Sikringssoner

Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»

Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.


Filter
Sorting
  • 129719-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/129719-1
    kulturminneid
    • 129719-1
    lokalitetid
    • 129719
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Lokalitet R 129719 ligg på ei mindre flate, nede i eit søkk. Søraust for R 129719 går ein sti i nordleg retning mot Steinbrua. Rett ovanfor stien, i det terrenget byrjar å stige bratt oppover ligg, K 129720 (hellar). Følgjer ein nordsida av steinura/bergveggen i austlig retning så kjem ein til K 129721 (hellar). Ut frå K 129720 har ein utsyn ned til K 129719 og mot Steinbruvatnets sørligaste ende. Tufta er ikkje nemnd på eldre amts-kart, noko som synar at ho ikkje har tilknyting til stølsdrift frå nyare tid. Beskrivelse fra Enkeltminne: S1 er ei rektangulær frittliggjande tuft, som måler 7 x 5,5 meter med ei høgd på 0,6 meter. Tufta har ein meter breie veggar som er forankra inntil ei jordfast flyttblokk i søraust. Veggane er tørrmurte, og golvet er hellelagt. Tufta er etter forholda godt bevart og godt synlig. Moderne bruk av tufta som rasteplass for turgåarar har medført noko utrasing av veggane. Stein har vorte tatt frå veggane for å lage sitteplassar og eldstader. Tufta ligg i lengderetninga mot aust/vest. Ingen C14 prøve vart tatt ut, då strukturen ikkje har påviselige kulturlag. Tufta kan setjast i samband med bruk av høgfjellsressursar og har truleg fungert som stølsbygning eller jakthytte. Det er vanskelig å tidfeste strukturen nærare enn ei generell datering frå sen mellomalder og opp i nyare tid.
    kommune
    • Høyanger
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2020-01-27T20:13:20Z
    opprettet
    • 2009-09-22T15:10:48Z
  • 12972-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/12972-1
    kulturminneid
    • 12972-1
    lokalitetid
    • 12972
    informasjon
    • 65m NV for fangstgrop R01 og på 129/37: Oval fangstgrop. Mål: 4x3x1m. For beliggenhet: Se CQ 053-5-2, utsnitt 19. Nummereringen gjelder kartutsnittet. Henger sammen med fangstgropene avmerket på CQ 053-5-2, utsnitt 1 og 14.
    kommune
    • Nannestad
    fylke
    • Akershus
    opphav
    • Akershus fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T18:28:49Z
  • 129723-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/129723-1
    kulturminneid
    • 129723-1
    lokalitetid
    • 129723
    informasjon
    • Seks artefakter vart funne fordelt på tre prøvestikk. Det er snakk om eit flekkeliknande og eit avslag med bruksspor (mulig nytta som bor) i mylonitt, to avslag av flint og to avslag av bergkrystall. Gjenstandane var ikkje vassrulla. Det var mindre variasjonar i stratigrafien mellom dei ulike prøvestikka, men generelt synte prøvestikka eit 20-40 cm tjukt torvlag etterfølgt av ulike sand og gruslag ned til berg på ca 70 cm djupn. I toppen av sand og gruslaga vart noko trekol observert, som mest trulig stammar frå ei moderne avsviing. Det funnførande sjiktet bestod av brungrå sand/grus med noko stein og var mellom 5-25 cm tjukt. Laget låg mellom 40-65 cm under overflatenivå. Stratigrafien verka uforstyrra og utan teikn til transgredering. Med bakgrunn i strandlinjekurvene for området og matreialsamansetjinga er det nærliggjande å datere lokaliteten til siste del av seinmesolitikum. Bruken av mylonitt som råstoff er ofte forbunde med lokalitetar frå overgongen mellom seinmesolitikum - neolitikum.
    kommune
    • Fjaler
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2009-09-22T16:16:45Z
  • 129724-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/129724-1
    kulturminneid
    • 129724-1
    lokalitetid
    • 129724
    informasjon
    • Eit midtfragment av ei mikroflekke av flint og eit fragment av ei ubestemd type kjerne i mylonitt vart funne. Funnmaterialet synes ikkje å vere varmepåverka eller vassrulla. Stratigrafien bestod av eit ca 60 cm tjukt torvlag etterfølgt av eit brungrått sand/gruslag. Funna vart gjort i nedre del av dette laget. Vassig øydelagde sidekantane i prøvestikket slik at funnkonteksten er uklar. Med bakgrunn i råstoffbruken og førekomsten av mikroflekketeknikk vert lokaliteten gjeve ei datering til overgongen seinmesolitikum - tidligneolitikum. Tek ein utgangspunkt i strandlinjekurvene for området så vil lokalitetens plassering på 10 m.o.h tilsvare ei datering til ca 5000 BP. Slik sett samsvarar den typologiske dateringa og strandlinjedateringa godt.
    kommune
    • Fjaler
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2009-09-22T16:18:08Z
  • 129725-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/129725-1
    kulturminneid
    • 129725-1
    lokalitetid
    • 129725
    informasjon
    • Totalt sju artefakter vart funne, fordelt på to prøvestikk. I prøvestikk GHO48 vart to avslag av bergkrystall funne. Frå prøvestikk MT20 vart eit flintavslag, ei retusjeringsflis i flint og tre kvartsavslag funne. Stratigrafien i prøvestikka synte eit sand og gruslag med ein del flate steinar, som mest trulig har rast ned frå hellartaket. I prøvestikk MT 20 vart eit trekolsjikt påvist 22-27 cm under overflata. Trekolsjiktet er tolka som ein eldstad og C14 datert til 2460 - 2190 BC som svarar til overgangen MNB - SN. Funna vart gjort i same nivå som eldstaden. I prøvestikk GHO48 vart det ikkje påvist trekol. Det funnførande sjiktet låg ca 25 cm under overflata. Det kan ikkje utelukkast at det har vore fleire opphald i hellaren over tid.
    kommune
    • Fjaler
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2009-09-22T16:19:23Z
  • 129726-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/129726-1
    kulturminneid
    • 129726-1
    lokalitetid
    • 129726
    informasjon
    • Funnmaterialet bestod av fire vanlige avslag og tre mikroavslag. To av mikroavslaga var av kvarts og eit av bergkrystall. Eit vanlig avslag var av mylonitt, to av kvarts og eit av flint. Materialet var ikkje vassrulla eller varmepåverka. Stratigrafien i prøvestikka var 18-22 cm torv (lag A) etterfølgt av det funnførande sandlaget, som inneheldt noko stein (lag B). Lag B vart avløyst av eit leire/siltlag som trulig er ei marin avsetjing (lag C). Noko trekol vart observert i overgongen mellom lag B og C. Vassig i prøvestikka gjer at konteksten til trekolet vert rekna for usikker. Stratigrafien verka uforstyrra. Trekk i funnmaterialet peikar i retning av ei SM ¿ TN datering. Legg ein strandlinjekurvene for området til grunn så ville lokaliteten fått ei datering til om lag 4000 BP, som svarar til mellomneolitikum B. Det samsvarar godt opp i mot C14 dateringa av lok. 30 (129725) som er C14 datert til same periode. Lok. 30 ligg like NV for lokalitet 31.
    kommune
    • Fjaler
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2009-09-22T16:20:40Z
  • 129727-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/129727-1
    kulturminneid
    • 129727-1
    lokalitetid
    • 129727
    informasjon
    • Eit avslag og eit flekkeliknande avslag i kvarts vart funne. Dei er ikkje vassrulla, brent eller frostsprengt. Det er ikkje mulig å erkjenne typologiske trekk i funnmaterialet som kan bidra til å gje ei klar datering på lokaliteten. Stratigrafien i dei to funnførande prøvestikka var som følgjer: 20-25 cm m torv. Under torva var det funnførande sand/siltlaget, med ein tjukkleik på mellom 18-25 cm (lag B). Under lag B var det eit tynt siltlag, trulig ei marin avsetjing og deretter berg. Litt trekol førekom, men grunna stort vassig vart konteksten til trekolet rekna som uklar. Tek ein førehald i ein strandbunden lokalisering og tek utgangspunkt i strandlinjekurvene for området så kan ein anta ei strandlinjedatering til om lag 4500-5000 BP (tidlig neolitikum - mellomneolitikum A). To lokalitetar som ligg like i nærleiken har og mulige bruksfasar i mellomneolitikum A. Det kan derfor ikkje utelukkast at dateringa på lok. 32 fell til omtrent same tidsperiode.
    kommune
    • Fjaler
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2009-09-22T16:21:44Z
  • 129728-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/129728-1
    kulturminneid
    • 129728-1
    lokalitetid
    • 129728
    informasjon
    • Totalt vart det gjort 22 funn fordelt på fire prøvestikk. Det er snakk om fire vanlige avslag, ni mikroavslag og ei retusjeringsflis. I tillegg vart det funne fragment av skifer som trulig har vore slipt samt ein pimpstein med ei mulig slipt fure. Eit avslag samt retusjeringsflisa var i flint, to mikroavslag og 9 vanlige avslag var i kvarts, eit avslag var i bergkrystall, 7 bitar var av skifer og ein pimstein. Materialet var ikkje vassrulla, brent eller frostsprengt. Funn av flateretusjeringsflisa samt slipt skifer er typologiske trekk ved materialet som lenar mot ein bruksfase i neolitikum. Stratigrafien i prøvestikka synte eit 20 cm tjukt torvdekke, med det funnførande sand/gruslaget under (lag B). Lag B varierar i tjukkleik mellom 10-30 cm. Under lag B var det berg. Trekol vart påvist i overgangen mellom torva og lag B. Trekolet vert tolka som restar etter ei nyare avsviing og har mest trulig ingenting med lag B å gjere. Med bakgrunn i funnsamansetjing og strandlinjedatering vert lokalitetens bruksfase plassert rundt overgangen tidligneolitikum-mellomneolitikum.
    kommune
    • Fjaler
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2009-09-22T16:22:44Z
  • 129729-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/129729-1
    kulturminneid
    • 129729-1
    lokalitetid
    • 129729
    informasjon
    • Totalt 65 artefaktar i form av 61 avslag, ei mikroflekke og to ubestemde kjernefragment vart funne. To brente/varmepåverka flintavslag var funne som lausfunn på overflatenivå. Desse har mest trulig vorte brent ved seinare lyngbrenning i området. Det øvrige materialet var ikkje varmepåverka. Sju avslag samt mikroflekka var i flint. Resten a materialet var i mylonitt, kvarts eller kvartsitt. Stratigrafien i prøvestikka bestod av 10-17 cm tjukk torv. Noko trekol vart påvist i botnen av torvlaget i det eine prøvestikket. Det funnførande laget, eit brungrått sand/gruslag var mellom 24-45 cm djupt. Noko trekol vart observert men konteksten vart rekna for å vere uklar. Under sand/gruslaget var det berg. Stratigrafien verka uforstyrra. Råstoffordelinga, med eit innslag av mylonitt er eit trekk som kan knytas til slutten av seinmesolitikum. Ei strandlinjedatering av lokaliteten gjev og ei datering til 5000-5500 BP (seinmesolitikum-tidlig neolitikum). Lokalitet 35 (129730) like N for lokalitet 34 er i tillegg C14 datert til seinmesolitikum. Tek ein utgangspunkt i dei ovannemnte faktorane vil det vere nærliggjande å plassere ein sannsynlig bruksfase på lokalitet 34 attende i slutten av seinmesolitikum.
    kommune
    • Fjaler
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2009-09-22T16:23:50Z
  • 129730-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/129730-1
    kulturminneid
    • 129730-1
    lokalitetid
    • 129730
    informasjon
    • Totalt vart det funne 267 artefaktar i form av to bipolare kjernefragment, to mikroflekker, tre flekkeliknade avslag, fire avslag med retusj, ein skrapar og 255 avslag/bitar. Råstoffordelinga er variert og inneheld flint, bergkrystall, kvarts, kvartsitt og mylonitt. Stratigrafien synte eit torvdekke på mellom 15-30 cm i tjukkleik. I to av prøvestikka vart eit trekolsjikt påvist under torva, med det er uklart om dette kan setjas i samanheng med lokaliteten eller med lyngbrenning i området. Trekol samt hasselnøttskal førekom og i det funnførande sand/gruslaget. Funnførande sjikt var mellom 5-35 cm tjukt. Ei C14 datering av hasselnøttskala gav ei datering til 4940-4720 BC (seinmesolitikum). C14 dateringa stemmer godt overens med typologiske trekk ved funnmaterialet, som mikroflekketeknikk samt bipolare kjerner, som plasserar bruksfasen på lokaliteten i slutten av seinmesolitikum.
    kommune
    • Fjaler
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2009-09-22T16:24:58Z