På søraustre delareal, mellom industri i nord, bustad i aust og riksveg i sør, no LNF-område, opna vi 4 søkesjakter. I alle kom vi fram på rester av etter det gamle klyngetunet på Lynge som brann ned i 1858. Spora etter brannen var tydelege, men det var også ein del tufter, samt åkerlag m.m. Bevaringsgraden var sjeldan god. På dei fleste gamletunsområde har eit av bruka framleis hatt sine hus etter utskiftinga og fram til idag, og sjølv i dei få tilfelle der gamletunet berre har vore rein mark så er spora så og seie totalt rydda/pløgd bort. Så er ikkje tilfelle her. Skjeringa nordanfor viser også spor av eldre lag. Funna dekker heile denne markeininga. Gamletunet på Lynge har etter all sannsynlighet både nyare tids og mellomalderelement på ein og same stad. Derved kjem dei bevarte spora inn under automatisk freding etter kulturminnelova som førreformatorisk kulturminne. Åkerlag mm kan ha enno eldre element i seg.
Resultatet av prøvestikking viser at en i planområdet har en steinalderlokalitet. Funna som har vorte gjort er i hovedsak av flint, bergkrystall og kvarts, men her og funne asbest. Prøvestikka med mest funn i er Ø6, Ø10, F5 og F6, som alle ligg mellom 10 og 12m.o.h.
Utfrå funnførande prøvestikk og topografiske forhold kan buplassen vurderast å vere minst 130kvm. Avgrensinga mot vest og aust er ikkje fastlagt. Det er mogleg at buplassen strekker seg austover uti det fuktige området. Her må prøvestikka soldast for å kunne gje pålitelige resultat. Den generelle stratigrafien er i turre område 18-20cm torv over kolhaldig utvaskingslag. Også den mørke brune jorda inneheld trekol og funn.
Løsfunn: Grå skifer, jevn og fin med bare små tynne striper. Helslipt bortsett fra den grovhuggede ryggen. Funnet under veiarbeid av Harald Bloch, 8184 Ågskardet. Se tegning på reg.ark.
Lokaliteten har rimelegvis avgrensa storleik. Topografisk er den 14-18m breie terrassen avgrensa mot nord og sør. Avgrensinga av funnførande område mot vest kan truleg også vere funne.