13.07.2017. I forbindelse med Intercity-traseen 2017 ble det gjennomført arkeologiske undersøkelser. Løsfunnet har trolig sammenheng med aktivitetsområdet id 58622 i øst.
Originaltekst:
Løsfunn. Fragment av en flekke i grå flint.
Lokaliteten er teikna i flate og dei funnførande prøvestikka dokumentert. Det vart tatt ein sand/trekolprøve frå prøvestikk 1 - denne viste at laget i prøvestikket ikkje bestod av trekol, men av oske og ørsmå kolbitar. Stratigrafien på lokaliteten er spesiell av di ein her har eit klart markert svart kol/oske haldig lag under torva over eit større område. Det er likevel berre to prøvestikk som er funnførande på flaten. Her er torva vel 10 cm tjukk, medan det svarte laget er mellom 7 og 12 cm. Under dette er det påvist eit utvaskingslag i ps 1. Under dette kjem det to lag med sand. Dei prøvestikka på lokaliteten som ikkje har funn viser og eit kraftig kolhaldig lag. Det er difor nærliggjande å tolke dette som eit mogleg kulturlag, men med få steinartefakter. Området ligg nokolunde ulendt til at ein truleg ikkje har hatt intensiv utnytting av dette området. I dag står det tett skog på området, medan ein før har nytta dette til beite. Lokaliteten er eit markert mørkt sandlag. Her er det finpartikulert kol og oske i massen. I to av prøvestikka er det funne flintavslag. Høgda over havet indikerer ein tidlegneolittisk bruksfase. Ein kan likevel ikkje sjå vekk frå at lokaliteten representerer ein seinare fase.
Sjakta vart i samband med registreringa i 1996 teikna i skala 1:100, der ein har dokumentert alle strukturane i overflata. Desse er igjen teikna i detalj i flaten i skala 1:10. Strukturane er og fotografert. Vidare vart dei avdekte strukturane snitta for å få fram nedre del av profilane. Massane frå snitta i strukturane vart sålda i 3,2 mm soll. Profilane til strukturane vart så dokumentert gjennom teikning. Stratigrafien under eit i det avdekte området var samansett av eit lag med torv, denne var ikkje meir enn vel 5-10 cm. Tjukk. Under dette kom eit åkerlag på vel 25 cm. Dette låg oppå eit sandlag, som og er undergrunnen. I nordenden av sjakta, opp mot vegen er det mindre sand og meir hardpakka leirgrunn. Lagdelinga i området verkar mykje omrota og ein har klare plogfurer synleg i vestre profil. Desse går delvis ned i undergrunnen og eit eventuelt kulturlag i eller under åkerjorda er no øydelagt. Lokaliteten vart nærmare undersøkt av Bergen Museum i 1997. Det vart då opna opp fem felt maskinelt på staden (I - V), men det vart berre funne førhistoriske strukturar i felta III og V, totalt 29 stk. 18 var nedgravinger av uviss karakter, 3 var (moglege) utpløygde eldstader, 5 var moglege stolpehol, medan 3 var eldstader. Det opna arealet viser fleire strukturar som kan ha samanheng med både jernalder og steinalder. Funnet av skiferspissen viser at ein har mellomneolittisk kontekstar her. Dateringane viser eit resultat der ein har skiferspiss deponert i ei nedgraving frå overgangen yngre bronsealder/førromersk jernalder. Eldstaden (struktur 1) har gjeve ei datering til 4210±70 BP. Dette viser at ein har påvist to bruksfasar på staden. Først har ein ein sein mellonneolittisk steinalderlokalitet som strekker seg utover området, truleg nordvestover. Over deler av denne har ein, ein fase datert til overgangen mellom yngre bronsealder og førromersk jernalder. Det er meir usikkert om denne fasen representerer ein busetnad eller om ein her har eit dyrkningsområde. Denne fasen har truleg forstyrra deler av steinalderlokaliteten noko. Strukturane frå førromersk jernalder er og delvis forstyrra av nyare tids dyrking. Den interne orden mellom strukturane ikkje dannar stolperekker slik ein kjenner frå undersøkte felt frå t.d. Hornnes, Førde Kommune Sogn og Fjordane (Diinhof 1996). Ei forklaring er at overflatelaget på lokalitet 18 er så tynt at fleire strukturar kan vera vekkpløyde. Totalt vart det opna 4150 m2.
Den delen av sjakta som inneheld fyllskifta er teikna i flaten og snitta. Dei strategrafiske tilhøva under eitt er svært påverka av ein relativt intenst jordbruk i området. Dette fører til at strukturane mest er vekkdyrka. Struktur 1 er ein liten flekk med trekolhaldig masse i undergrunnen. Denne er vel 20-30 cm. i utstrekning. Massen er svært laus i strukturen og i snittet viste det seg å væra ein svært grunn struktur. Ut i frå at deler av området er dyrka er det rimeleg å sjå denne strukturen som ein naturleg struktur, der massen er fyll etter ein evt. fjerna stein. Struktur 3 er eit markert fyllskifte, der massen er trekolblanda sandjord. Strukturen er ikkje snitta då den ligg delvis inne i grøftekanten. Struktur 4 er eit markert fyllskifte i undergrunnen. Strukturen er relativt stor men har ein meir diffus samansetning med trekol og grå sand. Snittet viser at den grå sanden truleg er eit underliggjande lag. Konsentrasjonane av trekol kjem såleis frå laget over. Om dette er frå ein øydelagt eldstad er vanskeleg å seia noko konkret om. Struktur 5 er likt med struktur fire eit markert fyllskifte i undergrunnen. Strukturen har og ein meir diffus samansetning med trekol og grå sand. Snittet viser at konsentrasjonen av trekol ligg heilt i overflata av strukturen. Trekolet kjem såleis frå laget over. Tolkinga av strukturen er likt med struktur 4, svært vanskeleg. Struktur 6 er eit svakt markert fyllskifte med mørk trekolblanda sandjord. Midt i strukturen er det ein konsentrasjon av trekol. Snittet av strukturen viste at denne også er svært grunn, og at ein eventuell struktur har lege over. Struktur 7 er og svakt markert fyllskifte med mørk trekol blanda sandjord. Midt i strukturen er det også her ein konsentrasjon av trekol. Snittet av strukturen viste at denne også er svært grunn, og at ein eventuell struktur har lege over. Struktur 8 er ein svakt markert struktur samansett av små flekker av trekol og neve store stein. Den er omlag 1 meter lang og 45 cm brei. Snittet viser at ein eventuelt er heilt i botn av ein mogleg eldstad, der hovuddelen er dyrka vekk.
Sjaktene er lagt parallelle då ein eventuelt ville kunne sjå ei eller fleire eventuelle rekker med stolpehol. Sjaktene er teikna i flaten og i høve til kvarandre, slik at strukturane ligg rett innbyrdes. Det vart avdekt 7 strukturar, som ikkje direkte kunne sjåast som resultat av nyare tids aktivitet. Strukturane vart gjeve fortløpande nummer der strukturane 1-6 finnes i sjakt 20 b og strukturane 6 og 7 finnes i sjakt 20 a. Strukturane så nær som struktur 6 er snitta og dokumentert i flate og profil. Strategrafien i sjaktene var i hovudtrekk eit 10 cm lag med torv, 20-30 cm dyrkingslag og finkorna sand i undergrunnen. Fargen på undergrunnen gjorde det enkelt å skilja ut strukturane i flaten. Struktur 1 ligg lengst aust i sjakt 20b, denne er ein vel 30 cm. vid nedgraving. Forma i flaten er mest sirkelrund. Djupna frå den opprensa flaten strekker seg ned vel 15 cm. Massen skil seg frå undergrunnen både i farge og konsistens. Fargen er mørk grå/svart. Undergrunnen rundt er lys gul sand. I massen er det og ein del trekol. Strukturen synest ikkje væra forstyrra av nyare tids aktivitet og fyllmassen i strukturen verkar lite omrota. Det verkar truleg at struktur ein representerer ei stolpehollikande nedgraving. Struktur 2 er ein meir diffus struktur, markert i overflata som eit mørkt kolhaldig sand/jord lag. Forma på strukturen og djupna på den gjer det rimeleg å tolke denne som eit resultat av naturlege prosessar. Struktur 3 er ein sirkelrund nedgraving på vel 33 cm i diameter. Denne har mykje sams med struktur ein både i form og konsistens på fyllet. Fargen og samansetninga på fyllmassen er mest identisk med den i struktur ein. Profilen viser at strukturen er vel 17 cm djup frå sjaktoverflata. Forma både i flaten og i snitt minner mykje om ei stolpeholnedgraving. Struktur 4 er eit fyllskifte, oval i forma med ei lengd på 16 cm, breidd på vel 13 cm. Ved undersøking viste den seg å væra svært grunn og er her tolka som resultat av naturlege prosessar. Struktur 6 er eit markert kollag som ligg lengst vest i sjakta. Terrenget skrånar her ned mot eit tidlegare bekkefar. Strategrafisk ligg laget like under eller delvis i nedre del av dyrkingslaget. Kollaget er berre avgrensa i flaten og ein kan såleis ikkje seia noko om det går ned i undergrunnen. Laget har ein stor utstrekning, vel 18 m2 i dei opna felta, truleg finnes det i området mellom sjaktene og. Struktur 7 ligg heilt aust i sjakt 20 a. Dette er ein relativt stor struktur, med ei oval form i flaten (60x50 cm.). Deler av denne strukturen er skadd av ei dreneringsgrøft i det sørvestre hjørne. Strukturfyllet, mørk sand blanda med trekol, har mykje sams med det ein kjenner frå strukturane ei og tre. Dreneringsgrøfta skjer relativt reint igjennom strukturen og har eit heilt anna fyll. Her er det mørk kolblanda jord. Snittet viser at ein har ein vel 14 cm. djup nedgraving som flatar ut i botn. Det kan såleis væra rimeleg å sjå dette som ei mogleg stolpeholnedgraving. Strukturane i sjaktene viser moglegvis to ulike strukturkonsentrasjonar. I søraust har ein nedgravingar som minner mykje om stolpehol, Her kan strukturane 1-3 og 7 henga saman og danna eit stolpebåre hus. Struktur 6 kan igjen væra restar av eit hus eller utkastingslag. Denne strekker seg og tvers gjennom sjaktene. C14-dateringer: Struktur 1 (stolpehol), Beta-100867, 3160±90 (1420 BC); Struktur 2 (stolpehol), Beta-100868, 3250±80 (1510 BC). Området vart ytterlegare undersøkt av Bergen Museum i 1998, men det vart ikkje gjort fleire funn enn dei frå registreringa.
Sjakta er vel 230 m2, der vel 100 m2 hadde strukturar. Det vart etter opprensing av flata i sjakta påvist i alt elleve strukturar. Desse vart teikna inn på planteikningen for sjakta. Strukturane vart og dokumentert i snitt, der dette var råd. Strukturane låg konsentrert til lokaliteten sin nordvestre del. Strategrafien var her todelt med torv og åkerjord over eit undergrunnslag av lys gul sand. Deler av sjakta viste at ein hadde sterke inngrep i form av kraftige dreneringsgrøfter. Struktur 1 ligg lengst søraust i sjakta, der denne smalnar inn. Denne er eit mest rundt fyllskifte i undergrunnen. Ved snitting viste den seg å væra svært grunn og vanskeleg å tolka som sikker struktur. Struktur 2 er og ein rund struktur på vel 50 cm i diameter. Strategrafien i snittet viser ei lagdeling, der ein har eit lag av grå kvit sand i blanda eit lag av moldjord. Dette gjer det vanskeleg å ta stilling til om fyllskiftet representerer ein reell førhistorisk struktur. Struktur 3 er eit svakt markert fyllskifte i overflata av sjakta. Ved undersøking viste det seg at denne likt med struktur ein var svært grunn og må difor tolkast som ein rest frå laget over. Struktur 4 er ein del av ein sirkel eller ein noko oval krets. Denne er klart markert i overflata på undergrunnen. Utstrekninga som var synleg i sjakta er vel 4 meter, der ringen er vel 25- 30 cm brei. Snittet viser at ringen har ei spiss form og strekker seg 13 cm. ned i undergrunnen. Denne strukturen kan vanskeleg forklarast gjennom naturlege prosessar eller gjennom nyare tids dyrkingsmetodar. Strukturen må difor sjåast på som ein mogleg førhistorisk struktur av noko slag. Struktur 5 er eit svakt markert fyllskifte i overflata av sjakta. Strukturen ligg og tett ved ei dreneringsgrøft og delvis inn under grøftekanten slik at undersøking med snitting ikkje vart gjort. Struktur 6 er ei oval nedgraving på vel 1 meter i lengd og 40 cm brei. Strukturen er klart markert i overflata med ei mørkt kolhaldig lag. Profilen viser at den er vel 23 cm djup. Forma er avrunda i begge retningar og sentrert. Litt forskyve for midten av halvsirkelen ligg det ein stein 15x10 cm. Strategrafisk ser ein at strukturen skjer igjennom dei underliggjande laga, der grensa mellom undergrunn og struktur er svært skarp. Frå strukturen vart det tatt ein 14C-prøve for datering. Dateringsmaterialet vart tatt frå eit avgrensa område i snittmassen, då ytterlegare graving i strukturen ville øydelegge ein eventuell vidare undersøking. Lokaliteten vart undersøkt nærmare av Bergen Museum i 1998 utan at dette gav nokre fleire resultat.
Beskrivelse fra lokalitet:
Løsfunn, mulig fiskesøkke. Omtrentlig funnsted ble pekt ut av grunneier Ola Hestad. Steinen ble funnet for mange år siden, og er etter grunneiers mening blitt karakterisert som et mulig fiskesøkke av riksantikvaren.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Løsfunn, mulig fiskesøkke. Steinen er etter grunneiers mening blitt karakterisert som et mulig fiskesøkke av riksantikvaren.
Etter en meddelelse gjennom statsstipendiat Erling Johansen, Kråkerøy, skal det ca 1915 på denne lokaliteten være iaktatt flere gravhauger. Det finnes på området flere lave forhøyninger - runde og langaktige, tildels med spor av å være steinsatt rundt kantene.Disse tyder snarere på å være bebyggelse (hus) enn gravminner.