Lok A 1 ligg på ei lita flate 15 moh. og med hovudutstrekning inntil steil bergvegg i nord. Avgrensing vanskeleggjort av ur og mange lause blokker i området. Fire prøvestikk derav to funnførande. Stratigrafi i prøvestikk 1: 7 cm grastorv, 13 cm jordblanda strandgrus med mykje organisk materiale, 20 cm tjukk silt og leirblanda strandgrus med noko større stein. Avslag i kvartsitt samt i skifrig og i mylonittliknande materiale. Datering til steinbrukande tid pga. fråvær av diagnostiske artefakter.
Beskrivelse fra lokalitet:
Tilverka flint (2 avslag, T21166) funne i 2 prøvestikk 40-43 cm under overflata i brungrått sandlag med mykje stein, under 18-40 cm tjukk torv. Det er tatt 7 prøvestikk nær dei funnførande (prøvestikk 1 og 2), alle negative. To prøvestikk, 16, 17 er vass-sålda. A for funnførande prøvestikk, mot gardsvegen, var det vanskeleg å koma ned på sand- og gruslaget på grunn av mykje oppsprengt berg/stein i jorda (etter bygging av gardsvegen). Lokaliteten strekkjer seg truleg over eit større areal enn det påviste.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tilverka flint (2 avslag) funne i 2 prøvestikk 40-43 cm under overflata i brungrått sandlag med mykje stein, under 18-40 cm tjukk torv. Det er tatt 7 prøvestikk nær dei funnførande (prøvestikk 1 og 2), alle negative. To prøvestikk, 16, 17 er vass-sålda. A for funnførande prøvestikk, mot gardsvegen, var det vanskeleg å koma ned på sand- og gruslaget på grunn av mykje oppsprengt berg/stein i jorda (etter bygging av gardsvegen). Lokaliteten strekkjer seg truleg over eit større areal enn det påviste.
Lokaliteten blei oppdaga ved funn av tilverka flint samt trekol i prøvestikk tatt på flata (10-12 cm under overflata) like S for A-V gåande bergrygg i ein 7 m (orientert A-V) x 4 m (orientert N-S) stor opning i einerkrattet, som dekkjer størsteparten av flata. N for lokaliteten er ei steinur ved foten av bergryggen. Lokaliteten er ikkje avgrensa mot A p.g.a. det tette einerkrattet, men truleg mot V ved negative prøvestikk. Masse frå funnførande prøvestikk er vass-sålda. Det er heller ikkje utenkjeleg at lokaliteten strekkjer seg ut i myra, og at myrdanninga er føregått etter at aktiviteten på lokaliteten opphøyrte. Funnmaterialet utgjer 10 avslag.
Lokaliteten blei påvist ved funn av 1 flintavslag, (ca. 12-15 cm under overflata i sand) og trekol i prøvestikk tatt i S-kanten av eit daldrag mellom to A-V gåande bergknausar. Lokaliteten blei prøvd avgrensa ved prøvestikking, men ingen prøvestikk var funnførande. Alle prøvestikka inneheldt trekol, og i 3 blei det i tilegg funne store mengder pimpstein. Funnførande prøvestikk blei deretter utvida til 1 x 0,7 m og all masse under torva vass-sålda, men ingen fleire funn er påviste.
Lokaliteten blei påvist ved funn av tilverka flint og trekol i prøvestikk (10-15 cm under overflata i sand) tatt i ein kring 4 m (N-S) x 6 m (A-V) stor opning i einerkrattet like SSV for ein VSV-ANA gåande berghammer. VSV for lokaliteten er ei steinur. Lokaliteten er ikkje tilstrekkjeleg avgrensa, fordi det tette einerkrattet vanskeleggjorde arbeidet, og funnførande område strekkjer seg truleg lengre mot V og A. Det er også tenkjeleg at myra sønnafor kan ha lagt seg over søre delar av buplassen. Lokaliteten er avgrensa mot N. All masse under torv i funnførande prøvestikk blei vass-sålda. Funnmaterialet utgjer 7 artefakter; 6 avslag, 1 mikroflekke.
På flata veks einer i tette kratt, men lokaliteten blei påvist ved funn av tilverka flint og trekol i prøvestikk tatt i ein opning i einerkrattet, som måler 10 m (N-S) x 4 m (A-V). Det blei gjort forsøk på å avgrensa lok., men p.g.a. einerkrattet let det seg vanskeleg gjennomføra. Lokaliteten blei såleis berre avgrensa mot N. Det er vidare mogleg at lok. strekkjer seg ut i myra. Funn av flintavslag i Gilderhaugbekken indikerer dette. Dessutan er det påvist trekol i alle prøvestikka, noko som kan indikera at større område enn funnførande areal er utnytta. All masse frå funnførande prøvestikk er vass-sålda. Funnmaterialet utgjer 10 avslag.
Lok A 2 blei lokalisert på eit noko flatare parti nedanfor gardsvegen og vest for hagen. Det flate partiet fortsett inn i hagen, som ikkje blei undersøkt. Lokaliteten er truleg 300-400m2 ut frå funnspreiing og topografi. Stratigrafi i prøvestikk 1: 5 cm grastorv, 30 cm dyrkingslag, deretter 20 cm tjukt og meir grushaldig dyrkingslag. Større stein i botnen. Prøvestikk 2: 8 cm grastorv, 47 cm tjukt dyrkingslag som ikkje blei gravd til botn. Funna påvist rett under torva og i toppen av dyrkingslaget. To avslag i prøvestikk 1 og eitt i prøvestikk 2.
Konstantinovka er ei hytte som er oppført på restene etter den russisk-svenske gradmålestasjonen på sørsida av Hornsund. Gradmålingsstasjonen ble bygd av russerne i 1899. Det ble benyttet kun ett år til forskning. Stedet er oppkalt etter storthertug Konstantin Konstantinovich (1858-1915), president i det Rusisske vitenskapsakdademiet og i den svensk-russiske meridianekspedisjonen 1899-1902. Laboratoriet ble på 1900-tallet ombygd til fangststasjon og benyttet som hovedstasjon. Våningshuset skal ha vært totalt nedrevet i 1935, mens observatoriet da ble benyttet som lager av fangstmennene (Rossnes 1993:32).
Anlegget består i dag av tufter etter tre store bygninger, hvor den største tufta har vært bolighuset. Fundamenter for måleinstrumenter viser at en av bygningene har vært observatorium. Materialmengde og dimensjoner har en helt annen karakter enn fangststasjonene og viser med all tydelighet at det var vesensforskjell mellom forskernes og fangstmennenes overvintringsutstyr. Det er uvisst når fangsthytta er oppført. Like ved ligger også en hvalfangststasjon.