Beskrivelse fra lokalitet:
Jettegryte på ein naturleg benk i lia, 22 m nedanfor Russesteinen. T.N. Hageland har spadd jettegryta meir fram då ho heldt på å gro att, og sett ein raud plastikpåle til merke. Segna seier at St. Ola kom ridande, blei tyrst og slengde hatten i berget så det blei eit merke av hattekula. Same segna er brukt som forklåring på andre jettegryter i Vest-Agder.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Jettegryte, liknar ein stor bolle.
Bnr. 6 Larsbrukjet blei frådelt bnr. 7 Bakkebrukjet i 1838. Dei kan ha hatt felles hus til å begynna med. Larsbrukjet og Bakkebrukjet blei drivne i hop att etter 1855. I 1865 heldt dei 8 kyr, 12 sauer og 4 geiter, dei sådde 1/4 tønne bygg og 2 tønner havre, og dei sette 3 tønner poteter. I 1875 heldt dei 3 kyr, 4 sauer og 1 geit, dei sådde 1/4 tønne bygg, og dei sette 3 tønner poteter. Bnr. 6 Larsbrukjet har namn etter den siste som budde der, Lars Sonesson Yksendal. Han blei funnen død i løa i 1902. Han var den siste som budde på heile Yksendal. Innmarka er blitt beitt og har derfor ikkje grodd att..
Her var busetnad frå 1600-talet (kan henda tidlegare) og fram til 1855. Dei siste som budde her, var Torkjel Sonesson Yksendal med familie.
Dette bruket hadde bnr. 7, men under jordskiftet av 1990 gjekk dette bnr. ut ved samanslåing med bnr. 6. Innmarka er blitt beitt og har derfor ikkje grodd att.
I vest stod setehuset på 5 x 7 m som var inndelt i to rom: Stove i vest med kjellar under, og eldhus i aust der ein ennå kan sjå aren. I aust ser ein dei høge kjellarmurane etter uthuset på 5 x 8 m. Tjølsbrukjet var bnr. 2. Bruket blei oppretta i 1841, lenge etter at jordepledyrkinga var blitt vanleg. I 1865 heldt dei 1 ku, 3 sauer og 2 geiter, dei sådde 1 tønne havre og sette 2 tønner poteter. I 1875 heldt dei 3 kyr, dei sådde 1 1/4 tønne havre og sette 1 1/2 tønne poteter. Bruket har namn etter den siste som budde her, Tjøl Ånundsson Yksendal. Han døydde i 1889. Innmarka blei planta til med gran i 1970-åra..
Her har det budd folk frå 1600-talet, kan henda lenger. Setehuset stod i vest og var inndelt i to rom: Stove i vest med kjellar under (som viser at det blei bygd på 1800-talet etter at jordepla blei vanleg dyrka) + eldhus i aust. Ein kan ennå sjå aren i søraustre hjørne. Det er blitt fortalt at det var veggfaste senger innmed bakveggen i stova, men det var ikkje tile under sengene, så sengehalmen låg like på auren. Uthuset stod i aust, men dette finst det berre ein grunnmur-vinkel att av. Det skal også ha stått ein bygning sør for Øvre Yksendalsvegen, kan henda eit bur. I 1865 heldt dei 2 kyr og 2 sauer, dei sådde 3/4 tønne havre og sette 2 tønner poteter. Salamonsbrukjet var bnr. 1 og er oppkalla etter den siste som budde her, Salamon Olsson f. Tveiti i Bykle. Han budde delvis også på Bjærum. Han flytte ifrå både Bjærum og Yksendal i 1886. Husa stod fram til 1940-åra og var dei siste av dei gamle husa som stod på Yksendal..
Fornminne: Dyregrop/Kullgrop. Denne gropen her er rektangulær og skråner innover som en dyregrop. Det er mye kull i den, så den har antageligvis blitt brukt som kullgrop etter at den er blitt brukt som dyregrop. Vollene er lave og veldig ujevne voller på grunn av røtter og lyngtuer. Gropa er bevokst medtyttebærlyng, røsslyng, brødmose, smylebunke, blåbærlyng og knættsmå furubusker. Litt tørrkvist nedi gropa. Ytre diameter 8,25 m, indre diameter 5,65 m, dybde 1,00 m. Fra sentrum av gropa til sentrum av kraftlinja er det 18,45 m. Ca 16 m mot sør er det en liten grop på 1 kvadratmeter som ikke har voller, men mye kull.
Her har det budd folk frå 1700-talet, kan henda før. Uthuset stod i vest. Der ifrå førde det ein buveg mot nordvest. Utydeleg mellombygg. Setehuset stod i aust. I 1865 heldt dei 1 hest, 5 kyr og 4 geiter, dei sådde 2 1/2 tønne havre og sette 3 tønner poteter. I 1875 heldt dei 1 hest, 1 føl, 8 kyr, 5 sauer og 6 geiter, dei sådde 2 1/2 tønne havre og sette 3 tønner poteter. Husa stod fram til 1930-åra. På setehustufta blei det bygd ei overnattingshytte i reisverk i 1943, men den datt ned ca. 1990-åra, og ein ikkje sjå om der er kjellar under pga. den samanraste bygningsmassen. Det stod jordeplehus i bakken nedanfor. Storabrukjet var bnr. 5. Den siste som budde her, var Ola Torvald Edvard Endresson Yksendal. Han flytte ifrå i 1886. Under jordskiftet av 1990 gjekk dette bnr. 5 inn i bnr. 4. I 2020 blei innmarka planta til med gran..
Her har det budd folk frå 1600-talet. Setehus på 7 x 4 m stod i vest og uthus på 9 x 4 m stod i aust. Setehus og uthus var sambygde. Setehuset var inndelt i to rom: Vestre rom var stove med kjellar under (som viser at huset blei bygd på 1800-talet etter at jordepledyrkinga blei vanleg). Austre rom var eldhus (brukt som kjøkken) der ein ennå kan sjå aren. I 1865 sådde dei 1/4 tønne havre og sette 1 1/4 tønne poteter.
Ånundsbrukjet var bnr. 3 og har namn etter den siste som budde her, Ånund Sålvesson Yksendal. Han flytte ifrå i 1890-åra. Han selde til naboen Der nede i Heddåsen som reiv husa i 1914 og flytte dei til Heddåsen, men der brann dei ned. Etter jordskiftet av 1990 er gardstunet etter bnr. 3 Ånundsbrukjet blitt liggjande på grunnen til bnr. 1 Salamonsbrukjet på Yksendal..