Av hellekista er det i dag berre ei grop og nokre stein i bakken synleg. Gropa ligg i NV-SA retning og kista har såleis truleg hatt same retning. Gropa har i dag ein utstrekning på vel 1,0 x 0,6 m. Hellekista vart utgraven i 1881 av Imanuel Ross, men det vart ikkje gjort funn av oldsaker, anna enn kol og oske. Det vart alt i 1881 slått fast at kistegrava var forstyrra og delvis øydelagt.
Totalt 78 bosetningsspor hvorav 16 stolpehull, 34 kokegroper, 13 ildsteder, 2 kullflekker og 13 uvisse samt 15 funn av gjenstander.
Januar 2025: grøftegraving i vestre kant avdekket 4 kokegroper og 2 andre groper like utenfor daværende vernesone for denne lokaliteten.
Hellerlignende utspring i fjellet med en lav og ikke dyp innhulning helt nederst. Funn av svært mye keramikk, minst 100 biter, i prøvestikk like under dråpefallet. Kulturlag ikke påvist, og helleren har trolig kun vært egnet for kortere bosetning. 4 av 5 prøvestikk var ellers funntomme.
Det er spor etter omfattande uttak av kleberstein i skaret SV for og på toppen av Vetle Raudberg, 962 moh, i form av lausmassar og blokker. Uttaksstadene ser ut til å følgje i ei klebersteinsåre. Ved registreringa låg her snøfonner så det kan vere fleire uttaksstader enn dei observerte. Gryteemne og spor etter uttak av klebergryter er funne 9 stader, sju av desse ligg innanfor ca 100 langt område SV for toppen av Vetle Raudberg medan to stader ligg oppe på sjølve toppen.
Ved maskinell flateavdekking vart det påvist fire strukturar i sjakt 2 som var 14 m lang og 2,7 m brei. Struktur 1, 2 og 3 representerer truleg brente flatmarksgraver og struktur 4 ei kokegrop. Flatmarksgravene teiknar seg som ovale til rundaktige strukturar med skjørbrent stein, striper og konsentrasjonar av kol og nevestor stein. Dei kom for dagen mellom matjordlaget og underliggande lys brun sand. Dei har varierande storleik frå str.1 på 1,5 x 1,5 m medan str.3 er 1,75 m brei og 2,10 m lang.
Steinalderbuplassen ser ut til å ligg på to små flater, med ein truleg konsentrasjon på øvste, der det er gjort flest funn. Positive prøvestikk avdekka eit funnførande areal om lag 15 m breitt og 18 m langt nedover skråninga. Lokaliteten synest vere avgrensa av eksisterande bygningar i V og Ø og kan strekke seg ned til eksisterande veg. Mot nordvest viser negative prøvestikk at funnførande område strekker seg til gangstien mellom dei to bustadene. Sju positive prøvestikk inneheldt kulturlag og fem av desse inneheldt gjenstandar. Det vart funne kjerneavslag i flint, avslag av kvarts og flint og bitar med pimpstein. Funna låg i eit 20 ¿25 cm kolhaldig jordlag med stein i botnen. Laget ligg dels under 10-15 cm brun jord og dels rett under 10 cm grastorv.
Dyrkingslaget vart påvist ved prøvestikking i det V-vendte, heller bratte beiteområdet. Dyrkingslaget ligg på begge sider av steingarden som skil bnr. 3 og 4 og strekker seg 60 ¿70 m til parallelle steingardar i N og S. Øvst i bakken, mot A, er laget avgrensa av traktorveg og det strekker seg nedover om lag 100 m mot V og tynnar ut før den kryssande grusvegen. Dyrkingslaget er ca 20 cm tjukt kollag med trekolbitar, ingen funn av gjenstandar. 14C prøve vart teken ut ved steingarden mellom dei to bruka, 39 m ned frå austleg ende av steingarden. Stratigrafi i prøvestaden; 14 cm torv, 16-18cm lys brun jord, 20-25 cm feit mørk kolhaldig jord og oransje sand underst.