"Før i tida kom julegeita kvart år til Fedjestad føre jul og fekk julegraut og øl under Smihellaren. Eigong hadde dei ikkje sett ut øl til henne. Så gjekk ho ned i kjellaren og drakk opp ølet og let så vatnet sitt i øltunna att, for dei ikkje sku merka det."
"Attmed Øysævatnet i bumarka av Klungland er det ein dal som heiter Jomfrudalen. Om denne går det segn at det gjekk to jomfruer der etter dalen. Så kom det ein rise og ville ta dei. Den eien sprang då frå ein odde over på ei øy i Øysævatnet. Den andre orka ikkje eit slikt sprang, men tok tak i fjellet og heldt seg fast. Merket etter taket hennar viser ennå. Dei kallar det Jomfrutaket. Og der den andre sprang over, heiter Jomfruspranget."
Inntil og N for reguleringssonen: Tuft orientert N-S. Markert med veggvoller av stein, tverrmål 0,2-0,8 m, og jord. Utvendige mål 6 x 4 m. Kan være en forlengelse av tufta som går ytterligere 4 m mot N. Søndre gavlvegg er utrast. Del av slaggblokk funnet i erosjonssonen 40 m Ø for tufta.
"På Åtland er det ein stor stein som dei kallar Klovsteinen. Han er kløyvd i to store stykke. Det går segn om at ein rise kom med denne steinen, som han ville ha til bru over Kvinesåna (ved Rafoss), men då han kom til Åtland, blei steinen for tung, så han laut sleppa han, og då klovna han i to."
"På Udjordsvollen var der ein haug som dei kalla Ryttarshaugen. Han er utjamna nå utan å vera skikkeleg undersøkt, så ein veit ikkje om det var gravhaug eller ei."
"Det er sagn om at dei frå fyrst av tenkte å rydda gard lenger ute på Voileskaret - og det finst små rydningsrøyser der - men så gav dei opp og tok til lenger mot nord."