Fetts fk. 2/1: Grav under flat mark. Her låg B6212 tjue tommar djupt i sand. Naglar låg spreidde over 1 m2. Fetts fk. 2/2: Haug med B4050. Fetts fk. 2/3: Haug med B4051. Fetts fk. 2/4: Haug der B4052 låg "i Overkanten". Desse tre haugane låg på bnr. 17. Ein tør vel tru at C2892 og kjem herfrå.
"År 1886.... blev på gård Sveens indmark.... på høidedraget vest for det såkaldte "Mannaberg" opgravet en liden aflang gravhaug, der lå i retning fra øst til vest og nu var omtrent jevnet med jorden, idet stenen var bortført og benyttet til gjerde, i hvilken fandtes" B4540. "I skålen fandes 2 stykkker brændte ben...". (Chr. Løvvig 1888 i arkivet.
Fetts fk. 2/1: Røys. Ho vart utgraven 1954 (Egil Bakka), men var då heilt overdekt av mold, som må ha sege ned over ho frå pløyinga i bakken ovanfor. Ho var bygd på den gamle overflata, visseleg som jordfri røys, meir enn 20 m lang O-V, 1 m høg, minst 10 m brei, men ei uviss mengd stein er køyrd bort. Steinen var frå løftestein til 1 m i tvm., eit par jordfaste. I nedre kant var steinane serleg store. Grav I låg nær vestre kant, kiste bygd av kantsette heller, 3 m lang mot S frå ein jordfast stein, 90 cm brei, 50 cm djup, helledekt. Sørgavlen var ein tosteinsmur. Botnen hallar sterkt etter bakken, men har vore noko oppretta ved å sope jordmassar frå nordenden til sørenden før kista vart bygd. Her låg B10890 I, mogleg i ei indre trekiste. I nordenden leirkrukke, gullnål, bronsespenne, S for midten kniv o. a. Sørenden har visstnok vore plyndra. Grav 2 låg 7,5 m O for 1, helledekt mura kiste 2,50 m ONO-VSV, men austre ende forlengd med eit lite rom utan helletak, i alt 3,25 m langt, 120 til 180 cm breitt, rundt 50 cm djupt. Dei fire hellene hadde vore nedlagde etter tur frå O til V. Botnen var småheller på eit lag av røysa. Etter gravlegginga med B 10893 I hadde kista vorte fyllt med jord, der det fanst slagg og leirkrukkeskor frå B 10893 II. Øks, saks, bronsespenne i austre ende, kniv midt ved sørveggen, leirkrukke, eldstein i vestre ende. Krukkeskor under botnhellene. Kolflak 3 m SO for grav 1, 85 x 60 cm, under heller. Tenner av hest? 1,5 m S for grav 1. Det såg ut som at ein bautastein hadde stått litt N for kolflaket, nå knekt i to stykke som ikkje passar heilt saman, 80 og 85 cm lange, 24 cm brei, 22 cm tjukk. Fetts fk. 2/2: Bautastein, om lag 1 m høg, 40 cm brei, 20 cm tjukk, nærast trekanta i tverrsnittet. Fetts fk. 2/3: Bautastein.
Buplass. På grunn av jordsig og pløying var her ikkje grunn til utgraving, og B10891, B10892 er oppsamla i grøft og på overflata (grunneigaren og 1954 Egil Bakka), for ein liten del i fyllmassar i gravene fk. 2/1. Ein bortkomen flintkniv eller -dolk fanst 10-20 m N for fk. 2/1, B10894 i åker på grannebruket, 70-80 m NO for sjoarvegen.
Jernfremstillingsplass med blestertuft og slagghaug. Geometrien for enkeltminna er lagt inn manuelt, men i riktig plassering i forhold til kvarandre.
Tidligere registrert under ID 20368