Gravrøysa er 14 m i tverrmål og 1,5 m høg. Ho er bygd av kanta steinblokker, 0,1 - 0,5 m store. N for sentrum av røysa ligg eit krater, 2,5 m i tverrmål og 1 m djupt, og S for sentrum ligg eit noko mindre krater. I austre del av røysa er det bygd opp ei mindre røys som er 2 m i tverrmål. Røysa er utkasta i toppen. Ho er ikkje tilvaksen med vegetasjon, er klårt avgrensa og er godt synleg i lendet.
Samlinga, 2 røyser, Fetts fk.nr. 4/8-9, er 30 x 10 m orientert O - V. Røysene er mykje tilvaksne med gras og bærbusker. På røysa fk.nr. 4/9, veks det også nokre rognetre. Røysa fk.nr. 4/8, er klårt synleg, medan røysa fk.nr. 4/9, er noko vanskeleg å sjå. Røysene er 3 - 5 m i tverrmål og knappe 0,5 m høge.
Feltet er om lag 330 m O - V og 80 m N - S på det breiaste. På bnr. 14 i den vestlege delen av feltet, ligg det 38 røyser og 3 tufter.Røysa nr. 63 på Fetts fk.nr.1, er halvmåneforma og orientert O - V. Mogleg er det ein rest av ei rund røys. Ho er 18 m lang og dekt av grastorv, lyng og einer. Dei andre røysene er frå 2 - 7 m i tverrmål.Tuft nr. 24 er orientert N - S, med opning mot sør. Ho er 9 x 9 m i ytre mål. Austre vegg er mest markert med ei stor steinblokk. Dei indre måla er 7 x 3 m. Tufta ligg i nedre terrasse og er heilt grasvaksen.Tuft nr. 19 er orientert O - V med opning i V. Ho er 9 x 8 m i tverrmål og ho er grasvaksen. Søre veggvoll er mest markert. Mogleg er det ei utkasta røys.Tuft nr. 12 er orientert NNV - SSO med opning mot sør. Ho er 10 x 9 m, og vestre veggvoll er mest markert. Tufta er gras- og mosevaksen med litt einer.Tuft nr. 10 er orientert N - S med opning i S. Ho er 8,5 x 7 m i ytre mål, og 3,5 m i indre breidd. Veggvollane er låge, særleg i nord. Tufta er tilvaksen med gras, einer og mose.På bnr. 8, som er den austlege delen av feltet, er både øvre og nedre terrasse dekt av lyngmark.Røys nr. 134 på Fetts fk.nr. 1, er ein langhaug som er 29 m lang og 5 m største breidd. Ho er orientert N - S og dekt med torv, lyng og enkelte einar.Røys nr. 71 er 12 x 8 m og 1 m høg. Ho har eit krater i nordlege del. Det stikk 40 - 50 cm store blokker i dagen og ho er tilvaksen med mose, lyng og einar.
Røysa er 6 m i tverrmål og 0,5 m høg. Ho er heilt overvaksen av mose og lyng. Røysa er heller dårleg synleg i lendet og går i eitt med omgivnaden. I midten av røysa er det eit lite rundt søkk.
Røysa, som no berre er ein røysrest, har vore 10 m i tverrmål og 1 m høg. No er det berre røysbotnen og ein 0,5 m høg kant i den nordvestre delen som ligg att. Delar av røysa vart sannsynleg fjerna av Vegvesenet i 1958. Røysbotnen er overvaksen av mose og lyng og det veks ein del bjørkebusker på han, men ein kan kjenne steinane under dette dekket.
Røysa er 7 - 8 m i tverrmål og 0,25 - 0,5 m høg. I sentrum av røysa ligg 0,1 - 0,5 m store steinar/blokker i dagen. Røysa er elles tilvaksen med mosetorv, einer og nokre rognetrebusker, og avgrensinga er noko uklår. I nordvestlege kant av røysa ligg ei blokk som måler om lag 1,5 x 1 m, orientert N - S. I sentrum av røysa er det eit ca. 2 m vidt og 0,5 m djupt søkk. Røysa har elles fleire sår.
Feltet inneheld i dag 5 haugar.2 haugar, Fetts fk.nr. 13 og 14, er no borte. Fire av dei fem haugane som er her i dag, ligg på rad NV - SO, tett i vegkanten. Dei er mellom 4 og 10 m i tverrmål, og mellom 0,3 og 0,75 m høge. Dei er alle dekte med grastorv. På 3 av dei (Fetts fk.nr. 17, 18 og 19), veks det buskar og tre.Den femte haugen ligg om lag 15 m frå stranda, og ONO for rekkja med dei fire røysene. Denne røysa er krum, har ein lang arm på 11 m mot SO, og ein kort på 7 m mot NO, og er opp mot 1 m høg. Røysa er dekt med grastorv, og det veks nokre rognetre og buskar på ho.
Røysa er 10 - 12 m i tverrmål. Frå sentrum og vestover er røysa på det næraste heilt utkasta. I NV og SV står berre delar av kantane att. Den nordvestre delen er knapt 0,5 m høg. Utkastinga i den vestre delen er av nyare dato. Også den øvre halvdelen er mykje utkasta. Røysa er her bygd av 5 - 50 cm store steinar/blokker. Desse ligg nakne i dagen. Mot NO og S er røysa omgjeven av lyngmark. 5 - 10 m N for røysa er det i gang dyrkingsarbeid.
Fra utgravning: Transkredert boplass med 4 faser, SM, overgang SM-TN, TN og sen steinbrukende tid. Kulturlag datert til SM. // Fra registrering: Lokaliteten som går vidare inn under grendahuset, vart delvis undersøkt i 1984. Det vart då opna ei 1 m brei sjakt, parallelt med husveggen (NO - SV). Undersøkinga synte at her ligg eit funnførande kulturlag i og under sjølve strandvollen. Hovudtyngda av funna kjem frå den delen av kulturlaget som ligg under strandvollen.Lokaliteten vart første gong påvist av Atle Longva i 1983. Sommaren 1984 utførde hans CHr. Søborg ei avgrensa prøvegraving innanfor eit 15 m2 stort område som resulterte i funn av 13130 artefakter (B13824). To 14 C-dateringar har gjeve ein alder på 6000 år før notid.