemuren. Helleren blei vist fram som led i gardsturisme i 1970-80-åra. Det blei prøvd å tørka ut golvet med hjelp av avlaupsrøyr av plastik.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Heller med livdemur under steinblokk. Helleren er svært stor, men eit bekkesik renn over golvet, og i dette bekkesiket er det gravd ein brunn. Ein tarv altså ikkje gå ut or helleren for å ta vatn. Der er likevel 8 tørre liggjeplassar på ein pall inst under helleren. Der er benkjer langs livdemuren til å sitje på. Utlaupsrøyr av plast under golvet. Helleren var brukt som led i turisme på det vestlegaste gardsbruket i 1970-80-åra.
Beskrivelse fra lokalitet:
Heller med livdemur under fast fjell, plass til 4. Segna seier at rudningsmannen Ruse budde under helleren til dess han fekk bygd seg hus på Ulland.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Heller med livdemur under fast fjell, plass til 4. Segna seier at rudningsmannen Ruse budde under denne helleren til dess han fekk bygd hus på garden.
Det funnførande området er definert ut frå 6 positive prøvestikk. Desse er fordelt utover eit område med tre mindre graskledde terrassar. I sør er området avgrensa av ein bergkanus, denne gir fin ly til området. I nord og vest avgrensar ein grusveg. Funna er gjort i overgangen mellom torv og sand/gruslag eller øvst i sand/gruslaget. I PS 5 (jmf rapport) vart det funne 1 avslag i flint og 1 sannsynleg mikroflekke. I kvart av dei andre prøvestikka vart det funne 1 mogleg avslag i kvarts.
Rapport: Askvoll k., reg.plan Vårdalsneset, ytre Vårdal gbnr. 2002-10-13 - SFJ - Rapporter 2006
Beskrivelse fra lokalitet:
Hôlrom under ur. Ura ligg i den vestre av to smådalar som stikk av nordover frå gangevegen Røyneskogen - Oppoptevannet. Ura ligg ved toppen av den fyrste stigninga av denne smådalen, sør for myra i denne smådalen. Hôlromet er på rundt 8 m2. Segna seier at folk heldt forbodne katolske messer her like etter reformasjonen. Steinar til å sitje på, og stein til altar ligg på golvet. Ein stig ned i hôlromet ovanfrå. Hôlromet har opning mot sør med utsyn nedover smådalen. Her er ingenting som liknar ei kyrkje.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Hôlrom i ur. Ligg i den vestre av to smådalar som stikk nordover frå gangevegen Røyneskogen - Oppoptevannet, i toppen av den fyrste oppstigninga i smådalen. Ein kan stiga ned i hôlromet ovanfrå. Hôlromet er på rundt 8 m2. På golvet ligg det steinar til å sitja på og ein avlang stein øvst "som dei brukte som altar". Segna seier at folk heldt forbodne katolske messer her like etter kyrkjereformasjonen av 1536. Andreas Sæveland skreiv bladstykket "Rønskogkirken i Herad" i "Farsunds Avis" 14.01.1981, og der skreiv han: "Kirken har plass til ca. 40-50 personer, forteller de som har vært inni", men han har tydelegvis aldri vore her, og han må ha lagt på ein 0 for mykje. Men dei andre opplysningane stemmer. Hôlromet har opning mot sør med utsyn ned smådalen. Hôlromet er ikkje høgt og spisst som i ei kyrkje, men ein kan stå oppreist der inne.