Beskrivelse fra lokalitet:
Bautasteinen er 3,40 m høg, 0,4 - 0,7 m brei, opptil 0,25 m tjukk og hallar mot NV. Kantane er delvis tilhogne. Det veks mose på bautasteinen. Kring bautasteinen er det lagt opp steinar og blokker i samband med dyrking. Det går ei kraftline over steinen.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Funnkartet nr. 1. Harry Øye, bnr. 2.
Bautastein på bøen 30 m frå sjøen, 3,40 m høg, 70 cm brei, og hallar mot NV. Kantane er delvis tilhogne. Steinen står i ein låg høgning.
Kart: Schreuder 1858 målebordsblad 17A5.
Røysa er 8 - 9 m i tverrmål og 0,5 - 0,75 m høg. 0,1 - 0,6 m store steinar/blokker ligg i dagen på heile røysa. Røysa er elles delvis tilvaksen med mose og grastorv, særleg langs kantane. Røysa er noko omrota og utkasta. I sørlege og sørvestre kant av røysa er det lagt innpå stein i samband med dyrking.
Røysa er om lag 20 m i tverrmål N - S og 17 m O - V. I SO, der tyskarane murte opp ei skytestilling, er røysa om lag 1,5 m høg medan kanten av røysa i V går mest i eitt med terrenget. Røysa er bygd av 0,1 - 0,8 m store, tørre steinar/blokker som er noko tilgrodde med mose. Kantane av røysa er tilvaksne med lyng. I vestlege del av røysa er det lagt opp ein haug med steinar/blokker frå røysa. Haugen måler om lag 6 x 5 m, orientert NV - SO, og er opptil 1,5 m høg i sørvestlege kant av røysa.
Lokaliteten ligg innan eit område som er om lag 40 x 40 m, avgrensa i S av Litlemalsgrova og i N av eigedomsgrensa. Han strekkjer seg 10 m ovanfor fyklesvegen (mot V), og om lag 30 m nedanfor vegen (mot O).
Røysa er om lag 25 m i tverrmål. I nordlege del av røysa ligg det att ein skalk med 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker. Skalken er om lag 2 m høg sett frå S. Elles er det mest berre foten av røysa som ligg att. Kanten i nordlege halvdel av røysa er klårt markert, medan markeringa i sørlege halvdel er meir uklår. Røysa er sterkt tilvaksen med grastorv. Ved vestre kant av skalken veks det eit rognetre, medan det ved den austre kanten står ei osp.
Gravrøysa er 15 m i tverrmål og vel 2 m høg. Ho er bygd av rullestein, steinar/blokker 0,1 - 0,5 m store. Det er eit 4 m vidt og 1 m djupt søkk i midten av røysa. Det veks noko lyng og brake i kanten av røysa. Røysa er klårt markert og lett synleg i lendet.
På Mulesletta vart det i 1942 registrert 21 gravhaugar/gravrøyser. Av desse kan no følgjande finnast att.Nr. 1. Er omlag 2 m i tverrmål, og 0,2 m høg og er rund av form. Ingen synlege steinar/blokker. Tilvakse med lyng.Nr. 2. Er omlag 3 m i tverrmål, og 0,5 m høg. Rundhaug. Noko utkasta i søre del. Heilt tilvaksen med lyng.Nr. 3. Er omlag 2 m i tverrmål, og 0,5 m høg. Den er rund i form, og tilvaksen med lyng.Nr. 4. Kan ikkje sikkert lokaliserast. Der han skal liggje iflg. Fett, er det fleire låge haugar/tuer som er like kvarandre.Nr. 5. Borte (ved dyrking).Nr. 6. Rundhaug. Er om lag 3 m i tverrmål, og 0,6 m høg mot SV.Nr. 7. Borte (ved dyrking).Nr. 8 og 9. Desse kan ikkje sikkert lokaliserast, då det i området er fleire haugar/tuer som er like av utsjånad.Nr. 10. Borte (ved dyrking).Nr. 11. Rundhaug, om lag 4 m i tverrmål og 0,5 m høg. Nokre steinar/blokker stikk i dagen i SO. Haugen er noko utkasta i nordvestre del. Tilgrodd med lyng.Nr. 12. Langrøys, orientert NNO-SSV, men mykje skadd i SSV. No om lag 4 x 2,5 m i utstrekning, og om lag 0,75 m høg. Tilgrodd med gras og lyng.Nr. 13. Haugrest, vanskeleg å avgrense. Tilgrodd med gras.Nr. 14. Haugrest, vanskeleg å avgrense. Tilgrodd med gras.Nr. 15. Haugrest (ligg i markavegen), vanskeleg å avgrense. Tilgrodd med gras.
Frå kanten av myra og ned mot strandvollen ligg eit lett hallande stykke som er tilvakse med gras og lyng. Stykket er om lag 20 x 20 m, vert avgrensa i V av nokre granplantingar, og i O av ein krull med buskfurer. Lokaliteten strekkjer seg langs denne krullen med buskfurer om lag 10 m, og vidare austover til foten av eit lite berg i ei breidde av om lag 7 m.
Lokaliteten vert avgrensa i SV av fylkesvegen. Då fylkesvegen ligg opp på strandvollen, er det eigentlig strandvollen som avgrensar lokaliteten i denne retninga. 10 m NO for det nordaustlege hjørnet på våningshuset, bnr. 5, går det ein privat veg nordover. Lokaliteten strekkjer seg frå denne vegen og 60 m langs fylkesvegen i vest/nordvestleg lei. Lengst i NV er breidda på lokaliteten 17 m, medan lokaliteten går ut i ein spiss lengst i SO, slik at forma vert trekanta.
Gravfeltet er orientert SO - NV.Røysa, fk.nr. 4/7, ligg nærast løa og avgrensar feltet i SO. Ho er om lag 8 m i tverrmål og knapt 1 m høg. Røysa er svært tilvaksen med gras, men klårt avgrensa.Røysa, fk.nr. 4/5, ligg om lag 2 m N for røysa fk.nr. 7. Ho blir avgrensa av vegen i NO. Røysa er om lag 8 m i tverrmål og 1 m høg. Det veks ein del tornebusker og nokre rognetre på røysa. Ho er mykje tilvaksen med gras, men lett å avgrense.Røysa, fk.nr. 4/6, avgrensar feltet i SV. Ho er 9 x 6 m orientert NV - SO. Røysa er avskava og hallar mot V. Ho er mykje tilvaksen med gras og ikkje heilt lett å avgrense.Røysa, fk.nr. 4/4, ligg kring 3 m NV for røysa fk.nr. 6. Ho er forma som ein h, og er 16 m vid orientert SO - NV, og 25 m lang SV - NO. Høgda på røysa varierer frå 0,5 - 1,0 m, ho er høgast i NV. Røysa er grasvaksen men lett å avgrense. Det stikk nokre steinar/blokker 0,1 - 0,4 m store i dagen.Alle 4 røysene er lette å sjå i lendet.