Det ble tatt ett prøvestikk på lokaliteten der det ble gjort fire funn av flint. Den eldste mulige dateringen ut fra strandlinjekurven for området er tidligneolitikum. Noen nærmere datering er ikke mulig å få ut fra de foreliggende data. Lokaliteten ble ikke nærmere undersøkt av Bjorøy-prosjektet.
Det ble tatt 2 prøvestikk på den 2x2 m store sentrale lokalitetsflaten. Begge var funnførende. Det er rimelig å se lok. 26 i sammenheng med lok. 4 og lok. 17. Det er vanskelig å datere lokaliteten nærmere enn til eldre steinalder.
Funn fra steinbrukende tid plukket opp i stiene rundt Munkerøysa (fk. 7/1). Usikker datering. Ble ikke nærmere undersøkt i forbindelse med Bjorøy-prosjektet.
Plasseringa i terrenget føl det som forskarane veit om steinalderen langs kysten. Truleg har lokaliteten vore strandbunden og lege på ein tørrare del av ei strandlinje fleire tusen år attende i tid. Flaten nedanfor har slik danna ei grunn vik som strekker seg mest 50 meter i aust ¿ vest retning, medan dei i nord ¿ syd har vore fleire hundre meter lang. Undersøkinga av området viste oss at det er fleire former for avsetning i området. Undergrunnen vekslar mellom finkorna sandavsetningar til steinete grunn til grov eller finkorna avsetningar med grus under. Stratigrafien på lokaliteten er noko varierande. Lag 1 er torv og jord, dette varierer frå 10-20 cm tjukne. Under dette eit sandlag som stadvis er funnførande. I prøvestikk tre og ni er det eit sandlag over det funnførande laget under; dette er truleg eit ras/erosjonslag då desse stikka ligg i ein brattare del lokaliteten. Av 10 prøvestikk på flaten var sju funnførande. Sikta til og frå lokaliteten er liten, men det er godt utsyn mot vest opp draget og opp på kollane, men mot nord, aust og sør er sikta liten, då det her er større knausar på over 30-50 meter. Avstanden til Tørkevika i dag er mellom 150 ¿ 200 meter. Det er gjort vel 50 funn i prøvestikka på flata med lokaliteten. Det er variasjon i bruken av råstoff som inkluderer kvartsitt, flint, bergkrystall og pimpstein, det er funne ei mikroflekke i materialet. Materialet gjev slik indikasjonar på ei tidfesting til mesolitikum sin siste del. Høgda ligg på vel 10-12 meter over havet og ut i frå kurvediagrammet ser me at ei tidfesting av lokaliteten til seinmesolitikum høver tåleleg bra.
Det er relativt god sikt mot vest og nordvest. Då lokaliteten ligg tett inntil berget er den godt skjerma mot sør og aust. Undersøkinga av draget viser at avsetningane i undergrunnen er ansleis enn for lokalitet 1. Lokalitet 1 er prega av sand og grus med i slag av gamal nevestor strandstein, medan på området for lokalitet 2 berre finnes finkorna sand eller vitringsmassar frå berget. Det er funne 19 funn på flaten, men ingen er direkte tidstypiske. Funnstaden gjev inntrykk av å vera nokolunde samtidig som med lokalitet 1. På lokaliteten var fire av fem prøvestikk funnførande. Høgda er mellom ti til tolv meter over havet og får ei noko sams datering som lokalitet 1.
Funnstaden ligg vel 17 meter over dagens havnivå, i vestre kant av draget. I luftlinje er det mellom 100 til 150 meter mot nord til bosplassen. Flata der lokaliteten ligg er vendt mot søraust med god sikt desse retningane. Midt på flaten ligg det ei større flyttblokk med omtrentlege mål på vel 2 gange 3 meter med ei høgd på vel 1 meter. I det funnførande prøvestikket er det først eit lag med lyng og grastorv, så eit lag med finkorna sand, som går ned til botn i stikket. Funna er gjort i prøvestikk 1, medan dei andre prøvestikka var ikkje funnførande og viser oss korleis lokaliteten er avgrensa. Prøvestikka ned mot myrflaten i aust viser at grunnen er gamal strandlinje med større stein under torva, utan andre avsetningar. I prøvestikk 1 er det sandavsetningar. Konsentrasjonen av funn til prøvestikk 1 viser at lokaliteten er liten og knytt til området sør for steinblokka. Av eit område på vel 20 gange 7 meter er lokaliteten truleg ikkje større enn 5-10 kvadratmeter. Høgda over havet ligg på mellom 16-18 meter og tyder på ei rimeleg gamal datering. Røynsler frå andre stader viser at lokalitetane frå den eldste delen av steinalderen er små. Lokaliteten kan med visse atthald plasserast til tidlegmesolitikum.
Lengst N i beitemarka: 1. Rundhaug, klart markert, unntatt i N. Jevn avrundet form. I N-kant er haugen overskåret av driftsvei. Noen større steinblokker er påkjørt haugen. Gresstorvdekke, noe rognekratt. D 12m, h 0,5m. 6m S for 1: 2. Rundhaug, steinblandet. Klart markert, flat form. Uskadd? I midtpartiet sees tre større stein. Gresstorvdekke. D 5m, h 0,3m. 14m SSV for 2: 3. Rundhaug av steinblandet jord. Noe uklar markering; flat form. Trolig urørt bortsett fra et skur for beitende kalver som er reist på haugen. Gresstorvdekke. D 12m, h 0,3m. 5m S for 3 på lav bergrygg med tynt torvdekke: 4. Rundhaug av steinblandet jord. Noe uklar markering, jevn avrundet form. Kraftledningsmast er reist på toppen, ellers urørt? Gresstorvdekke. D 10m, h 0,5m. Mellom 2 og 3 er det en større jordfast steinblokk, 1x1x0,3m. N for 1, på den andre siden av driftsvei: Mulige rester etter haug. Det samme gjelder noe SSØ for 4.
Plasseringa i terrenget er i samsvar med det ein kan venta å finna frå yngre steinalder. Lokaliteten har vore strandbunden og har hatt bra ly frå nord, aust og dels frå vest. Det har då gått ei lita og grunn vik inn sørvest for lokaliteten. Funn av ein bit rhyolitt (PS3) samt del av ei mikroflekke (PS6) og høgda over havet samanlikna med strandlinjekurva for Sotra tidfestar lokaliteten til dei første hundreåra av yngre steinalder (tidlegneolittikum). Med såpass få funn som det var i prøvestikka, kan det i utgangspunktet sjå ut til at det ikkje dreiar seg om nokon permanent tilhaldsstad, men heller ein buplass for eit kortare opphald. Ute på myra er torvlaget tjukt, opp til 40-50 cm, medan det minkar inn mot ura. Elles er det sandblanda jord og stein og sand/grusavsetningar i botn ned mot ast fjell. Det har med andre ord vore rimeleg bra drenering før myrdanninga tok til.I 6 funnførande prøvestikk vart det til saman gjort 17 funn. I funnmaterialet er det gjort funn av mikroflekke, dette kan indikera at lokaliteten er i frå seinmesolitikum. Det er teikn på at det er blitt nytta konisk flekketeknikk, funn av eit avslag i rhyolitt kan tyde på at me her har ein lokalitet frå overgangstida frå siste del av eldre steinalder og inn i yngre steinalder.
På toppen av bergknaus: Rundrøys, opprinnelig noe jordblandet. Uklart markert. På selve knausen finner man i dag kun et tynt jordlag og noen steiner. Men nedover skrentene, særlig i Ø, ligger det mye stein, vesentlig middels rundkamp. Steinen og topplatået er delvis overtorvet. Furu i N-kant. Tvm 5-6m, h 0,1m. På ryggen, 75-150m N-NØ for røysa er det mulige rester av hustuft, trolig etter forsvunnet plass Østli.
Lokaliteten er ein kulturlagslokalitet, med funn av beinfragment i det eine prøvestikket (LIÅ7). Kulturlaget er danna av feitt, noko humus og trekol, men har ein høg komponent av minerogent materiale (sand). I GR 42 er botnen av kulturlaget utsett for jernutfelling og flintfunna sit einskilde stader fast i grusen. Det overdekkande torvlaget er ikkje særleg mektig, i tillegg er det påvist stratigrafiske moment i botnen av torvlaget, som kan tyde på at flata har vore utsett for marginal overflatedyrking-Dette syner seg som omsnudd i LIÅ 7 og eit moldlag i GR 42. Det er ikkje påvist synlege forstyrrelsar på overflata eller i laga som ligg under torva. Prøvestikka er vertikalt avgrensa på bergflata. Både regulær mikroflekketeknikk og bipolar teknikk er godt representert i funnmaterialet. Det er funne eit retusjert smalflekkefragment av bergkrystall på lokaliteten og ein brent endeskrapar av høgkvalitetsflint laga i regulær flekketeknikk. Flintdominansen er markant men det finst og innslag av bergkrystall, andre råstoff er ikkje påvist på lokaliteten. Det typologisk daterbare materiale frå lokaliteten er tre fragment av eit brent flekkebor og ein stikkel. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten er 9800 BP, -9600 Bp om ein nytter ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata. Funnmaterialet er ikkje i tråd med ei tidlegmesolittisk datering. Det er C14-datert to kolprøvar frå kulturlaget i GR42. Topplaget av kulturlaget varat datert til 2240 +-85 BP (T-15490, medan botnlaget fekk dateringa 7785+-70 BP (TUa-3569). Dateringa frå botnlaget av kulturlaget er i samsvar med det arkeologiske materialet. Ut i frå ei samla vurdering vert lokaliteten datert til mellommesolitikum.