"I gamle dager gjekk ridevegen frå Nedland opp bakken frå Stykkjet til tunet på Heggland. Fyrr ein kjem heilt på bakken, er der eit fæn, som dei kalla Hobmannsfænet. Etter sagnet kom der ein hobmann ridande, han var ute på skattekrevjing. Han kom uti dette fænet med hesten sin. Korleis det bar til, fortel ikkje sagnet meir om. Men så mykje var det, at fænet sidan fekk namnet Hobmannsfænet. Det er ei gamal herma på Heggland: Der kjem Hobbmannen på gangaren grå."
"Eit ... sagn frå Heggland fortel, at det attmed den gamle vegen, like i gardstunet, lå ein flat hellarstein, som det hadde blitt drepen ein mann på. Når folk kom ridande gjennom garden, og hesten hadde det lyte at den blei sta, så stansa hestane ved denne hellarsteinen. Då var beste måten å snu hesten og koma seg forbi steinen. Denne hella ligg nå i florsvala av T. O. Heggland."
"Den eldste buplass (dvs. på Sandsmark) skulle vera på høgda ovanfor Sandsmark, der det nå heiter Øygarden. ... Busetnaden på ytre Sandsmark blei flytt ned i bakkehaldet der den nå er, men det er sagn om, at der i bakken var det stor eikeskog og tettvaksen jungel, der skogens rovdyr, ulv og bjørn, hadde tilhald og gjorde innhogg i folks buskap. - Så brende dei skogen, felte trei og velta dei store stammene ned på Sirdalsvatnet. Endå vil dei vita at dei kan sjå trestammerne langs stranda, når det er lågt vanne og veret er klårt."
"Oppe på heia i grensa mot Lund, ligg det eit stort vatn som heiter Einarvatnet. Det veks mykje einar der ikring så det har truleg fått namnet etter det. Også der skal det ha budd folk i eldgamal tid, og det skal finnast vister etter hustuftar og rydningsrøyser i lendet der."