Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Bautasteinen er 2,2 m høg, 0,2 m tjukk og 0,6 m brei. Breisidene vender mot NO og SV. Steinen er jamn og fin i kantane og har få sår, med unnatak av toppen. Steinen er noko tilgrodd av mose og lav.
Gravhaugen er om lag 23 m i tverrmål og om lag 3 m høg. Han er bygd av steinar/blokker og jord, som no er tilvaksne av gras. Der steinane/blokkene stikk i dagen, er dei frå 0,15-0,8 m store. I vestlege delen av haugen er det eit søkk orientert O-V. Søkket er om lag 8 m langt og 5 m vidt og frå 0,6-1,2 m djupt. I austlege delen av haugen er det eit mindre søkk, orientert N-S. Dette søkket måler 2,5 x 1,5 m og er heller lågt. På gravhaugen veks nokre bjørketre. Haugen er klårt markert og godt synleg i lendet.
Haugen er om lag 10 m i tverrmål og 0,75 m høg. Ein kan ikkje sjå stein i dagen, men nokre stader midt på haugen kan ein kjenne dei under grasdekket. Det vart og nemnt av grunneigaren at dei kom ned på turr røysstein då dei sette opp flaggstonga på haugen for nokre år sida. Vestlege del av haugen er gjennomskoren av ein skogsveg. I skjeringa ligg ein stor jordfast stein, men elles kan ein ikkje sjå noko her. På haugen veks nokre bærbusker og anna kratt. Han er dårleg markert og ikkje særleg tydeleg i terrenget.
Røysa fk.nr. 2/1 er kring 10 m i tverrmål O-V og 7 m i tverrmål N-S. Høgda på røysa er opptil 0,5 m i O og NO. Ho er bygd av 0,1-0,7 m store steinar/blokker som er sterkt tilgrodde med mose. I sentrum av røysa er der eit søkk som er om lag 2 m i tverrmål og 0,75 m djupt. Røysa er elles noko utkasta og omrota. Det veks ein del furetre på røysa.Røysa fk.nr. 2/2 ligg 13 m V for fk.nr. 2/1. Ho er kring 7 m i tverrmål og opptil 0,5 m høg i NV. Elles er røysa låg og går mest i eitt med lendet ikring. Røysa er sterkt tilgrodd med mose, men ein del 0,1-0,6 m store steinar/blokker ligg i dagen. I sentrum av røysa er eit kring 2 m vidt og 0,35 m djupt søkk. Det veks nokre furutre på røysa.
Røysa er kring 12 m i tverrmål og opp mot 1,5 m høg frå SV. I søre del av røysa er det eit sår der 0,1-0,6 m store, mosegrodde steinar/blokker ligg i dagen. Røysa er elles tilvaksen med ris, lyng og lauvtre. Av tre store røyser i området er dette den jamnaste og rundaste, og vel den einaste som med noko visse kan seiast å vera gravrøys.
Haugen måler 13,5 m SO-NV og 7,5 m SV-NO, men opphaveleg har han truleg vore 14 m i tverrmål. Nordlege delen er no heilt utjamna. Høgda er noko vanskeleg å avgjere, avdi haugen er lagd på ein naturleg kul i terrenget. I SV er den totale høgda 1,5-2 m. Haugen er heilt overdyrka og graskledd. Sørvestre del av haugen er tålig bra markert, medan markering vantar i N og NO. Haugen er ikkje særs tydeleg i terrenget.
Røysa, som vert kalla "Oppkasturda", er 15 m i tverrmål, 3 m høg og bygd av 0,2-1 m store steinar/blokker som er tilvaksne med mose. Frå søre del av røysa går det eit kring 7 m langt, 5 m vidt og 2,5 m djupt krater inn til sentrum. I dette krateret, om lag midt i røysa, ligg det eit kring 2,4 m langt og 1 m vidt kammer som er orientert VNV-OSO. Kammeret, som er attfylt med jord og småstein, er klårast markert i O. Like NNV for kammeret ligg ei 1,3x0,6x0,35 m stor helle. I søraustlege del av krateret veks det ei bjørk.
Helleren er no for det meste vekksprengd i samband med vegbygging. Helleropninga vender mot NNV. Der den urørde hellerveggen tek til, vart det funne ei bronsespenne.