Lokaliteten ligg på ein markert åsrygg på søraustsida av Tyttebærneset. Her er i dag stor furuskog, deler av denne er rotvelta, men ikkje tatt ut som virke. Området er i dag lite nytta utmark. Lokaliteten synest væra liten, mot aust er det eit bratt berg ned mot vika som kjem inn frå sør. I vest er det kuppert lende ned mot ei lågareliggande myr. Det er eit funnførande prøvestikk på ein flate på vel 60 m2. Lagdelinga viser først eit vel 10 cm. tjukt lag med torv delvis omdanna organisk materiale. Under dette kjem eit lag med lys sand, dette laget er og det funnførande laget. Under dette kjem eit lag med raud jord.
Lokaliteten ligg på ei lita flate mest på høgaste punktet av neset. Flata er omkransa av små kollar i nord og nordvest. Ned mot sjøen hallar terrenget bratt. Bakanfor funnområdet ligg ei flat myr. Vegetasjonen er i hovudsak grastorv, lyng (tyttebær og blåbær), einer, rogn og furutre som her er rotvelta. Det er tatt to prøvestikk på flaten der eit gav funn av pimpstein og kvartsavslag. Lokaliteten er liten rundt 30 m2 og er moglegvis eit aktivitetsområde med utsikt mot sjøen. Lagdelinga viser først eit 5 cm. tjukt lag med torv delvis omdanna organisk materiale. Under dette kjem eit 25 cm. tjukt lag med brun torvjord, under dette laget kjem eit 10 cm. kolhaldig torvjordlag som er noko blanda med sand. Under dette det funnførande laget med gråbrun sand og grus på vel 20 cm.
Kolgropa er 1,5 m i tverrmål og 0,3 m djup. Tilstanden er god. Det ovre laget i kolgropa var torv og sand. Under dette eit humushaldig sandlag med litt trekolbitar. Mellom dette laget og trekollaget er det ei linse med gråbrun humushaldig sand. Dette daterte laget er eit svart til gråsvart kolhaldig sandlag. Trekolet vart datert til BC 405 -255, dvs. førromersk jernalder.
Beskrivelse fra lokalitet:
Foreloebig er det I forbindelse med vannledningstrase kun paavist ei kokegrop. 80 cm I dm og den bestaar av kull, skjoerbrente stein.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Rund, 80 cm I dm, bestaar av kull og skjoerbrente stein. humus I overflaten.
Røysa er bygd opp av stein av mannsløfts størrelse. Den er meget godt synlig og rimelig godt markert. Diameter ca. 10 m, og høyde inkl. bergknatten er 2,5 - 3,0 m. Den synes lite skadd, med unntak av et grunt sår i vegetasjonsdekket på toppen. Sør for røysa ligger det i dag en hvit kvartshelle på anslagsvis 70 x 45 cm. Denne skal visstnok komme fra røysa. Røysa er i dag helt innebygget, med husets terrasse i S og stor garasje i N.
Haugen er overdyrka og trer fram som ein tydeleg kul i terrenget. Han er omlag 20 -30 m i tverrmål og 2 - 3 m høg. Haugen er antageleg bygd oppå ein naturleg rygg i terrenget. Tvers over haugen går eit gjerde som markerer grensa mellom bnr. 4 og 6.
Haugen er ganske sikkert ein naturleg morenehaug. Det blei funne ein vikingtidsøks (B10990) i han, og ved graving støtte ein borti nokre heller som blei dekte til igjen urørd. Haugen er orientera N-S, omlag 20 x 10 m og ca. 3 m høg.