Lokaliteten måler omlag 50 kvadratmeter. Her er lyng- og starrvegetasjon med ein del opne erosjonsflekker med småstein og avslag i dagen. Per Fett skriv: Verkstadplass ligg 100 m S-SSO for fk. nr. 2 på ei hylle i hallet mot Aurebettjødno i O. Staden var forsøksvis kalla Uratangen III, men berre i dagbok, og bør eventuelt heller kallast etter tjørna. Her er ca. 50 m2, nær 15 m o. h. Prøvegraving 1918 (Haakon Shetelig og Anders Nummedal) og då fanst B 7033, men meir har vore oppsamla av fagfolk sidan. I stranda nedanfor fanst B 7034, ca. 5 m o. h. Nå er her inga strand, men vi kan gisse på vika i NO, enda det heller ikkje her eigenleg er nokon strand.
Myra har ein utstreking på 300 x 100 m NO-SV. Funnområdet ligg på ei flate innan søraustre delen av myra. Per Fett skriv: Funnområde ved Storamyro (ho heiter ikkje Hovlandsmyro, som ligg på toppen ovanfor innmarka). Ho er 300 x 100 m NO-SV og ligg mellom 7,35 og 7,90 moh. I søraustre kroken er ei flate og her har Haakon Shetelig, Johs. Bøe o. a. plukka B 7572 o. fl.
Funna vart gjort i stigen frå der han kjem ned i dalen og opp til høgste punkt i dalen, innanfor ei kring 20 m lang strekning. Her vart observert 4 - 5 grønsteinsavslag og eit par moglege kvartsavslag, som alle vart lagde tilbake på funnstaden. Dalbotnen har her ei breidd på 5 - 7 m, slik at lokaliteten i alle høve ikkje har ei større utstrekning enn dette N-S.
Røysa er 18-20 m i tverrmål og godt 2 m høg. Ho er heilt klårt markert, bygd av nakne 10-50 cm store steinar/blokker. I toppen er det eit ovalt 4 m vidt og 1,5 m djupt søkk. Den nordlege halvdelen er ein del utkasta. Midt i røysa veks ei rogn.
Avdi røysene ligg inne i tett furuskog og er overgrodde med mose, lyng og eine, er det vanskeleg å lokalisere dei. Per Fett har her registrert 4 røyser. Under ØK-registreringa i 1987 vart det påvist 3 røyser, moglegvis også ei fjerde. Skildringa av røysene er henta frå Per Fett. Røysa fk. 5/1, som ligg lengst N, er 4 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røysa fk. 5/2 ligg 15 m SSV for fk. 5/1. Ho er 4 m i tverrmål og låg. Røysa fk. 5/3 ligg 25 m S for fk. 5/2. Ho er 5 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røysa fk. 5/4 ligg øvst på bergryggen 15 m S for fk. 5/3 og er 9 m i tverrmål og 1,5 m høg.
Røysa er 9,5 m i tverrmål. Ho er ca. 1,5 m høg, men er mykje ujamn. Mange av dei 20 - 40 cm store steinane/blokkene ho er bygd av, ligg spreidd utover mot N. I austre enden er eit større krater. Det er sparsomt med vegetasjon, men noko lyng og mose.
Røysa er kring 10 m i diameter og mellom 0,5 - 1 m høg. Avgrensinga er noko usikker grunna tilvaksing og det faktum at det ligg mykje stein rundt i terrenget kring røysa. Ho er bygd på ein naturleg høgde av kanta steinar/blokker, 15 - 40 cm store, med store i midten og mindre utover. Røysa er tilvaksen med mose, gras, noko eine og litt lyng. Midt i røysa er det plassert ei dobbel høgspentmast. Steinane/blokkene her ligg nakne i dagen, dei er større og meir skarpkanta enn dei som ligg utover i røysa, og er alle av same bergart som undergrunnen, medan dei som ligg utover i røysa er mindre og samansette av andre typar bergarter enn dei som er i berggrunnen rundt røysa. Ein kan såleis ikkje sjå bort frå at heile sentrum av røysa er resultat av kraftlinearbeidet. Dobbeltmasta vil snart verta fjerna i samband med utskifting av lina.
Haugen er kring 9 m i tverrmål, opptil 2 m høg, og grasvaksen. Han er relativt klårt markert i N, men går elles mykje i eitt med kulen han ligg på. Toppen av haugen er noko avskava, men elles er der ikkje skader. Haugen er godt synleg i lendet.
2018: Treng meir nøyaktig kartfesting.
Røysa som er bygd av 30 - 50 cm store steinar/blokker, er 2 m i tverrmål og omlag 70 cm høg, men det er innpåkasta noko stein. På røysa er bygd ein varde. I røysa veks nokre fjellbedplantar og tett V for henne veks ei furu.