Stabbur med hovedinngang frå sør, adkomsten til buret er på ei rampe av stein. Buret stend godt på haldesteinar av naturstein. Buret har 2 rom nede og 1 rom i 2 etasje. Taket er tekt med spon.
Loft i 2 etasjar, 1 etasje i lafteverk 2 etasje i grovt bindingsverk. Loftet er kledd med ståande sveitserpanel, har 2 rom nede og 2 rom oppe. Bygget stend godt på kilte stabbesteinar og har bølgeblekk til taktekking
Loft som truleg er frå mellomalderen. Loftet har eit lafta rom i kvar høgd der lafteverket er på det næraste intakt, men novarmane som ber svalgangane oppe er dels fjerna og dels innkorta. Det er utbuka beitskier i begge høgdene. Noverande svalgangar er nyare. Loftet sto opphaveleg på bakken, vart seinare sett på underbunad med sviller, klauver og flak, men sviller og klauver er no erstatta av haldsteinar. Taket er tekt med never og torv
Loftet er bygd med findalslaft og skal difor vera frå før svartedauen. Det har eit tømra rom i kvar høgd. Opphaveleg hadde det berre svalgangar rundt loftshøgda. På midten av 1700-talet vart loftet flytta og det vart då sett opp på underbunad med botnsviller, stabbar og flak. Samstundes vart svalgangane fornya og det fekk ny sval framfor bursdøra.
Lengst mot N, på lav, naturlig forhøyning i terrenget, nå mer markert ved bortkjøring av masse i samband med nydyrking: Fornminne 1: Rundhaug av sand og grusblandet jord, neppe steinholdig. Ganske avflatet midtparti, bratte sider. Klart markert, bunnvegetasjonen fjernet langs kantene. Godt synlig i terrenget. Rektangulær forsenkning i midten, lengde 3 m, bredde 1,5 m, dybde 0,6 m. Lavspentstolpe noe NØ for midten. Lyng, mose og noe gresstorvdekke, gamle stubber og annet skogavfall, enkelte småskudd. Mål: diameter 13 m, høyde ca 1,70 m. 27 m S for fornminne 1: Fornminne 2: Rundhaug av sand og grusblandet jord, neppe steinholdig. Pent avrundet profil, jevne symetriske sider. Klart markert, bunnvegetasjonen fjernet rundt haugkanten. Meget godt synlig i terrenget. Større nøkkelutgravning i midtpartiet med sjakt mot SV, (lengde 9 m, største bredde 3 m, dybde 1,60 m). Lyng, mose og gresstorvdekke, gamle stubber og annet skogavfall. Enkelte småskudd og lauv og bartrær. Mål: diameter 20 m, høyde 2 - 2,2 m. Haugene trer frem som åkerholmer på den oppdyrkede terrassen. Den N-ligste åkerholmen er sammenkjørte jordmasser.
Loft i 2 høgder med eit lafta rom i kvar høgd. Det er ovaltelja findalslaft (før 1350), plankeforma beitskier og gode novarmar. Sval framfor bursdøra nede og på alle siden i loftshøgda. Svalsstolpane er rikt dekorerte. Loftet står på underbunad med sviller, klauver/stabber og museflak; dette vart truleg gjort på 1700-talet og samstundes som burssvala vart kledd inn. Taket er tekt med never og torv
Tunet på Tvitekkja ligg sørvendt i Austbøgrend. Sør i tunet ligg loft og bur med bustadhuset midt i mot på nordsida. Ein litt nyare løebygning ligg aust i tunet. Eit tømra uthus vest i tunet tener no som garasje. Ein heilt ny garasje ligg endå lenger vest i tunet. Loft og bur har mellomalderstatus, men buret er temmeleg sikkert frå etter 1537. Bustadhuset er påbygd mot aust. Eldste del i 1. høgd har ovalt lafteverk og det har hatt 3-romsplan. Ein vulstprofil på tømmeret kan tyda på at denne delen er frå seint på 1600-talet eller tidleg på 1700-talet.