Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 30 meter nordaust ¿ sørvest, og vel 15 meter nordvest ¿ søraust. Buplassen dekker såleis ei flate på opp mot 500 kvadratmeter. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i to retningar, medan det ligg myr både på nedsida og oppsida av lokaliteten. retningar, sett vekk i frå mot sør. Den svakt hellande flata har gjeve god drenering på buplassen, og på heile lokaliteten er det eit sand og gruslag som ein ikkje finn kring lokaliteten. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. Det er teke 7 prøvestikk på lokaliteten, der 6 var funnførande. Prøvestikk 7 på nedsida av lokaliteten var funntomt, medan det i prøvestikk 4 berre vart funne eit avslag vassrulla flint. Dette stikket er teke i kanten av myra på oppsida av buplassen. Desse stikka avgrenser difor lokaliteten i desse retningane. Ut over det, er lokaliteten avgrensa av berg. Prøvestikk 1 - 6 var funnførande. På flata varierer tjukkleiken på torva noko, men er for det meste kring 20 cm tjukk (lag 1, lag 1 og 2 i PS 1 og 2).Under dette kjem det eit 10 cm tjukt gråbrunt sand- og gruslag som er funnførande (lag 2 i PS 1, 5 og 6, lag 3 i PS 2 og 3). I tillegg er det i PS 2 og 3 avdekt eit humushaldig sand- og gruslag med mykje trekol og skjørbrent stein. Det vart og funne brent skal av hasselnøtt i dette laget. Dette ser ut til å vera restar etter eit bevart kulturlag (lag 4). Nedst finn me over det meste av lokaliteten eit raudbrunt sand- og gruslag (undergrunn). I PS 1 finn me leire nedst.
Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 15 meter aust ¿ vest, og 8 meter nord ¿ sør. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i sør og aust, medan den store myra ligg i nord og vest. Topografien på staden, saman med prøvestikka, gjer at me kan avgrensa lokaliteten til å vera om lag 50 kvadratmeter i storleik. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga av funna ser lokaliteten ut til å vera ein aktivitetsplass, og ikkje ein buplass. Aktiviteten kan truleg knytast til buplassen på lok. 5. Det er tatt 4 prøvestikk på lokaliteten, der eitt var funnførande. På flata varierar tjukna på torva noko, men i det funnførande stikket som ligg 5 meter nord for bergveggen er torva 20 cm tjukk (lag 1). Under denne er det 15 ¿ 20 cm med brun humushaldig sand- og grusmasse med ein del større stein som truleg er rasa ut frå bergveggen (lag 2). Nedst finn vi raudbrun sand og grus (aur).
Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 50 meter nord ¿ sør, og vel 25 meter aust ¿ vest, og gjer ei flate på vel 1000 kvadratmeter. Topografien, saman med prøvestikka gjer at me kan anslå buplassen til å vera opp mot 400 kvadratmeter. Den svakt hellande flata har gjeve god drenering på buplassen ned mot sør, og på heile lokaliteten er det eit sand og gruslag som ein ikkje finn kring lokaliteten. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. På flata varierar tjukna på torva noko, men er for det meste kring 15 til 20 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit 10 cm tjukt grått til gråbrunt sand- og gruslag som er funnførande (lag 2). I tillegg er det i PS 3 avdekt eit mørkt brunt til svart kolhaldigt sand- og gruslag over dette. Det vart og funne brent skal av hasselnøtt i dette laget. Dette ser ut til å vera restar etter eit bevart kulturlag (lag 4). Nedst finn me over det meste av lokaliteten lys grå til mørk grå sand- og grus (undergrunn).
Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 30 meter nord ¿ sør, og vel 20 meter aust ¿ søraust, og dekker såleis ei flate på opp mot 600 kvadratmeter. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i tre retningar, medan det ligg myr mot nord. Dette gjer at me ut frå topografien og prøvestikka kan anslå buplassen til å vera opp mot 300 kvadratmeter. Ein steingard fylgjer topografien i området og syner såleis avgrensinga av lokaliteten i alle retningar bortsett frå mot nord. Eit heildekkande sand- og gruslag har gjeve god drenering på buplassen. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. På heile flata er torva noko om lag 10 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit 10 til 20 cm tjukt lag med lys brun til brun sand og humusblanda med noko grus (lag 2). Dette er funnførande lag. Nedst finn me over det meste av lokaliteten brun sand og grus (undergrunn).
Lokaliteten ser ut til å strekka seg 120 meter aust - vest, og vel 50 meter nord ¿ sør. Det er ikkje prøvestukke i hellaren, men den har truleg vore i bruk etter som den ligg kloss i lokaliteten. Kraftige tørrmurar i hellaren syner at den har vore i bruk i nyare tid. I skråninga like bortan for hellaren vart det i dei snudde massane etter kloakkleidningen funne avslag i grønstein og flint. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein stor buplass. Det er ikkje teke prøvestikk på lokaliteten. Det er grave ei open dreneringsgrøft, og ein kloakkleidning over lokaliteten. I dei oppgrevne massane var det mykje funn i tillegg til at det var ein del funn i profilveggen i grøfta. I dei attgrevne massene etter ei kloakkgrøft var det mykje funn i flata. Dette syner at lokaliteten strekk seg eit godt stykke opp i skråninga mot nord. Dette er ein svært stor lokalitet, med kraftige funnførande sand- og gruslag på opp mot 40 cm. Funnsamansetninga og laga syner at lokaliteten har vore i bruk i fleire tidsperiodar.
Flata som lokaliteten ligg på, er om lag 15 meter nord ¿ sør, og 8 meter aust ¿ vest. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i alle retningar unnateke mot vest kor det er opent ut mot myra. Topografien på staden, saman med prøvestikka, gjer at me kan avgrensa lokaliteten til å vera om lag 60 kvadratmeter i storleik. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. Torva er vel 15 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit opp til 10 cm tjukt lag med brun til brunsvart humushaldig sand- og gruslag med litt trekol (lag 2). Dette er funnførande lag. Nedst finn me lys brun sand og grus (undergrunn).
Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 20 meter nordaust ¿ sørvest, og 8 meter søraust ¿ nordvest. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i nordvest og søraust. I nørdaust fortset draget lengre opp, medan det i sørvest er opent mot eit fuktig myrområde på flata før Kvitlavika. Lokaliteten ser ut til å ha lege på ein gamal strandvoll. Topografien på staden, saman med prøvestikket, gjer at me truleg kan avgrensa lokaliteten til å vera om lag 50 kvadratmeter i storleik. Avgrensinga her er noko usikker fordi me ikkje fekk tid til å ta fleire prøvestikk. Ei stor steinblokk ligg inne på lokaliteten. Ut frå plasseringa, funn og stratigrafi ser lokaliteten ut til å vera ein aktivitetsplass, og ikkje ein buplass. Det er teke 1 prøvestikk på lokaliteten, og dette var funnførande. Torva er 30 cm tjukk (lag 1). Under denne kjem det eit vel 12 cm tjukt lag med mørk brun til svart grus blanda med litt stein (lag 2). Nedst finn me brun sand og nokre steinar (undergrunn).
Samlinga inneheld tre røyser. Røys 1 ligg lengst V oppe på bergryggen. Røysa måler 10 m A-V og 5 m N-S. Ho er 40 - 50 cm høg. Røysa er bygd av rundkamp og brotstein i størrelse 30 cm til stein av mannsløft størrelse. Mogleg restar etter gravkammer i sørøstre del av røysa. Røysa er lyngkledt men stein stikk i dagen fleire stader. Ei lita bjørk står i den nordre kanten av røysa. Røys 2 ligg få meter A for 1. Røysa måler 8 m ANA-VSV og 4 m NNV-SSA. Høgda er ca 40 cm. Røysa er bygd av rundkamp og brotstein. Røysa er lyngkledt men det stikk stein i dagen fleire stader. Det vekst to samlingar av bjørk i røysa. Rett S for dei to røysane, på ei hylle i berget ligg røys 3. Røysa er langstrakt og ligg langsetter berget som strekk seg Ø-V. Røysa måler 7 m Ø-V og ca 3 m brei. Her veks ein del brake og lyng slik at røysa er vanskeleg å avgrense. Formen på røysa kan karakteriserast som uregelmessig. Røysa er bygd av noko rund stein men mest av brotstein. Røysa er delvis mura nær midten. Mogleg rest etter gravkammer eller mura kant i røysa.
Lokalitet med 48 fangstgroper. Det dreier seg i hovedsak om murte dyregraver. De har hovedsaklig løpsretnin NV-SØ, det vil si på tvers av elva. Det går stier nært eller på flere av kulturminnene.