Rundoval i formen med indre mål 1,6 meter N - S, og 2,1 meter A - V. Omlag 70 cm djup. Omkransa av ein opp mot 1 meter breid, låg voll. Det var ikkje teikn til kol i gropa, men i fylgje førre registrering var det indikasjonar på kol i botnen og vollen rundt. No var det oppsamla ein del vatn, lauv og rotne kvistar i botnen slik at prøvane hadde vanskar med å hengje fast i sonderingsboret, så me kan ha oversett kolinnhaldet. Det er tidlegare teke ut dateringsprøve frå denne strukturen (Beta - 104765) som gav datering 1180 + / - 50 BP.
Gravd ut i 2022.
Det som er synleg av jernvinna er kantstilte heller som står i eit 70 x 70 cm stort kvadrat. Hellene stikk på det meste vel 20 cm opp av jorda. Konstruksjonen er orientert NNV - SSA. Sannsynlegvis opning for avrenning i NV del, medan SSV side manglar heilt, eller ikkje er synleg over bakkenivå. Mellom 0,5 og 1,5 meter NA for jernvinna stikk det kantsette heller opp som ser ut til å ha hatt ein samanheng med anlegget. Det låg slagg i overflata på sjølve ovnen og slagghaugen (A:6) ligg få meter V for jernvinna.
Gravd ut i 2022: Geometrien er utvidet da det ble påvist flere enkeltminner innenfor lokaliteten. Det ble undersøkt 6 ovnsanlegg, 2 slagghauger og en røsteplass.
Slagghaugen er oval i forma, orientert NS. Utstrekning i NS retning, omlag 6 - 7 meter, i AV retning, ca 3 - 4 meter. Haugen er låg, opp mot 0.5 meter, men det vart ikkje teke prøvestikk for å avgjera slagglaget sin tjukkleik. Det er klart at slagghaugen er resultat av smelting i A:5, men etter storleiken på haugen å dømma har det vore fleire smeltingar. Jernvinna og slagghaugen ligg forholdsvis flatt, så ein må tru at slagget har blitt skufla bort i haugen etterkvart som det har storkna. I sentrum av haugen ligg det noko slagg fram i dagen.
Gravd ut i 2022.
Kolgropa er rundoval i forma og har indre mål på 2,5 meter AV og 2 meter NS. Låg, oppkasta voll rundt. Antydning til kol i botn og sider. Djupna er ca 60 cm.
Beskrivelse fra lokalitet:
"Tidligere hovedgård Ytre Vada". Funn av kokstein og svartjordsområde.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kokstein funnet i området, samt det skal være et svartjordsområde.
Dei indre måla på kolgropa som har ei sirkulær form, er 1,6 meter NS og 1,9 meter AV. Djupna er ca 40 cm. Som før nemnt går stien over vollen i A og har skadd denne ein del. I V vollkant er det eit tjukt kollag, noko som før har vorte tolka som mogleg tilhøyrande ein annan struktur (A:9). Men sidan det er ein del kol i V voll, så er det mest truleg at kolet i A voll høyrer til A:8.
Kolgropa er rund i forma med ein indre diameter på 1,5 meter (målt ca 10 cm over botnnivå). Det er eit i underkant av 10 cm tjukt kollag i botnen. I luftlinje ligg A:10 bort i mot 40 meter NNV for A:8 og 100 - 120 meter SV for A:12.
Kolgropa er rundoval i forma. Indre mål er 2,5 meter i NS retning og 2,0 i AV retning. Djupna er ca 60 cm. Langs kantane i botn er kollaget ca 15 cm, i midten nesten ingenting. Ei svær maurtue ligg nokre meter NNV for kolgropa. Elles ligg denne kolgropa forholdsvis isolert i forhold til andre, næraste er A:10 og A:60, som begge ligg omlag 100 meter frå.
Stein som har vore nytta i ei jernvinne er å finna att i grunnmuren på hytta. Utvendig er det ein stein i N veggen, 40 cm under bordkledningen, som har nokre smeltedråpar på seg, medan det er slagg på fleire steinar inne i kjellarmuren. Grunneigaren kunne ikkje hugsa kvar steinane var funne, men meina at det var i umiddelbar nærleik av hytta, i alle høve innanføre ein radius på 20 - 30 meter. Det vart stukke tett med sonderingsbor, men slagg var ikkje til å påvisa. Kanskje har anlegget lege på hytta si V side og slagghaugen der hytta no står?
Kolgropa er rundoval i forma, har ein låg oppkasta voll rundt og har indre mål på 2,0 meter NS og 1,2 meter AV. Djupn ca 40 cm. Kollaget i botn varierer frå 1 - 5 cm. A:15 er det anlegget som ligg nærast, ca 35 - 40 meter mot SA. Elles ligg A:20 omlag 70 - 80 meter mot SSV.