Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Den svakt hellande flata/myra lokaliteten ligg på er om lag 25 x 25 meter. Kring denne flata er det spreidd småbjørk. Området er i dag tilvakse med gras og lyng, og grunnen er noko fuktig i dette draget. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein aktivitetsplass, og ikkje ein buplass. Topografien på staden, saman med prøvestikka, gjer at me kan avgrensa lokaliteten til å vera på ca 40 kvm i storleik. Det er i same området, sør på Spissøy, påvist fleire buplassar/aktivitetsplassar frå steinalder. Lagdelinga på lokaliteten er mykje lik over heile flaten. Lagdelinga i dei funnførande prøvestikka er som følgjande: I prøvestikk 1 er det øvst 15 cm med torv. Under denne er det 15 ¿ 20 cm med brun, svært humushaldig sand- og grusmasse. Nedst finn vi raudbrun sand og grus (aur). I prøvestikk 2 er torva på vel 10 cm. Laget under dette er og 20 cm tjukt, og er sett saman av brun, svært humushaldig sand- og grusmasse. Under dette kjem me ned på det som er tolka som gamal marin undergrunn, med finkorna sand. Lagdelinga viser ei tredeling av massen. Funna på lokaliteten er gjort i nedre del av lag to.
Flata som lokaliteten ligg på er om lag 40 meter nord ¿ sør, og 20 meter aust ¿ vest. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i alle retningar, sett vekk i frå mot sør og søraust kor den store myra ligg. Lokaliteten har lege på ei flate mellom den dåverande strandlinja og den brattare skråninga i vest. Topografien på staden, saman med prøvestikka, gjer at me kan avgrensa lokaliteten til å vera om lag 50 kvadratmeter i storleik. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein aktivitetsplass, og ikkje ein buplass. Det er teke 4 prøvestikk på lokaliteten, der eitt var funnførande. Prøvestikk 1 vart grave ved registreringskurset, medan stikk 2, 3 og 4 vart grave i januar 2000. På flata varierar tjukna på torva noko, men er for det meste berre 5 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit vel 20 cm tjukt lag med mørk brun matjord blanda med litt sand og grus (lag 2). Nedst finn me eit mørkare lag med sand og grus (steril). Lokaliteten er forstyrra av seinare jordbruksaktivitet (lag 2).
Utstrekninga er ikkje spesifisert, men med berre eitt funnførande prøvestikk og eitt funn, så kan det høgst vera tale om nokre få kvadratmeter om dette er ein så kalla aktivitetsplass. Ut frå plasseringa, mengda funn, strategrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein aktivitetsplass, og ikkje ein buplass. Lagdelinga på lokaliteten er mykje lik over heile flaten. Lagdelinga i dette er som følgjande: I prøvestikk 1 er det øvst 15 cm med torv. Under denne er det 15 ¿ 20 cm med brun humushaldig sand- og grusmasse. Nedst finn vi undergrunnen i form av raudbrun sand og grus.
I kanten av den N-S-gående terrassen: Grop, orientert N-S. Lett synlig og tydelig. Jevne sider og flat, langstrakt bunn. Vag fure i sidekanten mot NNV. N-sida er glidd ut og bryter den jevne terrassekanten. Lyngdekket. D 3m, br 2,5m, dybde 0,6-1m. Gropa kan være en sammenrast dyregrav. På den flate moen i S- og V-lig retning sees flere tydelige rotvelt.
Kontrollregistrering 2014: gropa er tildekket av hogstavfall og uklart markert i terrenget. Stikking med jordborr ga ikke funn av kull.
Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 30 meter nordaust ¿ sørvest, og vel 15 meter nordvest ¿ søraust. Buplassen dekker såleis ei flate på opp mot 500 kvadratmeter. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i to retningar, medan det ligg myr både på nedsida og oppsida av lokaliteten. retningar, sett vekk i frå mot sør. Den svakt hellande flata har gjeve god drenering på buplassen, og på heile lokaliteten er det eit sand og gruslag som ein ikkje finn kring lokaliteten. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. Det er teke 7 prøvestikk på lokaliteten, der 6 var funnførande. Prøvestikk 7 på nedsida av lokaliteten var funntomt, medan det i prøvestikk 4 berre vart funne eit avslag vassrulla flint. Dette stikket er teke i kanten av myra på oppsida av buplassen. Desse stikka avgrenser difor lokaliteten i desse retningane. Ut over det, er lokaliteten avgrensa av berg. Prøvestikk 1 - 6 var funnførande. På flata varierer tjukkleiken på torva noko, men er for det meste kring 20 cm tjukk (lag 1, lag 1 og 2 i PS 1 og 2).Under dette kjem det eit 10 cm tjukt gråbrunt sand- og gruslag som er funnførande (lag 2 i PS 1, 5 og 6, lag 3 i PS 2 og 3). I tillegg er det i PS 2 og 3 avdekt eit humushaldig sand- og gruslag med mykje trekol og skjørbrent stein. Det vart og funne brent skal av hasselnøtt i dette laget. Dette ser ut til å vera restar etter eit bevart kulturlag (lag 4). Nedst finn me over det meste av lokaliteten eit raudbrunt sand- og gruslag (undergrunn). I PS 1 finn me leire nedst.
Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 15 meter aust ¿ vest, og 8 meter nord ¿ sør. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i sør og aust, medan den store myra ligg i nord og vest. Topografien på staden, saman med prøvestikka, gjer at me kan avgrensa lokaliteten til å vera om lag 50 kvadratmeter i storleik. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga av funna ser lokaliteten ut til å vera ein aktivitetsplass, og ikkje ein buplass. Aktiviteten kan truleg knytast til buplassen på lok. 5. Det er tatt 4 prøvestikk på lokaliteten, der eitt var funnførande. På flata varierar tjukna på torva noko, men i det funnførande stikket som ligg 5 meter nord for bergveggen er torva 20 cm tjukk (lag 1). Under denne er det 15 ¿ 20 cm med brun humushaldig sand- og grusmasse med ein del større stein som truleg er rasa ut frå bergveggen (lag 2). Nedst finn vi raudbrun sand og grus (aur).
Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 50 meter nord ¿ sør, og vel 25 meter aust ¿ vest, og gjer ei flate på vel 1000 kvadratmeter. Topografien, saman med prøvestikka gjer at me kan anslå buplassen til å vera opp mot 400 kvadratmeter. Den svakt hellande flata har gjeve god drenering på buplassen ned mot sør, og på heile lokaliteten er det eit sand og gruslag som ein ikkje finn kring lokaliteten. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. På flata varierar tjukna på torva noko, men er for det meste kring 15 til 20 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit 10 cm tjukt grått til gråbrunt sand- og gruslag som er funnførande (lag 2). I tillegg er det i PS 3 avdekt eit mørkt brunt til svart kolhaldigt sand- og gruslag over dette. Det vart og funne brent skal av hasselnøtt i dette laget. Dette ser ut til å vera restar etter eit bevart kulturlag (lag 4). Nedst finn me over det meste av lokaliteten lys grå til mørk grå sand- og grus (undergrunn).
Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 30 meter nord ¿ sør, og vel 20 meter aust ¿ søraust, og dekker såleis ei flate på opp mot 600 kvadratmeter. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i tre retningar, medan det ligg myr mot nord. Dette gjer at me ut frå topografien og prøvestikka kan anslå buplassen til å vera opp mot 300 kvadratmeter. Ein steingard fylgjer topografien i området og syner såleis avgrensinga av lokaliteten i alle retningar bortsett frå mot nord. Eit heildekkande sand- og gruslag har gjeve god drenering på buplassen. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. På heile flata er torva noko om lag 10 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit 10 til 20 cm tjukt lag med lys brun til brun sand og humusblanda med noko grus (lag 2). Dette er funnførande lag. Nedst finn me over det meste av lokaliteten brun sand og grus (undergrunn).
Lokaliteten ser ut til å strekka seg 120 meter aust - vest, og vel 50 meter nord ¿ sør. Det er ikkje prøvestukke i hellaren, men den har truleg vore i bruk etter som den ligg kloss i lokaliteten. Kraftige tørrmurar i hellaren syner at den har vore i bruk i nyare tid. I skråninga like bortan for hellaren vart det i dei snudde massane etter kloakkleidningen funne avslag i grønstein og flint. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein stor buplass. Det er ikkje teke prøvestikk på lokaliteten. Det er grave ei open dreneringsgrøft, og ein kloakkleidning over lokaliteten. I dei oppgrevne massane var det mykje funn i tillegg til at det var ein del funn i profilveggen i grøfta. I dei attgrevne massene etter ei kloakkgrøft var det mykje funn i flata. Dette syner at lokaliteten strekk seg eit godt stykke opp i skråninga mot nord. Dette er ein svært stor lokalitet, med kraftige funnførande sand- og gruslag på opp mot 40 cm. Funnsamansetninga og laga syner at lokaliteten har vore i bruk i fleire tidsperiodar.