Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet får ca. BC 7000.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok.12 ligg ca. 40 m nordvest for ID134324 (lok.11), litt lågare i terrenget. Lokaliteten er ei flate som skrånar svakt mot nord. Her avgrensast den av negative prøvestikk, medan i aust, vest og sør vert den naturleg avgrensa av berg og knaus. Store grantre står spreidd i området. Det vart gjort 2 positive prøvestikk med eit avslag av flint i kvart. Jordmassane består av gråaktig grus med mykje småstein. I storleik er lok.12 ca. 25x14 m (ca. 282 m²). Høgda over havet er rundt 70 m. Alderen ligg då truleg på ein ca. 7000 f. Kr., mellommesolitikum.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet frå ca. BC 7500.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten ligg på ei svakt skrånande flate ca. 30 m nordaust for ID134320 (lok.10). Avgrensast i nord og aust av lågare flatt terreng, no myr, med negative prøvestikk. I sør negative prøvestikk, her er terrenget flatt bak til lok. 10. I vest er det ein loddrett bergnabb på ca. eit par m høgde som har gjeve godt ly i si tid. Lokaliteten er tilgrodd av små furutre. Tre prøvestikk var positive her, med til saman 6 avslag av flint. Jordmassane er podsol med fin sand. Funna vart gjort på 20-50 cm djupn, frå rett under torva til eit stykke ned i anrikingslaget. I storleik er lok.11 ca. 34x19 m (ca. 373 m²). Høgda over havet er på ca. 75-80 m, ca. 7500 f. Kr., mellommesolitikum.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten er ei småkupert flate som, utanom negative prøvestikk, avgrensast av ein bratt bergvegg i søraust, gamalt grustak og veg i nordvest, kupert terreng i nordaust og ei svak helling og skogsvegen i vest. Jordmassane er podsol med sand og grus. Det vart gjort 2 positive prøvestikk her, som av funn gav 1 kjerne, 1 flekke og 5 avslag av flint. Funna låg på ca. 30 cm djupn, i øvre del av anrikingslaget. I storleik er lok.13 ca. 25x15 m (ca. 292 m²). Høgda over havet er rundt 60 m, noko som tilsvarar ei strandlinjedatering til ca. 6300 f. Kr., seinmesolitikum, Nøstvetfasen.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk og lausfunn i grustak.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten er på eit lite platå som ligg i startfasen av ein trong dal som går nord-sør langs heile lengda av Skolt pukkverk, vest for dette. Området er høvesvis flatt i nord, men ei vegskjering øydelegg denne delen. Vegetasjonen er planteskog, større grantre. I aust vert lokaliteten avgrensa av negative prøvestikk og berg som stig bratt opp. I sør stig terrenget gradvis, og saman med negative prøvestikk er lokaliteten greitt avgrensa der. I vest fell terrenget ganske bratt ned mot ein bekk som renn ut av dalsøkket og har skore seg ned i grunnen. I denne vestlege delen ligg det samstundes minst to mindre sandtak som har øydelagt delar av lok.15. Det vart samla opp ein del flint i kantane av desse sandtaka. Det vart samstundes funne noko flint i vegen rett nord for lokaliteten, så det er truleg at massane frå sandtaket har vore nytta til å bygge opp skogsvegen. Elles vart det gjort 4 positive prøvestikk som saman med funna frå sandtaka gav 36 avslag av flint. Lausfunna frå vegen er ikkje teke med her, for sjølv om dei truleg høyrer til lok.15, er ikkje dette sikkert. Jordmassane er podsol med fin sand og noko grus. Funna vart i all hovudsak gjort på rundt 20-30 cm djupn, i toppen av anrikingslaget. Lok.15 dekker ein liten terrasse som ligg med berg på eine sida og ein bekk/dalbotn på andre. Storleiken er rekna ut til å vere ca. 60x20 m (ca. 1100 m²). Høgda over havet er bortimot 65-70 m, dateringa ut i frå det ca. 6700 f. Kr., seinmesolitikum, eldste del av Nøstvetfasen.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok.16 ligg ca. 50 m sørvest for ID134332, i vestre side av dalmunningen. Flata skrånar svakt ned mot nordaust, svakt opp i sør. I vest er det bratt berg opp, i aust skrånar terrenget ned mot bekkefaret som renn midt i dalbotnen. Mesteparten av dalen er planteskog med til dels store grantre, men lok.16 ligg rett utanfor denne og er ganske open i sørdelen, medan resten er tettvekst med mindre grantre. Det vart gjort 2 positive prøvestikk her, med eit avslag flint i kvart. Jordsmonnet er podsol med sand og grus. Funna låg 20-40 cm djupt, øvre del og litt ned i gruslaget. Storleiken på lokaliteten er rundt 25x11 m (ca. 226 m²). Høgda over havet er mellom 75-80 m, noko som tilseier ei datering på rundt 7500 f. Kr., seiste del av mellommesolitikum.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet frå eldre steinalder og førromersk jernalder funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok.17 ligg rett sør for ID134333, så nære at det ikkje kan utelukkast at det her er snakk om ein større lokalitet. Negative prøvestikk mellom desse gjer likevel hint om at det er to distinkte lokalitetar. Lok.17 ligg på ei svak skrånande flate mot nord-nordaust, dekt av større grantre med open undervegetasjon. I aust skrånar terrenget litt ned mot bekken i midten av dalbotnen, i sør flatar terrenget ut. I vest er det bratt berg, delvis med overheng ved PS236. I dette prøvestikket vart det gjort funn av ein eldstad eller kokegrop. I bergveggen her er det moglege brennmerke. Totalt er lok.17 vist med 3 positive prøvestikk, som gav 9 avslag av flint. Jordmassane er podsol med fin sand. Funna vart gjort på 20-30 cm, botnen av utvaskingslaget, toppen av anrikingslaget. I storleik er lok.17 ca. 45x13 m (ca. 460 m²). Høgda over havet er på rundt 80-85 m. Som strandlinjedatering ville ein her ha plassert lokaliteten i tid til rundt 7800 f. Kr. Eit førebehald må ein likevel nytte her og med dei andre lokalitetane innover i dalsøkket. Sidan ein her har ein dal som kan ha vore nytta som både ferdselsåre og ekstra ly i lang tid, er det ikkje utan vidare heldig å nytte strandlinjene som datering. Ei C14-datering av trekull frå eldstaden i PS236 gav resultatet BC385-250, førromersk jernalder. Flinten høyrer typologisk til eldre steinalder, så det er aktivitet frå fleire periodar på denne lokaliteten.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Denne lokaliteten ligg tvers over på andre sidan av dalen, vest for ID134334. Lok.18 visar seg berre med 1 positivt prøvestikk med 1 avslag av flint. Avstanden over til lok.17 er berre få meter, så det er mogleg at desse lokalitetane høyrer saman i eit buplassområde. Berre den vesle bekken i midten av dalbotnen skil dei. Lok.18 er òg ei lita flate rett S for dalmunningen, då på austre side. Terrenget skrånar svakt ned i nord, slakt opp i sør, i vest går bekken og i aust er det berg. Sjølv med lite funn er det ei klassisk fin flate. Jordmassane er podsol med ein del stein. Funnet låg på ca. 30 cm djupn, overgangen utvaskingslag/anrikingslag. Stien gjennom dalen går rett ved på vestsida. Det er ganske open vegetasjon, ein del større og mindre grantre. I storleik er lok.18 rekna til rundt 26x17 m (ca. 346 m²). Høgda over havet er ca. 80-85 m.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet frå eldre steinalder og yngre bronsealder/førromersk jernalder funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok. 20 ligg oppover i eit dalsøkk, ca. 70-80 m sørvest for ID134353. Av nærare 15 prøvestikk i nærområdet var berre 2 stykk positive. Totalt kom det fram 3 avslag/bitar av flint. Slike funn vert tradisjonelt datert til eldre steinalder. Samstundes dukka det også opp ei kokegrop som vart C14-datert til slutten av yngre bronsealder-overgangen til førromersk jernalder. Som ved ID134334 er det difor her mogleg at området har vorte nytta gjennom større delar av førhistoria. Det er ganske opent no der lok. 20 ligg, sjølv om stikket med kokegropa ligg ved nokre større grantre og blandingsskog. Stien gjennom dalsøkket går langs austsida av lokaliteten. I nord og sør er det ganske flatt, negative prøvestikk avgrensar her. I aust ligg søkket med bekken i midten av dalbotnen, medan berget stig rett opp i vest. Storleiken på lok. 20 er rundt 24x10 m (ca. 164 m²). Høgda over havet er rundt 90 m.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok.23 ligg rett søraust for ID134338, men oppe på toppen av åsen og ikkje i dalbotnen. Det vart gjort funn av 3 avslag av flint i 1 prøvestikk her, på ca. 20-30 cm djupn. Jordmassane består av grus med mykje stein og røter. Vegetasjonen er gran og furuskog, delvis opent og bart berg i området rundt. Det er ikkje mykje ly for vær og vind her. Lokaliteten avgrensast av svaberg i aust, bergskråning ned mot dalbotnen i vest. Største moglege utstrekning går til svaberg i nord og sør. Storleiken vert nærare 27x22 m (ca. 501 m²). Høgda over havet er 95-100 m, så om denne lokaliteten kan daterast etter strandforskyvingskurva, kan den plasserast ned mot 8500 f. Kr., fyrste halvdel av mellommesolitikum. Ut i frå skildringa av tidlegare registrerte ID70500 er det truleg at den eigentleg skal høyre til i dette området (gass 13-187).