Beskrivelse fra lokalitet:
Rydningsrøysa ligg like sør for fylkesvegen, på dyrka mark, i slak helling mot sør.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Struktur 2-1 er ei rydningsrøys som måler 1x1,4 meter på det største og er om lag 20 cm djup. Røysa består av tettpakka, nevestor rullestein, brun/mørk brun sand og trekol. Nokre av steinane såg ut til å vere skjørbrende. Det var ikkje lagskiljer i røysa.
Beskrivelse fra lokalitet:
Tre tilnærma runde strukturar, ligg samla på flaten, i eit område på om lag 6x5 meter.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Alle dei tre strukturane er groper med trekol og slagg. Struktur 20-1 vart snitta. Denne er 1,3x1 meter i plan, ligg om lag 40 cm under overflata og er 30 cm djup på det djupaste. Nedgravinga har form av ein jamn boge. Massane består av mørk brun sand med enkelte nevestore steinar. Det ligg her slagg både i botnen av gropa og høgare oppe. Struktur 20-2 og 20-3 var som struktur 20-1 men var noko mindre i utstrekning. Dei var også noko øydelagde av seinare aktivitetar, truleg jordbruket i området.
Beskrivelse fra lokalitet:
Heller under fast fjell. Blei brukt til å ha tørka lauv under, til vinterfôr. Stortjuven Ola Høyland overnatta under denne helleren då han ville sjå att heimegarden sin i 1816, etter at familien hadde flytt til byen. ID 110150 er stroken av di han var det same som dette ID.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Heller under fast fjell. Brukt til å ha tørka lauv under, til vinterfôr. Ola Høyland overnatta under helleren då han stakk innom heimegarden etter å ha flytt til byen saman med foreldre og sysken.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lang heller under fast fjell, godt med liggeplass under han. Der ligg ei dynamittkasse under han. Der veks hassel, småborre, svartburkne og murburkne.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lang (brei) og låg heller under foten av eit stup langs øvre kant av traktorveg. Ei dynamittkasse ligg under ein del av helleren. Der veks småborre og murburkne. Ei skòr = ei diger fjellhylle, ein avsats eller flate oppunder brattfjell.
Beskrivelse fra lokalitet:
Eit samansurium av hellerar og holrom under steinblokker og under fast fjell, særleg ein nordvend, men vindopen heller. Segn om at tjuvar heldt til under helleren. Dei blei oppdaga ved at folk på garden Øvrebø fekk sjå røyk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Eit samansurium av hellerar og holrom under steinblokker og fast fjell, m.a. ein nordvend og vindopen heller. Segn om at tjuvar heldt til under helleren, men blei fakka då folk på garden Øvrebø oppdaga røyk her.
12 jordblandede gravrøyser av ulik karakter, de fleste runde, noen toppede og mange lave. En hulvei går gjennom feltet i nord/sør retning, og kan følges i 175 meter. En rydningsrøys hører med innenfor lokaliteten.
Hulvegen var om lag 4,5 m brei, og opp til 70 cm djup. Den vart målt inn med GPS så langt tiltakspunktet for registreringa nådde vestover, og den slutta ved ein bekk i aust.