Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
"Kråkerøyso" ligg på berg 10 m frå stranda på eit nes mellom Båtavik og Slåttevik. 17 m i tvm., opp til 1 m høg, sterkt utkasta, mykje stein er teken til ballast, så somme stader er berre botnen att. Røysa er mykje overgrodd og ligg slik Fett og Bakka registrerte den. Den er vel 17 meter vid og i overkant av ein meter høg. I følgje Fett var det skader fleire stader på røysa, i 1999 var desse mindre markerte og overgrodd, det vart ikkje observert ny
Røysa er overgrodd med lyng og mose. Røysa Er skadd i nordre kant etter arbeid med bustadtomta. Ut i frå arkivet var den vel 8 meter i tvermål og vel 1 meter høg. I dag er 1-2 meter skava av i nordre kant.
Røys 50 ligg tett i vegkrysset, i dag er det gras og buskar og nokre blomar som utgjer dekket på røysa. Røysa er vel 14 meter i tverrmål og mest 2 meter høg. Røys 51 er omlag jamnstor i tverrmål, men noko lågare, vel 1,5 meter. I 1957 vart det konstate
Røysar på vestsida av Byrkjenesklubben, mellom Monsaberget og Guleklubben, på berg med høgt, bratt stup mot sjøen i V. Det ligg i rekkje N-S langs brotkanten. Fk. 5/1. Røys lengst S. 5 m i tvm., låg, sterkt utkasta. Fk. 5/2. Røys 2 m N for fk. 5/1. 15 og 12 m i tvm., 2 m høg med små sår i midten, visseleg urørd nedi. Her skal likevel vere f. to urner. Fk. 5/3. Røys 6 m N for fk. 5/2. 7 m i tvm., ein god halv meter høg, med fotkjede av svære, kantete steinar, serleg på vestsida mot sjøen. Litt utkasta, tilgrodd med lyng og brake. Fk. 5/4. Røys 5 m N for fk. 5/3. 6 m i tvm., låg, med fotkjede. Litt utkasta og uryddig overgrodd. Midt i ligg ein stor, flat stein, 1 1/4 m i kvar kant, ein ser og ståande flate steinar, truleg av ei kiste men alt er så uryddig at dei ikkje kan gje nokon tanke om storleik og orientering på kista. Fk. 5/5. Røys ligg tett N for fk. 5/4. 10 m lang N-S, 6 m brei, l/2 m høg. Ligg på kanten av brotet beint opp for Guleklubben. Midt langs etter nordre del av røysa er ei samansigen kiste, mura av store, flate steinar med tre takheller fritt i dagen tvers over. Kista er 60 cm i N, minst mannslang, men er heller bortimot 4 m lang. Søre delen er sigen mykje i ulag. Røysa er overgrodd. I 1999 ligg røysene slik som dei gjorde i 1957. Røys 1 ligg lengst sør og er vel 5 meter i tverrmål, den er låg. Røys 2 ligg tett nord for 1 og er etter Fett mellom 12 og 15 m i tvm den er 2 meter høg og har vore grave i. Røys 3 ligg 6 meter nord for 2.
4 røyser Fra Fett: Funnkartet nr. 1. Tom Sande, gnr. 73, bnr. 1. Gravhaugar på Breihamar, ein bergrygg stutt O for tunet, med bratte kantar på fleire sider, tolleg flat oppå med vekslande knausar, grasbakkar og myrar. Nå kulturbeite. 1. Røys ligg truleg på berg på nordhyrna av Breihamar. 14 og 17 m tvm., 1 m høg, open røys av jamn, halvstor stein med tynn torv på. Litt opprota eit par stader i gamal tid. 6 m inn frå kanten i N var før eit ope firkanta rom, 1 m stort eller så. Nå er det tatt stein nett der. 2. Røys ligg 25 m O for 1 på ein brotkant mot N. Ho er firsidig 6 x 4 m O-V, låg, bygd av stein med litt jord på. Eit lite søkk i midten. 3. Røys 19 m SO for 2, truleg er mykje stein tatt til steingard. Nå høgst 7 m i tvm., 1/2 m høg. 4. Røys ligg 18 m VSV for 3. 5 m i tvm., heilt låg. Eit lite søkk i midten.
Fk. 1/1. Røys på Haugane eller Johaugane halvhundre meter S for tunet, på ein bakkekant Moe SO kort S og O for det gamle Tesdalstunet. Røysa er 20 og 23 m i tvm. med konkave sider, nå 1 1/2 m høg over nordre kant, knapt 3 m over søre. Det har vore tatt mykje stein og det er grunn til å tru at ho har vore 1 m høgare. Men nokon plyndring har her ikkje vore. Det var open stein nedigjennom. Fk. 1/2. Røys på same bakkekanten 2 m O for fk. 1/1. 12-13 m i tvm., godt 1 m høg over kanten i NV, 2 1/2 m i SV. Dekt med tynn torv. Søkk i midten med ei attfylld smal sjakt inne frå SO. Her var berre sett kampestein. Fk. 1/3. Røys ligg tett N for fk. 1/2. 9-10 m i tvm., 1/2 m høg, verkar låg og flat. Ein liten skalk i NV er dyrka bort, røysa synest elles urørd, men noko stein er innpåkasta. Fk. 1/4. Haug 18 m O for fk. 1/3 på same bakkekanten. 5 m i tvm., ligg i skråning så høgda er mest null oppe, med 1 m nede. Bygd som røys med tynn torv på. Midt i står ein stor stein på kant djupt og traust nedi, berre 30 cm synleg høgd, men 1 m brei og 40 cm tjukk. Haugen ser urørd ut. Midt på veks ei rogn. Fk. 1/5. Røys ligg i bakken halvhundre meter SSO og nedanfor fk. 1/1-2, på bnr. 7. 8 m i tvm., nå 1 m høg, utkasta i søre helvt og i midten og steinen ligg over kanten i NO. Tynn torv på. Frå kontrollen i 1999: Fk 1/1 Røys med måla 23 ganger 20 meter, den er vel 1,5 meter høg. Her har opp etter tida blitt tatt ut stein og røysa har vore vel meteren høgare. Denne ligg lengst mot aust ut mot bygdevegen. Fk 1/2 Røys ligg 2 meter aust for fk 1/1, den er vel 13 me
Beskrivelse fra lokalitet:
Frå Fett: "Røys, noko tvilsam, ligg sørlengst på ein knaus 200 m NNV for stova, 100 m frå sjøen, og må ifall det er ei gravrøys, vere mykje øydelagd. Tvm. kan vere 6-8 m. Postvegen gjekk tett austom."
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røysa er slik Fett skildrar den noko uviss, men i 1999 er det på staden mykje jamnstor stein. Røysa har eit tverrmål på vel 12 meter og er omlag 1,5 meter høg. Nordaust for røysa er det bjørk og rognekjerr.
Røysa er vel 10 meter i tverrmål og og har skader i kant etter forhausting, det ligg noko dyrkingsstein innpå røysa. Røysa er i dag vel 1 meter høg. Her manglar 12 røyser som er fjerna, fleire av desse har vore rydningsrøyser, men Shetelig har nummerer
Gravflokk nede på strandflata. Fk. 1/1. Langhaug låg 45 m NO for naustet, O for ein bekk som no er overdekt. Av sjølve haugen er no berre nokre steinar synlege, men i kvart hyrne står ein bautastein i ein firkant 9 x 4 m N-S. Den sørvestre er ikkje den originale. Han hadde lege nede, men var i 1825 komen opp i tunet der Neumann såg han og bad om å få han nedsett på plass. Men han ligg framleis på tunet (no på bnr. 2), og den som no står på plassen, er tatt frå haug 5, men låg først ei tid i kaien. Steinen i SO er 1,55 m høg, 45 cm brei og 12 cm tjukk, den i NO har tala 1,70, 45 og 20, den i NV 2,10, 50 og 20, medan den som no står i SV er 2,40 m høg, 60 cm brei og 25 cm tjukk. Den første av desse hallar mot O, den andre mot NV og den i SV mot N. Steinen på tunet er 2,10 m lang, 50 cm brei, 20 cm tjukk. - Haugen var opphavleg oval, 12,5 x 9 m (Ross og Bendixen overeins med Neumann). Fk. 1/2. Haug låg 25 skritt (18 m) N for fk. 1/1, no er berre ein kul att. Han var 10 m i tvm., 1 m høg. Toppen hadde vore avskaven og dei hadde funne kol og oske, truleg i ei hellekiste. Utgraven 1897 (B. E. Bendixen) under høljregn, der vart funne noko smått. Ei helle på 1,50 m låg etter hellekista, ei anna skal vere den som no ligg oppe ved vestre grindstolpe, 1,90 m lang. Fk. 1/3. Haug låg 25 skritt (18 m) O for fk. 1/1, no berre ein kul att. Han var 10 m i tvm. (Ross. Bendixens 4 m må vere feil), 1 m høg. Stein i toppen stakk opp i gjennom grassvorden. Fk. 1/4. Haug ligg 18 m ONO for fk. 1/1, eit par skritt N for fk. 1/3. 7 m i tvm., 1 m høg, stein stakk opp i gjennom grassvorden. Fk. 1/5. Firkanta steinsetting ligg 17 m NNO for fk. 1/4. Ho er 6 x 4 m NNO-SSV, mest flat. Kantane er sette med mellomstore steinar, noko øydelagd av store eiker i nordaustre og sørvestre hyrne. I dei to austre hyrna står avbrotne stumpar av bautasteinar, ein tredje heil bautastein er no flutt til haug 1, men nokon fjerde stein veit ein ikkje om. I midten er eit lite søkk etter utkasting før 1896. Fk. 1/6. Røys låg 5 m N for fk. 1/5, under og N for ein steingard som enno står. Herfrå kjem B 5598. Fk. 1/7-8. Langhaugar? Neumann, Nicolaysen (ved sjølvsyn), Ross og Bendixen nemner to slike, 25 skritt nordvestleg for fk. 1/1, 6 x 2 m O-V. Lorange meiner det er ei grøft med noko høgt oppkasta sider. Fk. 1/9. Ross og Bendixen nemner ein hesteskoforma voll tett ved fk. 1/7-8, mellom fk. 1/2 og stranda. Neumann nemner og spor av ein oval haug lik fk. 1/1 "Oppe paa Sletten, ved Siden af de øvrige Gravhøie", men "alle Stene ere borte". Er dette Loranges "Store Firkant af Sten og Jord" "høiere oppe paa Marken"? Han fekk ikkje sjølv sjå denne, då der var åker. Fk. 1/10. Kiste under flat mark ligg 35 m SO for fk. 1/1, 1,10 x 0,50 m NV-SO, bygd av flate steinar med grusbotn og helledekke. Utgraven 1962 (Per Fett). Der var berre B 11502. Frå kontrollen i 1999: 3 haugar att i eit større felt