Røysa har ein diameter på om lag 4-5 meter. Ho er overgrodd av lyng, så det er vanskeleg å få auge på røysa. Jordblanda. Nokok skada av gravemaskin i søre delen.
Lokaliteten ligg omlag midt i gryta, lokaliteten si øvre grense går i terrengkanten av draget i sør. Mot nord er det ingen naturlege grenser, men har truleg vore i kant med gamal strandlinje. Lokaliteten strekker seg i austvestleg retning nær tvers over daldraget. Det vart gjort 2 funnførande stikk og 3 funntome prøvestikk. Den funnførande flaten dekkjer truleg det sørlege arealet av draget. Lokaliteten synest vera i god stand, det er ikkje spor etter aktivitet i samband med militæraktivitet i området. Området er rimeleg utilgjengeleg og har av den orsak blitt liggande urørt. Dei funnførande prøvestikka viser ei lagdeling med vel 20 centimeter med torv og mose. Under dette eit lag med grus som er grov med noko stein. Under dette eit lag med fin silt.
Lokaliteten ligger på en flate i svak helling mot øst, 60-65 m.o.h. omgitt av barskog. Selve lokaliteten har en utstrekning på ca 10 x 25-30 meter i øst-vest retning. Det ble tatt 10 prøvestikk, hvorav et inneholdt et avslag av flint. Det positive prøvestikket ble gjort i nordøstre del av lokaliteten. Flintavslaget ble funnet 15-20 cm dypt.Undergrunnen består av podsol hvor torven er 7 cm tykk, utvaskingslaget 7 cm og deretter et anrikningslag bestående av fin, rødbrun jord nærmest uten stein. Podsolprofilen viste 50 cm ned til steril undergrunn.
Lokaliteten er påvist i eitt prøvestikk i 2002, med funn av fem avslag. Lokaliteten ligg plassert på austre side av det nord sør gåande daldraget. Det vart tatt fleire prøvestikk i nærområdet, men dei gav ingen funn. Grensa mellom 42/15 og 40/29 går vel 6 meter sør for funnstaden. Grensa, ein låg steingard med gjerde, går tvers over dalen. I samband med ei ny reguleringsplan i 2013 vart det tatt ytterlegare prøvestikk i området. Det vart gjort funn i eit prøvestikk, to avslag og ei retusjert flekke. Tilstanden til lokaliteten er god. Det er ingen aktivitet som har forstyrra lokaliteten. Høgd over havet på vel 21 meter over havet og gjenstandsmateriale tyder på ei tidfesting truleg til tidlegmesolitikum.
Hellaren er opptil 5 meter djup og 10 meter lang under fjellveggen. Høgda opp til hellartaket er om lag 6-7 meter. I ein ståande profil under den sørlege steinblokka i hellaren kunne ein sjå at kulturlaget var stratifisert. Øvst var det veldig mykje trekol i laget, innblanda mellom skjørbrent stein. Det er moglegvis ein eldstad som er snitta under denne steinblokka. I så fall har eldstaden eit tverrmål på om lag 1 meter, og ei djupne på om lag 20-30 cm. Under dette trekollaget kom eit lag med mørk kulturjord, og under dette igjen eit lag med veldig mykje skjel. Dette teikna seg nesten som eit kvitt lag i profilen. Under skjellaget kom det så meir rein, svart kulturjord. Dette siste laget utgjorde det meste av profilhøgda. Det er truleg at heile hellaren må daterast til jernalder, og at den kan samanliknast med fleire av dei kjente hellarane frå denne perioden, til dømes Kuhilleren på Huglo i Stord og hellare i Sandvikvåg på Fitjar.
Haugen har ein diameter på 22 meter og er 3 meter høg. Han er bygd slik at i halve høgda går det ein brem rundt og resten løfter seg med ein diameter på 19 meter vidare opp til ein flate der ein brukte å brenne jonsokbål. Haugen er graskledd, og berget er tilgrodd med gras og lauvkratt.
F1: Gravrøys. Diameter ca 3,5 m, høyde inntil 0,4 m. Uklart markert. Delvis lyng- og mosebevokst. Røysa er bygd av små og store bruddstein og rundkamp. Et par store steiner ligger i S og Ø-kanten. Ca. 3 m SSV for F1: F2: Gravrøys. Diameter ca 5 m, høyde inntil 0,8 m. Klart markert. Delvis lyng og mosebevokst. Røysa er bygd av små og store bruddstein og rundkamp. Et krater er gravd ut i midten. Lengde N-S ca 1,7 m, bredde ca 1,2 m, dybde inntil 0,5 m. N for krateret er en mindre nedgravning. Ca 40 m SØ for F1: F3: Gravrøys. Lengde NNØ-SSV 4,5 m, bredde ca 3 m, høyde inntil 0,5 m. Uklart markert. Røysa er lagt i en mindre fordypning mellom to små knauser. Ca 12 SSV for F1: F4: Gravrøys. Lengde N-S ca 5 m, bredde ca 3,5 m, høyde inntil 0,8 m. Noe uklart markert. Rester av et N-S gående kammer finnes midt i røysa. Ca 25 m S for F3: F5: Gravrøys. Diameter ca 5 m, høyde inntil 0,7 m. Noe uklart markert. Overflaten er opprotet. Ca 20 m V for F4: F6: Gravrøys. Diameter ca 8 m, høyde inntil 0,8 m. Overflaten er sterkt opprotet. Det er påfylt jord i V. Ca 20 m SSV for F5: F7: Gravrøys. Diameter ca 4 m, høyde inntil 1 m. Uklart markert. En stor stein ligger på SØ delen av røysa.
13 steinøksar og meislar funne på bruket (B 10659 og B 11910). Somme har nok komme annasteds frå med tilkøyrt jord. Truleg har her ein gong lagt ein steinalderbuplass. Kor mykje (om noko) som er bevart er uvisst.
Frå Fett: Buplass. Her er funne ein del steinøksar som ligg ca. 12 m o. h. Med om lag 10 m høgare sjø vil huset vere omflødd. Øksane, B 10659 og B 11910, er visseleg for ein del flytta under gartneridyrking, så dei er funne innanfor eit område på 30 m. Ein veit lite kor dei einskilde øksane er funne. Avfall har ein ikkje lagt merke til.
Hellaren låg i SV-enden av ein NS-gåande bergrygg (Malthaugen). Om lag 5 m.o.h. var det eit 20 m langt og 15 m breitt platå inntil fjellsida, og ved innsiden av dette platået låg helleren som var danna ved at berget her skråna utover. Den var orientert i NV-SA retning, dvs. med opninga venda ut mot SV. Den var 15,5 m lang, 3 m høg ved dråpefallet, og 2 m dyp frå dråpefallet til bergveggen.
I SA-kant av hellaren sto eit lite hus, kalla Else-huset. Under opparbeiding av bed i terraser foran og delvis inne i helleren var det i 1964 funne ein del flint (B 11576). Hellaren vart ettergrave i 1972 av Bjørn Myhre. Det vart ikkje gjort sikre førhistoriske funn ved utgravinga.
Malthaugen vart planert i samband med utviding av Kleppestø kai og Kleppestø sentrum.
Helleren har vidt utsyn mot vest og nordvest. Det vart tatt to prøvestikk (1993); eit i og eit utanfor helleren. Prøvestikket utanfor helleren var funntomt, medan det i prøvestikket i helleren vart funne flint, asbestmagra keramikk og trekol. Tilstanden til helleren er god, sjølv om den vert nytta som lagringsplass for redningsvestar, m.m.