Grav utan synleg merke over jorda, f. då dei grov tufta for huset, 1 1/2-2 m djupt, bortrudd kiste av store, kantsette heller, 3-4 m lang NO-SV, 1 m brei.
Fk. 4/1 - Gropastein ligg på ein hjall øvst på den nedlagde stølen Dettebakken, 650 m o. h. Tjuge groper. Fk. 4/2 - Gropastein ligg 75 m ONO for fk. 4/1. To groper. Granska 1955 (Egil Bakka).
Ein lang stein som kan ha vore bautastein ligg no i bryggja til Halldor Utne, bnr. 1. Om lag 4 m lang, vel 1/2 m brei, 15-20 cm tjukk. ingen veit kvar han er komen frå.
Grav på Eldushusegarden, like SV for tunet. Låg 6-7 m O for bekken, 11 m S for vegen til Mjølstølen. Her var før ein rygg langs bekken, og då den vart planert, vart grava funnen under 40-50 cm jord. Ho var bortimot 2 m lang NV-SO, 80-90 cm brei, 1 1/2 m djup, fyllt med stein som var høveleg stor til å ta med ei hand. På botnen var beinrestar, under der var kviksand. B 10803 kom fram medan arbeidet stod på, men ein veit ikkje korleis dei låg. - Eit par m O for grava var eit par m2 kolsvart jord.
Fetts fk. 1 - Røys, borte før 1889, truleg bortrudd alt i 1865. Låg på Alse, ovanfor Rundehaugen, på ein bakkerygg S for Bruhaugelvi, oml. 100 m frå stranda. Her er no oppdyrka. Etter katalogen vart B1837- B1839 funne i "løs jord." Det er og nemnt eit beisel. I nærleiken vart f. ei kleberskål som kom bort.