Røysa er 12-13 m i tverrmål og 0,5 m høg. Ho er bygd av 0,3-0,6 m store steinar/blokker og er tørr. Røysa er noko omrota og utkasta, mest i S og V.Langs kantane veks det lyng og einr og i den søraustre delen er det eit lauvtrekratt. Røysa er heller uklårt markert, men godt synleg i lendet.
Gravhaugen, som vert kalla Trollhaugen, ligg på ei langstrakt høgd i terrenget. Han er 17 m i tverrmål, i SSO er han 2,5 m høg, medan han i NNV er berre omlag 1 m høg. Steinar/blokker kjem til syne i dagen, men elles er han grasvaksen. Det veks nokre store eik- og bjørketre i den nordvestre kanten på haugen. Dette hindrar noko for utsynet. Haugen er nokså flat og utkasta i toppen. Det ser ut som ein del rydningsstein har vorte kasta opp på haugen i nyare tid.
Røysa er kring 10 m i tverrmål og 1 m høg. Ho er bygd av 0,2 - 1 m store, nakne steinar/blokker; dei fleste 0,5 - 0,6 m. Steinane/blokkene er noko tilvaksne med mose og lyng, særleg langs kantane av røysa. I sentrum av røysa veks ei bjørk og eit furutre. Røysa er noko omrota i midten og utkasta mot SV. Ho er relativt klårt markert, men ikkje særleg synleg i lendet.
17.04.2026:
Røysa vart målt inn med CPOS. Det var noko unøyaktighet pga. vind og skog.
Røysa er svert tilvoksen av mose, blåbærlyng og ung lauvskog. Den er vanskelig å sjå i landskapet, da den likner på ein grensemarkør mellom to eiegedomer. Steinsatt kiste måler i dag ca. 1,8 m x 75 cm. Er godt tydeleg.
Opphaveleg skildring:
Røysa måler kring 12 x 6 m, orientert O-V, og er opptil 0,75 m høg. Ho er bygd av 0,3 - 0,8 m store steinar/blokker og er delvis tilvaksen med mose, lyng og lauvtre, særleg langs kantane. Omlag midt i røysa står ei kring 2,3 x 0,75 m stor og 0,5 m djup kiste av kantsette blokker, orientert ONO-VSV. Røysa er heller uklårt markert og lite synleg i lendet.
Bautasteinen fk.nr. 3/4 er 2,6 m høg, inntil 0,9 m brei og 0,3 m på det tjukkaste. Han vender breisidene mot NO og SV.Langrøysa fk.nr. 3/3, som er orientert NV-SO, ligg 2 m NV for bautasteinen. Ho er 22 m lang, 7 m brei, 1 m høg og sers pen. Langrøysa er dekt av grastorv, men ein del stein stikk i dagen, mest kring midten av røysa.
Fk.nr. 10/1, Blimshaugen, ligg øvst oppe på ryggen 20 m O for ei hytte. I heile den nordlege halvdelen av haugen ligg kantane klårt, 2-25 m høge sett utanifrå. På innsida av kantane ligg eit 1-1,5 m djupt og 14 m vidt søkk. I den nordlege og nordaustlege delen av dette søkket er det to nedskjeringar, der ein i kvar kan sjå ei hellekiste. I NV del av søkket ligg ei tredje hellekiste og endeleg ei fjerde om lag midt i. Tverrmålet på denne nordlege halvdelen av haugen er 33 m. Heile den sørlege halvdelen av haugen er på det næraste utjamna og søre kant vert skoren av den oljegrusa vegen fram til hytta. Haugen er tilvaksen med tjukk grastorv.Haugen fk.nr. 10/2 ligg 3 m SO for 1. Han er 15 m i tverrmål og knapt 1 m høg i NO, men er elles sterkt avskaven og flat oppå. Han er tilvaksen med tjukk grastorv.Bautasteinen fk.nr. 10/3 står 5 m SSO frå kanten av haug nr. 2. Steinen ris 170 cm over bakken. Han er 60-70 cm brei, avsmalnande mot toppen og 15-30 cm tjukk. Steinen hallar noko mot SV.
Røysa er ikkje heilt rund, om lag 18 m i tverrmål N-S og om lag 15 m i tverrmål O-V. Ho er kring 1 m høg og dekt med tjukk grastorv, unnateke i nordvestre del, der ein del steinar/blokker (innpåkasta) ligg i dagen.Bautasteinen fk.nr. 2/1 er 2,5 m høg, 0,3 m brei og 0,15 m tjukk. Han er spiss ovantil. Bautasteinen stod tidlegare der Vikaren no står. Han blei gjeven attende frå museet i 1953 og oppsett på røysa fk.nr. 1/1, der ein trur han opphaveleg har stått.
Berre nordre del av røysresten er igjen. Han er kring 4 m O-V, 3,5 m N-S og opp til 0,5 m høg. Ein del steinar/blokker stikk i dagen, men her er og ein del innpåkasta stein. Røysresten er elles dekt av mose og grastorv.