Ligg like nord om to bustadhus, her er større drag som er dyrka alt i gamal tid. Det påvisteområdet strekker seg frå øvre del av eit markert drag og ned mot Drageidpollen i vest. Det ergrunn til å tru at deler av lokaliteten strekker seg vidare mot nord og søraust i hovudraget.
Området er dyrka og i dag beitemark med trakk og slitasje. Lokaliteten er slik forstyrra og omsnudd. Topografien gjer det likevel mogleg at større deler av lokaliteten ligg under den dyrka jorda. Strategrafien er dyrka mark, gras og røter i vel 5-7 cm tjukne, deretter åkerjord i vel 15-30 cm tjukne og så stein eller grus. Funn: flint, kvartsitt, rhyolitt.
Lokalitet 4 består av eit markert lag med trekolhaldig masse, dette ligg vel 400 meter inn frå Hellandsfjorden vel 75 meter opp frå indre del av pollen ved Midtstykkjet. Lokaliteten er avgrensa i flate til vel 11 gange 6 meter og ligg i dag vel 20-30 cm under dagens overflate. Det vart ikkje gjort funn i det kolblanda laget, men det vart konstatert til dels store mengder trekol i massene. Fråveret av gjenstander av stein inne på lokaliteten gjer at denne truleg er yngre enn steinbrukande tid. Det er tatt ut prøvemateriale for radiologisk datering av funnstaden.
Lende og lokalisering: Draget funnstaden ligg i er veldig lunt og varmt, her er høgreist og bein furuskog med lyngvegetasjon i botn. Draget har relativt tjukke moreneavsetningar og strekker seg austover ned til eksisterande brakkvatn i pollen. Nederst i draget er det tett lauvskogvegetasjon. Draget strekker seg over til Hundsryggsundet største høgd er vel 10 meter over havet. I prøvestikk vart det påvist eit relativt tjukt lag med trekol og oske, dette vart avgrensa medprøvestikk og viser seg å vera vel 6 meter i aust-vestleg retning og vel 10-12 meter i nord-sørlegretning. Prøvestikka vart solla i sjøen, men det vart ikkje gjort funn av gjenstander. Strategrafien tyder likevel på at dette truleg er ein førhistorisk lokalitet.
Røys. Rund og fin. På tross av en litt uvanlig plassering synes dette å være en gravehaug. Sirkulær, avflatet lite søkk på toppen. Ca. 10 m i diameter. Ca 0,5 - 1 m høy.
Beskrivelse fra lokalitet:
Funnstaden ligg på eit mindre jordstykke på oppsida av riksveg 13,her er i dag frukthage og grasbakke. Flaten er slakt skrånande med ein mura kant langs med vegen. Stykket vert skilt frå gardstunet av Rv. 13 og ligg klemt mellom vegen og fjellskrenten i austre kant avstykket. Arealet er vel 100 ganger 8 meter delt på to bruk. På bruk 86/2 ligg teigen lett tilgjengeleg frå vegen. Det vart maskinelt avdekt ei sjakt på vel 250 kvadratmeter, eller vel 55 gange 5 meter i snitt.Her vart matjorda med ei tjukne på vel 40 cm. fjerna, og me komned på ein sand og grus haldig botn. Denne var frå grå til raud på farge. I sjakta vart det observert 3 kolhaldige konsentrasjonar, dessevart reinska opp for dokumentasjon. Ein struktur var klart avgrensa og hadde karakter av ein nedgraving mogleg ein eldstad.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Det vart funne tre strukturar i sjakta der ein struktur var klart avgrensa og hadde karakter av å vera ein eldstad/kokegrop. Denne var 1 meter i tverrmål med nokre få steinar synleg i overflata, desse var då plassert i ytterkant avstrukturen. Det vart tatt ut prøve for radiologisk datering som gav ei tidfesting til eldre jernalder. Dei to andre strukturane er mykje meir omrota og mindre klart avgrensa i flaten. Desse vart ikkje undersøkt nærmare i denne samanhengen. I samband med attlegging av sjaktene vart det gjort funnav to flintskiver i sjakta, desse låg laust i overflata utan å kunne setjast i direkte samband mednokre av strukturane i sjakta. Men viser at det er spor etter aktivitet i sjakta utover dei påviste synlege anleggspora. Dateringa gav alderen 1910 +/- 110 BP (Beta-122878), som er i tida kring år 100 etter kristus. Det er gjort eit liknande funn av ein eldstad på Meland rett sør for Kvalnes, her vart det under nydyrking funne ein eldstad, som vart datert til eldre jernalder i tidsrommet eller vel 370 etter kristus.